Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Avtaleinngåinga

  1. På kva område gjeld avtalelova? Avtalelova gjeld berre på formuerettsområdet, jf. § 41. Det vil seie avtalar som direkte gjeld pengar og formue. Lova gjeld derfor ikkje avtalar om personlege forhold, til dømes ein avtale om barnefordeling.
  2. Kva er ei viljeserklæring, og kva skil ei viljeserklæring frå andre utsegner? Ei viljeserklæring er ei utsegn i vid forstand som gir mottakaren rimeleg grunn til å tru at sendaren vil binde seg til ein avtale. Viljeserklæringa kan vere skriftleg, munnleg eller komme til uttrykk på andre måtar, til dømes ved kroppsspråk. Kva som er ei viljeserklæring går fram av rettspraksis.
  3. Frå kva tidspunkt blir ein person bunden av tilbodet sitt? Vis til §. Tilbydaren er bunden av tilbodet sitt frå det tidspunkt tilbodet kom til kunnskap for mottakaren. Etter dette tidspunktet kan tilbodet ikkje kallast attende, jf. avtalelova § 7.
  4. Frå kva tidspunkt blir ein person bunden av aksepten sin? Vis til §. Akseptanten er bunden av aksepten sin frå det tidspunktet aksepten kjem til kunnskap for mottakaren. Etter dette tidspunktet kan aksepten ikkje kallast attende, jf. § 7.
  5. Frå kva tidspunkt ligg det føre gjensidig binding for tilbydar og akseptant? Vis til §. Gjensidig binding ligg føre når både tilbydaren og akseptanten er bundne i medhald av b) og c) ovanfor, jf. § 7. Først på dette tidspunktet er endeleg bindande avtale på plass.
  6. Kor lenge er ein tilbyder normalt bunden av tilbodet sitt? Vis til §§. Tilbydaren er bunden ut akseptfristen, jf. § 2. Akseptfristen blir rekna for halden når aksepten har komme fram innan fristen, han treng ikkje ha komme til kunnskap for mottakaren. Dersom akseptfrist ikkje er sett, må han bereknast etter § 3.
  7. Kva rettsverknader får eit avslag på eit tilbod? Vis til §. Eit avslag opphevar bindinga av tilbydaren, jf. § 5, sjølv om akseptfristen ikkje er ute. Det er viktig å avgjere om ei utsegn skal reknast som viljeserklæring (avslag) eller ein førespurnad, forhandlingsutspel og liknande som ikkje er viljeserklæring.
  8. Kva reglar gjeld for forseinka aksept? Vis til §. Forseinka aksept er som hovudregel å rekne som avslag, jf. § 4(1). Avslaget blir eit nytt tilbod slik at rollene som tilbydar og akseptant blir bytte. Paragraf 4(2) er eit unntak. Dersom akseptanten har grunn til å tru at aksepten kom fram i tide (til dømes ved uvanleg lang sendingstid), og tilbydaren bør forstå at akseptanten trur aksepten kom fram i rett tid, må tilbydaren seie frå dersom han vil gjere gjeldande den seine aksepten. Passivitet vil føre til avtale.
  9. Kva reglar gjeld for avvikande aksept? Vis til §. Avvikande aksept er som hovudregel å rekne som avslag, jf. § 6(1). Avslaget blir eit nytt tilbod slik at rollene som tilbydar og akseptant blir bytte. Paragraf 6(2) er eit unntak. Dersom akseptanten har grunn til å tru at aksepten dekkjer tilbodet (til dømes dersom ubetydelege leveringsvilkår blir endra), og tilbydaren bør forstå at akseptanten trur aksepten er i samsvar med tilbodet, må tilbydaren seie frå dersom han vil gjere gjeldande den avvikande aksepten. Passivitet vil føre til avtale.
  10. Kva vilkår gjeld for tilbakekall av tilbod eller aksept etter «re integra-regelen»? Paragraf 39(2), nytta analogisk, er ein regel om utvida tilbakekallsrett, det vil seie ein rett til å kalle attende eit tilbod eller ein aksept etter at viljeserklæringa kom til kunnskap for mottakaren. Vilkåra er at mottakaren ikkje har innretta seg (vesentleg) etter viljeserklæringa, og at sendaren har ein særleg grunn for tilbakekallinga. Jo kortare tid som har gått, desto lettare er det å konstatere at vilkåra er oppfylte. I nyare rettspraksis fekk ei kvinne kalle attende eit bod på kjøp av leilegheit fire veker etter kunnskapstidspunktet fordi ho vart alvorleg sjuk og mista av den grunn den økonomiske evna si til å gjennomføre avtalen.