Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Tolking og utfylling

  1. Kva vil det seie å tolke ein avtale? Å tolke ein avtale vil seie å fastleggje meiningsinnhaldet i det som faktisk står i avtalen.
  2. Kva vil det seie å utfylle ein avtale? Å utfylle ein avtale vil seie å fastleggje kva partane ville meint om forhold, som ikkje står direkte i avtalen. Eit døme kan vere om sal av hytte inkluderer innbuet, om klede også betyr sko osv.
  3. Kva for prinsipp gjeld for tolking og utfylling av avtalar?

    Dei viktigaste prinsippa er:

    Uklarheitsregelen, eit prinsipp som inneber at avtale ofte blir tolka mot den som burde talt tydelegare. Den som til dømes har kjøpt «nøkkelferdig hus» og meiner at huset skal ha ferdig asfaltert innkøyrsel, vil ikkje få medhald dersom uklarheita om dette blir brukt mot han. Du har sjølv risikoen for å presisere vilkår og føresetnader som ikkje går klart fram av avtaleteksten.

    Formålsregelen, eit prinsipp om at avtalar skal tolkast i samsvar med formålet sitt. Dersom formålet er at bruktbilen skal vere «delebil», vil ein sliten kløtsj truleg ikkje kunne tolkast som mangel ved kjøpet.

  4. Ein hest blir kjøpt for å bli slakta og brukt til pølseproduksjon. Kjøparen ombestemmer seg etter kjøpet og vil bruke hesten til gardsarbeid i staden. Hesten viser seg å vere halt og dermed ubrukeleg til riding eller køyring med kjerre eller annan reiskap. Kjøparen hevar kjøpet på grunn av mangel ved hesten. Korleis skal mangel tolkast på grunnlag av «formålsregelen»? Formålsregelen tilseier at hesten ikkje har mangel.
  5. A kjøper «ei rundreise i Noreg» frå reiseselskapet B. A hevdar å ha krav på at rundreisa også skal gjelde Svalbard og Jan Mayen og viste til Svalbard-lova frå 17.7.1925 og Jan Mayen-lova frå 27.2.1930 som bestemmer at desse områda er ein del av kongeriket Noreg. Korleis skal As krav tolkast i lys av uklarheitsregelen? Uklarheitsregelen tilseier at A berre har krav på ei rundreise i Fastlands-Noreg. Den som meiner å ha krav på reise til Svalbard og Jan Mayen, bør få dette presisert i avtaleteksten.