Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Fullmakt

Kompetansemål

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • bruke reglane om fullmakt

Innhald

Kva er ei fullmakt?
Kvifor nytte fullmakt?
Kvar finn vi lovreglane?
Kven er med i eit fullmaktsforhold, og kven er part i avtalen?
Verknaden av at fullmakta blir brukt
Er det eit fullmaktsforhold?
Kva for fullmaktstypar har vi?
Er fullmakta kalla attende?
Grense for fullmakta
Grense for instruksen og tredjemann si aktsame gode tru
Erstatningsansvaret til fullmektigen
Oppsummering

Kva er ei fullmakt?

  • Ei fullmakt er ein tildelt kompetanse til å inngå ein avtale på vegner av ein annan.
  • Fullmakt kan også skildrast som ein representasjonsrett eller rett til å opptre på vegner av ein annan. Fullmakta gir rett til å opptre i namnet til ein annan.

Ein butikkmedarbeidar har til dømes kompetanse til å selje ei jakke på vegner av butikksjefen. Eit anna døme kan vere at ei dotter legg inn eit bod på ei leilegheit på vegner av mor si.

Til toppen

Kvifor nytte fullmakt?

Praktiske grunnar tilseier at både næringsdrivande og private etter behov må kunne la seg representere av andre. Det er derfor sikker rett at ein person kan gi ein annan fullmakt til å handle for seg i økonomiske forhold.

  • Moderne forretningsliv ville ikkje vere tenkjeleg utan høve til å bruke fullmakt.
    • Ein fabrikkeigar eller eigaren av eit stormagasin kan umogleg inngå alle avtalar i forretninga sjølv.
  • I private forhold kan det også vere praktisk å nytte fullmakt.
    • Dømet ovanfor om dottera som la inn eit bod for mora viser det.

Ei ulempe ved å bruke fullmakt er at ein risikerer å bli bunden i ein avtale ein ikkje ønskte å binde seg til.

Til toppen

Kva finn vi lovreglane?

Ein del viktige reglar om fullmakt finn vi i avtalelova kapittel 2.

Mange spørsmål må også avgjerast etter ulovfesta rett, slik som rettspraksis, forarbeid og juridisk teori. Dette gjeld dei ulovfesta fullmaktstypane og også dei lovfesta fullmaktstypane når du må tolke og utfylle reglane om desse.

Til toppen

Kven er med i eit fullmaktsforhold, og kven er part i avtalen?

3.3_1_nyn.jpg

I eit fullmaktsforhold opptrer desse:

  • Fullmaktsgivar. Det er den som tildeler ein annan kompetanse til å opptre på vegner av seg sjølv. Eit døme kan vere butikksjefen som tildeler kompetanse til butikkmedarbeidaren.
  • Fullmektig. Det er den som blir tildelt denne kompetansen. I dømet er dette butikkmedarbeidaren. Fullmektigen må verken vere myndig eller tilrekneleg.
  • Tredjeperson. Det er den som avtalen blir inngått med, også kalla medkontrahenten eller redjemann. I butikkdømet er dette kunden som kjem inn i butikken og kjøper ei jakke.

Partane i avtalen er:

  • Fullmaktsgivaren (butikksjefen) og tredjepersonen (kunden som kjøper ei jakke).
  • Fullmektigen (butikkmedarbeidaren) opptrer namnet til ein annan og er ikkje part i avtalen.
  • Avtalen som blir inngått, med dei rettane og pliktene som følgjer av han, er derfor bindande for fullmaktsgivaren og tredjepersonen, men ikkje for fullmektigen.

Det karakteristiske for fullmaktsforholdet er derfor at

  • fullmektigen opptrer i namnet til fullmaktsgivaren og for hans rekning …
  • … slik at fullmaktsgivaren og tredjepersonen blir partar i avtalen, mens fullmektigen blir ståande utanfor rettsforholdet.

Kva for rettar og plikter kan fullmektigen få?

  • Plikter: Fullmektigen kan få plikt til å betale erstatning, sjå meir om dette nedanfor.
  • Rettar: Det kan til dømes vere avtalt at fullmektigen skal få provisjon i tillegg til refusjon av eventuelle utgifter i samband med rolla som fullmektig.
Til toppen

Verknaden av at fullmakta blir brukt

Når ein fullmektig bruker fullmakta si, blir fullmaktsgivaren bunden i avtalen, jf. avtalelova § 10(1). Vi skal no sjå nærmare på vilkåra for dette.

Til toppen

Er det eit fullmaktsforhold?

Når fullmektigen bruker fullmakta si, blir «retshandelen ret og pligt umiddelbart for fuldmagtsgiveren» stifta, jf. avtalelova § 10. Fullmektigen står utanfor avtalen.

  • Dette føreset at fullmaktsgivaren har tildelt fullmektigen kompetanse. I motsett tilfelle kan ikkje fullmaktsgivaren bli bunden av ein avtale som er inngått av fullmektigen.
  • Ein annan føresetnad er at fullmektigen faktisk har nytta fullmakta og opptredd i namnet til fullmaktsgivaren. Dersom fullmektigen har handla i eige namn, blir fullmaktsgivaren ikkje bunden av avtalen. Dette følgjer av avtalelova § 10(1) «i fuldmagstsgivers navn».
Til toppen

Kva for fullmaktstyper har vi?

Ei fullmakt er som nemnt ein tildelt kompetanse til å inngå ein avtale på vegner av ein annan. I staden for «tildeling» kan du bruke ord som «etablering» eller «stifting» av fullmakta.

Sjølve kompetansetildelinga skjer ved ei viljeserklæring frå fullmaktsgivaren til fullmektigen. Det er måten fullmektigen får fullmakta på, som avgjer kva type fullmakt det er. Det gjeld ingen særlege reglar om måten fullmakt skal stiftast på – dette bestemmer fullmaktsgivaren sjølv.

Vi kan tenkje oss at Lars Holm er fullmaktsgivar, Peder Ås er fullmektig og Marte Kirkerud er tredjeperson. Lars Holm kan gi Peder Ås fullmakt på desse måtane:

Stillingsfullmakt

Det blir kalla stillingsfullmakt når fullmaktsgivaren har plassert fullmektigen i ei stilling som ”efter lov og sedvane medfører beføielse for ham til indenfor visse grænser at handle paa den andens vegne”, jf. avtalelova § 10(2).

  • Her kan vi tenkje oss at Lars Holm har tilsett Peder Ås som ekspeditør. Peder Ås har da fullmakt til å inngå slike avtalar som det er vanleg at ein ekspeditør gjer, som til dømes å selje varene i butikken.
  • Eit anna døme er stillinga som dagleg leiar i eit selskap og fullmakta hans til å handle på vegner av selskapet, jf. aksjelova § 6-32 og selskapslova § 2-21. Det kan også vere fullmakta ein skipsførar har fått til å inngå avtalar som gjeld bevaring av skipet, jf. sjølova § 137, eller fullmakta ein advokats har fått til å oppgi eit krav på vegne av klienten sin, jf. RT-1983-281.

Fråsegnsfullmakt

Når ein tredjemann får ein sikker beskjed om at fullmektigen har evne til å handle på vegner av fullmaktsgivaren, er det ei fråsegnsfullmakt.

I dømet vårt kan dette skje ved

  • ei erklæring frå Lars Holm til Marte Kirkerud om at Peder Ås har fullmakt til å handle for han, jf. avtalelova § 13z
  • at Lars Holm averterer i avisa at Peder Ås har fullmakt, jf. avtalelova § 14
  • at Lars Holm lèt det stå om fullmakta i eit dokument som Peder Ås kan vise Marte Kirkerud, jf. avtalelova § 16

NB! Det sentrale kjenneteiknet på fråsegnsfullmakter er at dei er meinte å blir viste fram til ein tredjeperson, sjølv om dei faktisk ikkje blir det.

Oppdragsfullmakt

Oppdragsfullmakt er også kalla «§18-fullmakt» eller «munnleg fullmakt». Denne fullmakta kan også bli gitt skriftleg.

Oppdragsfullmakta blir stifta ved at fullmaktsgivaren seier til fullmektigen at han har myndigheit i ein spesiell samanheng. Fullmakta kan også bli gitt skriftleg, men ho er ikkje meint å bli vist fram til ein tredjeperson. Kjenneteiknet er at fullmakta berre er gitt til fullmektigen og ikkje til ein tredjeperson, jf. avtalelova § 18 og «bare meddelt (…) til fuldmægtigen».

  • Marte Kirkerud må velje å stole på at Peder Ås har den fullmakta han seier at han har.

Grensa mellom fråsegns- og oppdragsfullmakter

  • Dersom fullmaktsgivaren har gitt beskjed til tredjepersonen, er det heilt klart ei fråsegnsfullmakt. Blir beskjeden berre gitt til fullmektigen, er det like klart ei oppdragsfullmakt.
  • Dersom fullmakta er skriftleg og det for tredjepersonen er grunn til å tru at ho er meint å bli vist fram, er det ei fråsegnsfullmakt. Dette gjeld sjølv om ho ikkje blir vist fram. Det er motsett dersom dokumentet blir vist fram, men ser ut som eit privatbrev. Da er det ei oppdragsfullmakt.
  • Eit døme: I eit brev fortel ein venn korleis det går med jobben, familien og andre private ting. Samstundes gir vennen deg fullmakt til å kjøpe ein bil til kr 25 000. Dette er ei oppdragsfullmakt sjølv om brevet blir vist fram. Dersom vennen set maksprisen ned til kr 20 000 etterpå og bilen blir kjøpt til kr 25 000, er ikkje avtalen bindande for vennen.

Toleransefullmakt

«Viljeserklæringa» i ei toleransefullmakt er passiviteten til fullmaktsgivaren. Denne typen fullmakt er ulovfesta. I ein dom som lagmannsretten gav (LB-2008-118846), blir krava for toleransefullmakt som fører til bindande avtale basert på passivitet, gjennomgått. Her blir det sagt:

  • «Et sentralt element i en toleransefullmakt er at den etableres over tid, hvor den angivelige fullmektigen flere ganger har opptrådt på vegner av hovedmannen uten at hovedmannen har reagert. Dette skal skje etter en interesseavveining mellom fullmaktsgiver og tredjeperson.»
    • For det første må tredjepersonen vere i aktsam god tru, anten fordi han ikkje veit at fullmektigen ikkje har kompetanse, eller fordi han har fått ei rettkommen forventning.
    • For det andre må fullmaktsgivaren kjenne til avtaleinngåinga, slik at han har høve til å reagere.
    • For det tredje må fullmaktsgivaren halde seg passiv.
    • For det fjerde må tredjepersonen ha innretta seg etter avtalen.
  • I dømet vårt har Peder Ås over ei viss tid gjort disposisjonar i Lars Holms namn utan at han har vorte tildelt ei fullmakt. Likevel kan vi seie at han har fullmakt dersom Lars Holm kjende til dette utan å ha protestert på avtalane. Marte Kirkerud har da fått ei rettkommen forventning om at Peder Ås har fullmakt. Dersom Marte Kirkerud veit at Ås ikkje har kompetanse, er det ingen grunn til å verne henne.

Kombinasjonsfullmakt

Kombinasjonsfullmakta har til felles med toleransefullmakta at ho vernar dei rettkomne forventningane til tredjepersonen, og at ho er ulovfesta. Men for kombinasjonsfullmakta er det ulike omstende som til saman gir tredjepersonen ei rettkommen forventning og grunn til å tru at han handla med ein representant som kunne binde ein oppdragsgivar. Kva for omstende dette kan vere, må vurderast konkret av domstolane.

  • RT-2011-410 Optimogården: Ein avdelingsleiar inngjekk ein 5-årig leigeavtale for Ernst & Young. Avdelingsleiaren hadde verken stillingsfullmakt eller oppdragsfullmakt til å binde selskapet. Likevel kom Høgsterett til at det her låg føre ei kombinasjonsfullmakt. Dei forholda som gav tredjepersonen rettkomne forventningar, var
    • at avdelingsleiaren var partnar i firmaet
    • at kontraktutkastet var lese og kommentert av kontorsjefen
    • at avtalen var avgrensa: liten sum i forhold til storleiken på selskapet og varigheita på kontrakten
  • I ein nyare høgsterettsdom frå 2016 (HR-2016-00476-A) var spørsmålet om kommunen var bunden av avtale som administrasjonssjefen hadde inngått med Danske Bank. Høgsterett slo fast at administrasjonssjefen ikkje kunne binde kommunen med grunnlag i stillingsfullmakta si. Det følgde verken av kommunelova eller av sedvane. Høgsterett vurderte så om administrasjonssjefen var legitimert på ulovfesta grunnlag – om det låg føre ei kombinasjons- eller toleransefullmakt. Det vart vist til RT-2011-410 Optimogården og juridisk teori. Her er nokre av Høgsteretts utsegner om kombinasjonsfullmakt:
    • Uttrykket kombinasjonsfullmakt er brukt som betegnelse på forhold der det etter de vanlige fullmaktsregler vanskelig kan sies å foreligge fullmakt, men der rettsreglene beskytter forventningene hos en tredjemann som ut fra forskjellige omstendigheter i samvirke har hatt grunn til å tro at han handlet med en representant som kunne binde en oppdragsgiver.
    • (…) det avgjørende er – uansett betegnelse – om medkontrahenten har fått berettigede forventninger om at vedkommende hadde fullmakt.
    • (…) Tendensen i norsk rett er nok at domstolene lar fullmaktsvirkninger inntreffe i tilfelle hvor de finner at tredjemann har hatt grunn til å regne med en viss fullmakt, når den påståtte fullmaktsgiveren må sies å ha medvirket til å skape slike forventninger hos tredjemann. Og opptrer B på en slik måte og under slike omstendigheter at man etter livets alminnelige regel må gå ut fra at han presenterer A som sin fullmektig, bør det ikke være tvil om at det skapes en fullmakt for A, selv om det kan være problematisk å påvise noen virkelig disposisjon fra B’s side.
    • (…) For at det skal foreligge toleranse- eller kombinasjonsfullmakt, må de legitimerende omstendighetene være skapt ved handlinger eller unnlatelser fra personer eller av organ som har kompetanse til å forplikte avtaleparten – i vårt tilfelle kommunestyret – og de må være etablert før avtaleinngåelsen.
  • Høgsterett meinte at sjølv om det alt var inngått ein avtale tidlegare, og kommunen hadde vore passiv i forhold til den avtalen administrasjonssjefen hadde inngått no, var det ikkje etablert ei kombinasjonsfullmakt. Det var fordi:
    • Om forventningane til tredjepersonen: Banken kjende ikkje til forholda rundt den første avtalen og kunne derfor ikkje ha ei rettkommen forventning om at administrasjonssjefen kunne forplikte kommunen.
    • Om kjennskapen fullmaktsgivaren hadde til avtalen: Kommunen var ikkje kjend med avtalen før han vart inngått, og kunne ikkje reagere.

Skiljet mellom sjølvstendige og usjølvstendige fullmaktstypar

Sjølvstendige fullmakter er synlege for tredjepersonen. Dette er til dømes stillings- og fråsegnsfullmakter. Usjølvstendige fullmakter er fullmakter som kjem fram med ord frå fullmektigen, slik som ved oppdragsfullmakta.

Til toppen

Er fullmakta kalla attende?

Fullmaktsforholdet gjeld til fullmakta er kalla attende.

  • Unntak: Fullmakter kan vere «ugjenkallelig», det vil seie vare for alltid. Dette er sjeldan, og det kan stride mot ærbarheit å binde seg på denne måten, jf. NL 5-1-2.
  • Unntak: Tidsbestemt eller oppdragsbestemt fullmakt fell bort av seg sjølv når tida har gått ut eller oppdraget er utført.
  • Unntak: Dersom fullmaktsgivaren blir umyndiggjord, døy eller går konkurs, jf. avtalelova §§ 22–24.

Sjølve tilbakekallinga er – som stiftinga – ikkje formbunden og kan gjerast fritt. Likevel er det viktig at tredjemenn må få nødvendig beskjed. Dette fører til at fullmakter som regel blir kalla attende på same måten som dei vart gitt, jf. avtalelova § 12.

  • For stillingsfullmakter må fullmektigen fjernast frå stillinga, jf. avtalelova § 15.
  • For fråsegnsfullmakter må ei erklæring om tilbakekall bli gitt som ei ny erklæring, jf. avtalelova § 13. Ei fullmakt som er gitt per annonse, må kallast attende per annonse, jf. avtalelova § 14. Eit skriftleg dokument må bli gitt attende eller øydeleggjast, jf. avtalelova § 16. Dersom det ikkje lykkast å få att dokumentet, kan det erklærast makteslaust, jf. avtalelova § 17.
  • For oppdragsfullmakter er det nok å seie til fullmektigen at fullmakta ikkje gjeld lenger, jf. avtalelova § 18.
Til toppen

Grense for fullmakta

3.3_2_nyn.jpg

Grense for fullmakta: Kva fullmektigen er legitimert til å gjere.

Den ytre sirkelen er «synleg» for ein tredjeperson og førestiller grensa for fullmakta. Grensa for fullmakta er den kompetansen fullmektigen ser ut til å ha for omverda. Denne grensa er også kalla «det ytre skinet av rett» eller fullmektigen sin legitimasjon.

Dersom avtalen ligg innanfor grensa for fullmakta, blir han bindande for fullmaktsgivaren. Det følgjer av avtalelova § 10(1): «Foretar fuldmægtigen en retshandel i fuldmagtsgiverens navn og indenfor fuldmagtens grænse stifter retshandelen ret og pligt umiddelbart for fuldmagtsgiveren.»

  • Døme: Retten til å selje eit hus er synleg for tredjepersonen. Ein slik avtale blir bindande. Da fell det utanfor grensa for fullmakta å selje bilen til fullmaktsgivaren. Ein slik avtale blir ikkje bindande.
  • Fullmektigen kan ha fått ei prisgrense som ikkje er synleg for tredjepersonen. Dette er derfor ikkje ein del av grensa for fullmakta og den legitimasjonen fullmektigen har. Prisgrensa høyrer til den interne instruksen så lenge ho er usynleg. Sjå nedanfor om grensa for instruksen.

Spørsmålet er derfor kor langt grensa for fullmakta går. Sagt på ein annan måte: Kor langt strekkjer evna til fullmektigen seg til å binde fullmaktsgivaren? Dette er avhengig av kva type fullmakt som ligg føre.

For stillings- og fråsegnsfullmakter der fullmaktsgivaren har gjort tredjepersonen kjend med fullmakta, kan tredjepersonen halde seg til det som går fram av henne.

Grensa for stillingsfullmakta følgjer av avtalelova § 10(2), og dei lovreglane som gjeld elles for den aktuelle stillinga. Det heiter seg at fullmektigen her er legitimert til å inngå avtalar som etter lov og sedvane går inn under kompetanseområdet til stillinga. Grensa må avgjerast konkret ut frå kva tredjepersonen synest ligg innanfor kompetanseområdet til stillinga.

Butikkmedarbeidaren kan selje varene i butikken, men ikkje dei private bøkene til sjefen eller inventaret i butikken.

Grensa for fråsegnsfullmakta følgjer av kva som kan tolkast ut frå det som er sagt eller skrive til tredjepersonen. Høgsterett har uttalt at legitimasjonen blir bestemt av «hva tredjeperson med rimelighet kan legge i meddelelsen». Ein som har fråsegnsfullmakt til å kjøpe ein båt, kan ikkje kjøpe ein bil.

For oppdragsfullmakter der fullmaktsgivaren berre har sagt frå om fullmakta til fullmektigen, og der tredjemann berre held seg til det fullmektigen seier, rekk fullmakta ikkje lenger enn det fullmaktsgivaren har sagt til fullmektigen.

  • Her fell grensene for fullmakta – det ytre skinet av rett – saman med grensene for den faktiske retten hans. Dersom fullmektigen ikkje held seg til det fullmaktsgivaren har sagt, blir avtalen ugyldig. Ein tredjeperson må her stole på at fullmektigen har den fullmakta han seier at han har. Det kan derfor vere vanskeleg for tredjepersonen å vere heilt sikker på dette, når han berre har fullmektigen sitt ord å halde seg til. Men her kan fullmektigen bli erstatningsansvarleg dersom han ikkje har den fullmakta han seier han har, jf. avtalelova § 25. Derfor treng ikkje tredjepersonen gå så grundig til verks for å undersøkje omfanget av fullmakta. Les meir nedanfor om det erstatningsansvaret fullmektigen har.
Til toppen

Grense for instruksen og tredjemann si aktsame gode tru

3.3_3_nyn.jpg

Grense for instruksen: Kva ein fullmektig har rett til å gjere.

Den indre sirkelen er berre synleg for fullmaktsgivaren og fullmektigen og førestiller grensa for instruksen. Denne grensa er den retten fullmektigen reint faktisk har, og ho er også kalla «den materielle retten». I avtalelova blir instruksar kalla «forskrifter». Instruksen er den interne avtalen mellom fullmaktsgivaren og fullmektigen, som ein tredjeperson ikkje får beskjed om.

  • Døme på instruksar kan vere pris, kvalitet, farge, tilleggsutstyr og plassering. Fullmektigen kan ha rett til å selje eit hus, men ikkje for mindre enn kr 450 000.

Hugs: Dersom desse instruksdøma kjem til uttrykk i ei fråsegnsfullmakt, er dei ikkje lenger interne, men derimot ein del av grensa for fullmakta fordi dei er kjende for tredjepersonen.

  • Døme: Det står i sjølve fullmaktsdokumentet at nedre pris er kr 450 000. Her fell grensene for rett og legitimasjon saman.

Hugs også: Det avgjerande er om instruksen er meint å vere intern mellom fullmaktsgivaren og fullmektigen.

For stillings- og fråsegnsfullmakter blir avtalen dermed bindande dersom fullmektigen har halde seg innanfor grensene for fullmakta.

Kva dersom fullmektigen har brote instruksen?

Ein tredjeperson vinn likevel rett etter avtalen når fullmektigen handlar innanfor grensa for fullmakta, utan omsyn til om fullmektigen handlar i strid med instruksane frå fullmaktsgivaren.

  • Har ein kjøpt varer av butikkbetjenten, er salet bindande sjølv om han har selt billigare enn sjefen har sagt. Og viser Peder Ås fram ei skriftleg erklæring frå Lars Holm som gir han ei fullmakt til å kjøpe ei leilegheit for Holm, sluttar han eit bindande kjøp sjølv om Holm har forbode han å by så høgt som han gjorde.

Unntak blir gjort der tredjemann forstod eller måtte forstå at fullmektigen braut instruksen, jf. avtalelova § 11(1): «Har fuldmægtigen handlet i strid med forskrifter som fuldmagtsgiveren har gitt ham, og forstod tredjemand dette eller burde han ha forstaat det, blir rettshandelen ikke bindende, selv om den ligger indenfor fuldmagten.»

  • Dersom Lars Holm forstår eller bør forstå ut frå forholda at Peder Ås byr for høgt i leilegheitsdømet ovanfor, blir avtalen likevel ikkje bindande.

Instruksoverskridinga angår tredjepersonen berre når han har vore i vond tru, det vil seie visste eller burde forstått at fullmektigen gjekk ut over instruksen. Grunnen til at fullmaktsgivaren er bunden trass i instruksbrot, er at det er fullmaktsgivaren som er årsaka til at tredjepersonen kan oppfatte det slik at fullmektigen heldt seg innanfor instruksen.

  • Døme: Fullmaktsgivaren gir fullmektigen eit dokument som han skal vise til tredjepersonen om at fullmektigen har rett til å selje huset. Fullmaktsgivaren gir beskjed til fullmektigen om at prisen ikkje må vere lågare enn kr 450 000. Grunnen til at dette ikkje blir skrive i dokumentet, er at fullmaktsgivaren i så fall ikkje kan håpe på å få meir enn kr 450 000. Dersom fullmektigen sel huset for kr 420 000, vil tredjepersonen ikkje ha grunn til å tru at dette ikkje er i orden sidan dokumentet ikkje seier noko om pris. Det er derfor rimeleg at fullmaktsgivaren blir bunden, sjølv om instruksen er broten.
    Er tredjepersonen i vond tru om instruksbrotet, er det derimot ingen grunn til å verne han på «fullmaktsgiverens bekostning», jf. avtalelova § 11(1). Dersom huset i dømet blir selt så billig at det bør vekkje mistanke hos tredjepersonen, er han ikkje i aktsam god tru.

For oppdragsfullmakter er det som nemnt ingen skilnad mellom den materielle retten og legitimasjonen. Sirklane fell saman. Grensa for instruksen er grensa for fullmakta. Dersom fullmektigen har brote instruksen, har han brote fullmakta. Sjølv om tredjepersonen er i god tru om instruksbrotet, blir han ikkje verna fordi fullmektigen ikkje har halde seg innanfor grensene for fullmakta. Avtalelova § 10(1) seier da at avtalen ikkje blir bindande. Vi har også regelen i avtalelova § 11(2) som seier at sjølv om tredjepersonen var i aktsam god tru om instruksbrotet, blir avtalen ikkje bindande når det gjeld bruk av oppdragsfullmakter. Det følgjer av «gjælder det samme, selv om tredjemand var i god tro». «Det samme» peiker attende på § 11(1) og rettsverknaden om at avtalen blir «(…) ikke bindende».

Det spesielle ved oppdragsfullmakt er dette:

  • Instruksen er den same som sjølve fullmakta. Alle brot på instruks vil også vere eit brot på fullmakta.
  • Dersom fullmektigen har brote dei instruksane han har fått, vil fullmaktsgivaren vere ubunden av avtalen, sjølv om tredjepersonen var i aktsam god tru.

Årsaka til at lovgivaren prioriterer å verne fullmaktsgivaren, noko som vil gå utover tredjepersonen, er forma på fullmakta: Tredjepersonen har likevel berre fullmektigen sitt ord å halde seg til når det er spørsmål om han har fullmakt. Da må han også ta det på si kappe når han stoler på opplysningane frå fullmektigen om omfanget fullmakta har. Dette er risikabelt for tredjepersonen, som kan risikere at avtalen ikkje er bindande sjølv om han er i god tru. Men her blir normalt fullmektigen erstatningsansvarleg til tredjepersonen etter avtalelova § 25.

Til toppen

Erstatningsansvaret til fullmektigen

Til tredjeperson

Dersom fullmektigen har handla utanfor fullmakta, blir ikkje fullmaktsgivaren bunden. Tredjepersonen kan da lide eit økonomisk tap ved å «miste» avtalen. Etter avtalelova § 25 kan fullmektigen bli erstatningsansvarleg for dette tapet.

Vi kan tenkje oss at Peder Ås, på bakgrunn av ei oppdragsfullmakt, kjøper ei hytte for Lars Holm for kr 100 000. Dette er ein høgare pris enn den han hadde fått beskjed om, og avtalen er da ikkje bindande for Lars Holm. Seljaren, Marte Kirkerud, må selje hytta for kr 75 000 til ein annan. Det økonomiske tapet er på kr 25 000. Dette tapet kan Marte Kirkerud krevje erstatta av Peder Ås, jf. avtalelova § 25.

Unntak frå erstatningsregelen blir gjort der tredjepersonen forstod eller burde ha forstått at sjølve fullmakta ikkje var i orden. Unntak blir også gjort der fullmakta ikkje var gyldig av årsaker fullmektigen ikkje kjende eller burde kjenne til. Fullmektigen slepp altså erstatningsansvar der han har opptredd aktsamt.

Dersom fullmektigen ikkje har pengar til erstatningsbeløpet, må tredjepersonen dekkje tapet sjølv. Sjølv om ein fullmektig kan vere både umyndig og utilrekneleg, må han vere myndig og tilrekneleg for å bli erstatningspliktig etter avtalelova § 25.

Til fullmaktsgivaren

Lars Holm kan også velje å godta avtalen i dømet med oppdragsfullmakt ovanfor likevel. Kanskje han tenkjer at det er skadeleg for forretningsryktet hans å ikkje halde avtalar, sjølv om han kan forsvare seg med ugyldigheit. Eller vi kan tenkje oss at Peder Ås har ei fråsegnsfullmakt, og at Lars Holm blir bunden i ein avtale fordi Marte Kirkerud var i aktsam god tru om Peders Åses instruksbrot.

I begge tilfella kan Peder Ås bli erstatningsansvarleg til Lars Holm for økonomisk tap etter dei alminnelege erstatningsreglane.

Dersom Peder Ås var 17 år da han inngjekk avtalen, er ansvarsgrunnlaget skadeserstatningslova § 1-1. Er han over 18 år, er det den ulovfesta skuldregelen (culpa-regelen) som gjeld.

NB! Legg merke til at i dette tilfellet må ikkje fullmektigen vere myndig for å få erstatningsansvar. Det er i motsetning til det som står i avtalelova § 25.

Til toppen

Oppsummering

Hovudspørsmålet er om ein avtale som er inngått ved ein fullmektig, blir bindande for fullmaktsgivaren og tredjepersonen.

For å ta stilling til dette må vi undersøkje fleire forhold. Desse er:

  • Er det eit fullmaktsforhold?
    • Fullmaktsgivaren må ha tildelt fullmektigen kompetanse. Dersom dette ikkje har skjedd, kan ikkje fullmaktsgivaren bli bunden av ein avtale som er inngått av ein annan.
    • Fullmakta må vere brukt. Dersom fullmektigen har handla i eige namn, kan ikkje fullmaktsgivaren bli bunden.
  • Kva type fullmakt som ligg føre.
    Utan å identifisere dette er det vanskeleg å vurdere grensa for fullmakta og om det er relevant å vurdere om tredjepersonen var i god eller vondi tru.
  • Er fullmakta kalla attende?
  • Ligg avtalen innanfor grensa for fullmakta?
  • Er instruksen broten?
  • Dersom instruksen er broten: Var tredjepersonen i aktsam, god tru om instruksbrotet?
    • Dette spørsmålet er ikkje aktuelt for oppdragsfullmakter fordi for dei er grensa for fullmakta og instruksen den same.