Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 70

  1. Kva er vilkåret for at ein kjøpar skal kunne krevje noko av seljaren når han meiner at vara ikkje er som ho skal?

    Det må liggje føre ein mangel etter forbrukarkjøpslova §§ 15–17, mangelen må ha vore der ved leveringa, jf. § 18(1), og kjøparen må ha vist til mangelen gjennom ein reklamasjon innanfor fristane lova set, jf. § 27(1). Det blir gjort nærmare greie for fristane i svaret til spørsmål 2.

  2. Kor raskt må kjøparen reklamere for ikkje å tape rettane sine?

    Ein reklamasjon skal som hovudregel skje innan rimeleg tid etter at mangelen er oppdaga. Hensikta med ein kort og rimeleg reklamasjonsfrist er grunngitt med at seljaren har behov for å få vite om mangelen så raskt som mogleg. Minste rimeleg reklamasjonstid er to månader, jf. § 27(1) siste punktum. Ein forbrukar som ikkje reklamerer innan rimeleg tid etter oppdaginga, taper retten til å gjere eit kontraktsbrot gjeldande, jf. forbrukarkjøpslova § 27(4). Forbrukaren må som hovudregel også reklamere innan to år etter leveringa. Dersom vara er meint å vare vesentleg meir enn to år, må han eller ho reklamere innan fem år, jf. § 27(2).

  3. I kor stor grad kan kjøparen halde kjøpesummen attende?

    Dersom vara har mangel, kan ein forbrukar halde kjøpesummen attende, men berre eit beløp som skal dekkje tapet, jf. § 28. Har ein forbrukar til dømes kjøpt eit TV-apparat som har ein feil, kan forbrukaren halde attende eit beløp som kan dekkje reparasjonskostnadene. Regelen er eit uttrykk for eit generelt prinsipp i kontraktsretten om yting mot yting.

  4. Når kan kjøparen krevje at seljaren reparerer vara?

    Ein forbrukar kan krevje retting (reparasjon) etter forbrukarkjøpslova § 29. Dette alternativet er likevel berre aktuelt dersom det er mogleg å reparere vara. Seljaren kan også fritakast for reparasjonsplikt dersom rettinga påfører han urimelege kostnader. Kva som er urimelege kostnader blir avgjort etter ei skjønnsmessig vurdering av fleire faktorar, jf. § 29.

  5. Når kan kjøparen krevje ny vare?

    Hovudregelen er at retting av mangel skal skje utan kostnad og urimeleg ulempe for forbrukaren, og forbrukaren treng ikkje finne seg i meir enn to rettingsforsøk, sjå § 30(2). Dersom det andre rettingsforsøket er mislykka, kan forbrukaren krevje at forsøka blir stansa. Det vil seie at forbrukaren kan krevje ny vare (omlevering).

    I Støvlettdommen (RT-2009-179) fall hælen av ein støvlett. Reparasjon kosta kr 65, mens nye støvlettar kosta kr 450. Forbrukaren fekk ikkje omlevering. Omlevering ville føre til urimeleg kostnad for seljaren når støvlettane kunne bli reparerte for kr 65. Forbrukaren måtte godta reparasjon.

    Denne dommen viser at det er dei same formelle krava for retting og omlevering. Ingen av delane må føre til at seljaren får urimelege kostnader, men kostnaden kan vere forskjellige for dei to krava. Forbrukaren kan derfor ikkje utan vidare velje mellom dei to krava.

  6. Når kan kjøparen krevje prisavslag?

    Ein forbrukar kan krevje prisavslag etter forbrukarkjøpslova § 31. Denne regelen føreset at tingen har ein mangel, men mangelen treng ikkje å vere vesentleg. Sjølv bagatellar kan gi grunnlag for prisavslag berre dei kan karakteriserast som manglar.

    Hovudregelen er at mangelen reduserer verdien av tingen. Men det er ikkje alltid tilfellet. Særlege grunnar kan også gi prisavslag basert på kva mangelen får å seie for forbrukaren, jf. § 31(2). Er det til dømes levert ein grå bil, men kjøpsavtalen seier at bilen skulle vere blå, kan retten gi eit høveleg prisavslag der det mellom anna blir lagt vekt på kva mangelens betyr for forbrukaren.

  7. Kva for krav må vere oppfylte for at kjøparen kan heve kjøpet?

    Heving av eit kjøp inneber at plikta partane har til å oppfylle kjøpet, fell bort, jf. § 49. Er vara motteken og kjøpesummen betalt, skal det som er motteke, leverast attende.

    Vilkåret for heving etter § 32 er at vara har ein ikkje uvesentleg mangel, jf. forbrukarkjøpslova § 32. I RT-2015-321 vart ein bil seld «som ny». Ved levering viste det seg at bilen hadde gått over 500 km. Trass i den beskjedne køyrelengda vart dette sett på som ein ikkje uvesentleg mangel, som gav forbrukaren rett til å heve kjøpet.

  8. Kva vilkår må vere oppfylte for at kjøparen kan krevje erstatning for tap på grunn av ein mangel?

    Forbrukaren kan krevje erstatning for det tapet som mangelen påfører han. Ansvarsgrunnlaget i § 33 er objektivt. Det krevst berre at det ligg føre ein mangel som har ført til tap for forbrukaren. Det er ikkje krav om skuld frå seljaren si side. Ansvaret kan bli avgrensa som følgje av § 52. Erstatningskravet kan setjast fram i tillegg til andre krav. Forbrukaren kan til dømes heve kjøpet og krevje å få erstatta meirutgiftene ved å kjøpe ei tilsvarande, mangelfri vare hos ein annan seljar.