Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 38–39

2.2.1

Spørsmålet er om seljaren eller forbrukaren hadde risikoen da ulykka skjedde. Sidan dette er eit forbrukarkjøp skal spørsmålet løysast på grunnlag av reglane i forbrukarkjøpslova om risikoovergang, jf. § 14.

Kjøpet er eit sendekjøp der det vart avtalt at seljaren skulle ta kontakt med eit transportfirma og sørgje for frakt frå Kristiansand til Oslo. Etter § 14(4) første setning er hovudregelen at risikoen går over til forbrukaren når han eller ho får hand om vara. Unntaksregelen om risikoovergang ved overlevering til fraktførar gjeld berre dersom forbrukaren sjølv har gitt fraktføraren transportoppdraget. I dette tilfellet var det seljaren og ikkje forbrukaren som gav fraktføraren transportoppdraget. Risikoen skal derfor plasserast i medhald av hovudregelen. Seljaren, Designbo AS, hadde derfor risikoen når ulykka skjedde. Forbrukaren, Lars, er ikkje forplikta til å betale kjøpesummen før ny stol blir levert.

2.2.2

Spørsmålet er om seljaren eller forbrukaren hadde risikoen da vindauga vart stolne. Kjøpet er eit forbrukarkjøp, og spørsmålet skal løysast på grunnlag av reglane i forbrukarkjøpslova om risikoovergang, jf. § 14.

Kjøpet er eit hentekjøp. Det skal hentast hos seljaren, og da går risikoen for tap eller skade som skuldast «egenskaper ved tingen selv» over til forbrukaren ved unnlaten henting for ting som er stilte til disposisjon, jf. § 14(1) andre setning. I dette tilfellet vart vindauga stolne. Risikoen for slik hending blir ikkje ramma av regelen.

Det er opplyst at vindauga skulle hentast på lageret til seljaren. Nokre vil kanskje problematisere om dette er ein annan stad enn hos seljaren. Risikoen i slike tilfelle går over når leveringstida er inne og forbrukaren er kjend med at tingen står til hans disposisjon. Lageret kan jo vere ein annan stad enn i forretningslokalet til seljaren. Regelen om henting ein annan stad enn hos seljaren kan vi gå ut frå vil ramme henting på stader som ikkje tilhøyrer seljaren, til dømes når ei vare skal hentast på ein bensinstasjon, ein transportterminal eller liknande. Eg går derfor ut frå at § 14(2) ikkje kan nyttast på dette forholdet.

Det er etter dette klart at tjuveriet var seljaren sin risiko. Ida har framleis krav på levering av tilsvarande vindauge.

2.2.3

Spørsmålet er om seljaren eller forbrukaren hadde risikoen for at kaka vart sur og ikkje etande.

Kjøpet er eit forbrukarkjøp, og tvisten skal løysast på grunnlag av reglane i forbrukarkjøpslova om risikoovergang, jf. § 14.

Kjøpet er eit hentekjøp. Når forbrukaren ikkje hentar vara som avtalt, er hovudregelen at seljaren framleis har risikoen inntil tingen er overteken av forbrukaren, jf. § 14(1) første setning. Dette tilfellet kan subsumerast under unntaksregelen i § 14(1) andre setning, som seier at forbrukaren likevel har risikoen for tap eller skade som skuldast eigenskapar ved tingen sjølv, til dømes rotning. Det er nettopp eit slikt tap som det ser ut til å ha vore her.

Det kan problematiserast om hendinga skuldast seljaren, jf. § 13. Risikoreglane gjeld for tap eller skade som følgje av hending som ikkje skuldast seljaren. Seljaren har etter forbrukarkjøpslova § 60 omsorgsplikt for vara. Dersom han kunne unngått tapet ved å setje kaka i eit kjøleskap eller fryst henne ned, er det han og ikkje forbrukaren som har risikoen. Det er derfor forsvarleg å komme fram til at kaka var seljaren sin risiko.