Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 107

  1. Kva rettslig status har Svartelista?

    Svartelista, som inneheld konkrete marknadsføringstiltak som alltid skal reknast som ulovlege og i strid med §§ 6–9, er vedteken som forskrift til marknadsføringslova med heimel i marknadsføringslova § 6 femte ledd. Ho er derfor gjeldande lov, ikkje berre tilrådingar.

  2. I kor stor grad kan ein forbrukar reservere seg mot å ta imot reklame?

    Etter marknadsføringslova § 12 kan forbrukaren reservere seg mot marknadsføring ved telefon eller adressert post. Det er derfor oppretta eit reservasjonsregister i Brønnøysundregisteret der forbrukarane kan melde inn at dei reserverer seg mot marknadsføring ved telefon eller adressert post. Det er forbode å rette marknadsføring mot personar som har registrert seg i dette registeret.

  3. Kva er hovudregelen om marknadsføring med elektroniske hjelpemiddel?

    Marknadsføring ved elektronisk post og telefaks er forboden etter § 15 med mindre mottakaren har gitt samtykke på førehand. Kravet om samtykke gjeld likevel ikkje ved marknadsføring ved e-post i eksisterande kundeforhold der den næringsdrivande har fått e-postadressa til kunden i samband med sal. Munnlege førespurnader på telefon er likevel tillatne etter § 15 andre ledd, men da berre avgrensa til visse tidspunkt, sjå § 14. På laurdagar, søndagar og virkedagar etter kl. 21.00 og før kl. 09.00 er telefonmarknadsføring ikkje tillaten.

  4. Må ein forbrukar godta å få marknadsføringsførespurnader på telefon?

    Etter marknadsføringslova § 15 er det forbode i næringsverksemd, utan samtykke frå mottakaren på førehand, å rette marknadsføringsførespurnader til fysiske personar via elektroniske metodar som tillèt individuell kommunikasjon, til dømes elektronisk post, telefaks eller automatisert oppringingssystem (talemaskin). Krav om samtykke på førehand gjeld likevel ikkje for marknadsføring der den fysiske personen blir kontakta munnleg ved telefon. Krav om samtykke på førehand gjeld heller ikkje marknadsføring ved elektronisk post i eksisterande kundeforhold der den næringsdrivande avtaleparten har fått den elektroniske adressa til kundane i samband med sal.

  5. I kor stor grad er utloddingar, konkurransar osv. forbodne i marknadsføringa?

    Etter marknadsføringslova § 18 er det ikkje forbode i næringsverksemd å prøve å fremje omsetninga av ytingar ved å setje i verk utloddingar, konkurransar eller liknande for forbrukarane. Lova krev likevel at vilkåra for å kunne oppnå tilleggsfordelen er klare og lett tilgjengelege.