Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 37

  1. Kva kan vere kontraktbrot frå seljaren si side?

    Kontraktsbrot (misleghald) frå seljaren si side kan bestå i forseinka eller manglande levering og levering av mangelfull vare.

    Forseinking blir på fagspråket også kalla seljarmora. Ordet «mora» tyder forseinking. Kontraktsbrot er eit objektivt omgrep der ein berre konstaterer forseinking eller mangel utan å trekkje inn årsaka. Det kan vere kontraktsbrot sjølv om seljaren absolutt ikkje har skuld i årsaka til misleghaldet.

  2. Kva slags forhold på forbrukaren si side kan føre til at forseinking ikkje er kontraktsbrot frå seljaren si side?

    Paragraf 19 set som vilkår for krav frå kjøparen at forseinkinga ikkje må skuldast forbrukaren eller forhold på hans side. Som døme kan vi tenkje oss ei vare som skal leverast innan ein bestemt dag. Levering blir rekna som gjord når tingen blir overteken av forbrukaren, sjå § 7. Utan nærmare avtale skal vara hentast, jf. § 5. Dersom forbrukaren av ein eller annan grunn ikkje kjem og hentar vara innan den fastsette dagen, blir ho ikkje overteken innan fristen. Vara står til disposisjon for kjøparen, men ho blir ikkje overført til hans fysiske eige innan fristen på grunn av forhold på forbrukaren si side. Forbrukaren kan derfor ikkje vise til nokre av dei krava som er nemnde i § 19.

    Det kan også vere tilfelle der årsaka til forseinkinga er at forbrukaren ikkje har oppgitt rett leveringsadresse, eller tilfelle der leveringa føreset ei forskotsbetaling eller ein garanti for betalinga som forbrukaren enno ikkje har ordna.

  3. Når går risikoen for vara over frå seljaren til forbrukaren?

    Spørsmålet om risikoovergang er regulert i § 14. Vi kan skilje mellom hentekjøp og sendekjøp.

    Ved hentekjøp går risikoen over når vara blir henta og forbrukaren får hand om henne reint fysisk, fordi vara da er levert i samsvar med § 7. Dette er hovudregelen. Vara kan derfor som hovudregel bli ståande hos seljaren for seljaren sin risiko sjølv om forbrukaren ikkje hentar tingen innan avtalt tidspunkt. Men ingen regel utan unntak. Forbrukaren har likevel risikoen for skade eller tap som kjem av rotning eller liknande.

    Ved sendekjøp kan vi skilje mellom seljaren sin og forbrukaren sin fraktførar. Dersom vara blir send med seljaren sin fraktførar, går risikoen også over når vara blir overteken av forbrukaren eller ein tredjeperson som han har peikt ut til å ta imot vara. Løysinga er den same som ved hentekjøp: Risikoen går over ved fysisk overlevering til forbrukaren.

    Dersom vara blir send med forbrukaren sin fraktførar, det vil seie eit firma som har fått transportoppdraget av forbrukaren utan medverknad frå seljaren, går risikoen over når vara blir overteken av denne fraktføraren. Går vara tapt eller blir skadd i eit slikt tilfelle mens ho er undervegs til forbrukaren, har forbrukaren risikoen. Han eller ho risikerer å måtte betale kjøpesummen sjølv om vara forsvann undervegs på grunn av tjuveri, brann, trafikkulykke osv. Det blir forbrukaren som må rette krav mot transportselskapet.

    Det er viktig å merke seg regelen om varer som er kjøpte med angrerett etter angrelova eller med avtalt angrerett, jf. § 14(5) andre setning. Dersom vara går tapt på grunn av eit hendeleg uhell mens ho er ho forbrukaren, har seljaren framleis risikoen etter at forbrukaren fekk hand om vara. Seljaren har risikoen fram til angreretten går ut. Dette kjem vi attende til når angreretten blir behandla i læreboka frå avsnitt 2.4, side 82.

  4. Kva for krav kan forbrukaren fremje mot ein seljar som leverer for seint?

    Krava er lista opp i § 19:

    • Forbrukaren kan halde attende kjøpesummen.
    • Forbrukaren kan krevje oppfylling.
    • Forbrukaren kan heve kjøpet.
    • Forbrukaren kan krevje erstatning.

    For å vurdere om forbrukaren kan få medhald i dei ulike krava, må vilkåra i dei ulike paragrafane (§§ 20, 21, 23 og 24) vere oppfylte.