Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 101

2.6.1

Oppgåva viser til §§ 2 og 15.

Dersom marknadsføringa skal rammast av § 2, må det vere § 2(3). Å marknadsføre ved SMS kan reknast som særleg påtrengjande dersom dette ikkje har grunnlag i eit eksisterande kundeforhold. Det blir også rekna som særleg påtrengjande å føre nokon opp i eit medlemsregister utan at dei har bede om det. Etter marknadsføringslova § 15(3) er det ikkje krav om samtykke på førehand der marknadsføringa skjer med elektronisk post i eksisterande kundeforhold, der den elektroniske adressa til kunden er motteken tidlegare i samband med sal. Dette verkar ikkje som det er tilfellet her, og marknadsføringa med SMS må karakteriserast som ulovleg.

Det er opplyst at marknadsføraren har ført kundane opp som «Comét-medlem» som kostar kr 2,50. Å ta betaling for ei slik teneste utan avtale er i strid med marknadsføringslova § 11(1).

Medlemsregisteret til Comét kan også vere i strid med personopplysningslova sidan registeret ikkje byggjer på samtykke frå dei registrerte, lov eller sterk interesse som nemnt i personregisterlova § 8. Eg går ut frå at det ligg utanfor denne oppgåva å drøfte forholdet til personopplysningslova.

2.6.2

  1. Spørsmålet er om utsegna er i strid med § 2(1). Mange oppfattar det som støytande og umoralsk at marknadsføringa oppmodar til åtferd som er trafikkfarleg. Ein slik reklame vart ein gong så kritisert av vegmyndigheitene at seljaren valde å trekkje reklamekampanjen. (Eg har dessverre ikkje konkret kjeldetilvising.)
  2. Spørsmålet er om reklameutsegna er støytande og i strid med god marknadsføringsskikk. Det er støytande å spele for sterkt på kjensler som er knytte til det at eit barn mistar far eller mor.
  3. Spørsmålet er om reklameutsegna er i strid med § 2(2) ved å gi uttrykk for ei støytande og nedsetjande vurdering av kvinna. Likevel er nok ikkje denne utsegna så grov at ho ligg utanfor rammene for ytringsfridommen. Mange vil ikkje like utsegna, men det er eit stykke derfrå til å gjere utsegna lovstridig.
  4. Same vurderingstema som under c. Bruken av ordet «burugla» kan vere tilstrekkeleg grovt til å provosere fram eit forbod frå Forbrukartilsynet eller Marknadsrådet.
  5. Spørsmålet er også her om utsegna er i strid med § 2(2), men det ligg godt innanfor ytringsfridommen. Mange vil ikkje ein gong tenkje på at denne reklamen kan verke støytande på nokon.
  6. Spørsmålet er også her om utsegna er i strid med § 2(2). Utsegna gir uttrykk for eit gammaldags syn på kjønnsrollene i samband med det daglege hushaldet, men ho er truleg ikkje lovstridig. Det skal meir til enn dette for å verke støytande eller vere i strid med likeverdet mellom kjønna.
  7. Spørsmålet er også her om utsegna er i strid med § 2(2). Utsegna gir uttrykk for eit gammaldags syn på kjønnsrollene i samband med det daglege hushaldet, men ho er truleg ikkje lovstridig. Det skal meir til enn dette for å verke støytande eller vere i strid med likeverdet mellom kjønna.