Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 80

Tema Kjøpslova (kjl.) § Forbrukarkjøpslova (fkjl.) § Kva er likt, og kva er ulikt?
Verkeområde til lova § 1 § 1 Begge lovene gjeld kjøp av ting. Kjl. gjeld privatkjøp og næringskjøp. Fkjl. gjeld berre forbrukarkjøp.
Fråvikelegheit § 3 Kjl. kan fråvikast ved avtale. Fkjl. kan ikkje fråvikast i disfavør av forbrukaren.
Risikoovergang og levering § 13 § 14 Like reglar bortsett frå i sendekjøp. I privatkjøp går risikoen ved sendekjøp over ved levering til seljaren sin fraktførar. I forbrukarkjøp når forbrukaren overtek.
Heving ved forseinking §§ 25 og 26 § 23 Hovudreglane er: I privatkjøp krevst det vesentleg forseinking. I forbrukarkjøp skal det setjast ein tilleggsfrist.
Erstatning ved forseinking § 27, jf. § 67 flg. § 24, jf. § 52 flg. Like reglar om kontrollansvar.
Retting og omlevering ved mangel § 34 § 29 Like reglar om retting. Begge paragrafane har vilkår om at retting ikkje må påføre seljaren urimeleg kostnad. Ved omlevering krev kjl. vesentleg mangel, mens fkjl. berre krev at det ikkje oppstår urimeleg kostnad. Omlevering etter kjl. gjeld same vare, mens omlevering etter fkjl. gjeld tilsvarande vare.
Prisavslag ved mangel § 38 § 31 Kjl. gir berre rett til prisavslag dersom verdien av tingen er redusert som følgje av mangelen. Fkjl. gir i tillegg rett til prisavslag basert på kva mangelen har å seie for forbrukaren, sjølv om verdien ikkje er redusert.
Heving ved mangel § 39 § 32 Kjl. krev vesentleg kontraktsbrot (mangel). Fkjl. krev at mangelen er «ikke uvesentlig». Meininga er at det skal vere lettare å heve eit forbrukarkjøp.
Erstatning ved mangel § 40, jf. § 67 flg. § 33, jf. § 52 flg. Kjl. gir seljaren eit kontrollansvar, mens fkjl. gir seljaren eit reint objektivt ansvar. Seljaransvaret etter kjl. omfattar ikkje indirekte tap som nemnt i § 67(2). Seljaransvaret i forbrukarkjøp er ikkje tilsvarande avgrensa og kan omfatte både direkte og indirekte tap etter ei nærmare skjønnsmessig vurdering.