Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 95

  1. Kva er ein forbrukartvist?

    Ein forbrukartvist er ein rettstvist der forbrukaren er kjøpar av ei vare eller teneste. Omgrepet i vid meining omfattar også kjøp av fast eigedom, og det er ikkje avgrensa til tilfelle med næringsdrivande seljar. Det omfattar også avtalar der begge partane er forbrukarar.

  2. Kva for tvistar kan løysast etter forbrukarklagelova?

    Forbrukarklagelova gjeld klager som Forbrukarklageutvalet kan behandle, jf. forbrukarklagelova § 1. Utvalet behandlar klager

    1. om kjøp av ting til forbrukar og om ytingar som seljaren eller andre har teke på seg overfor kjøparen i tilknyting til kjøpet (både kjøp frå næringsdrivande og privat seljar)
    2. om handverkstenester etter handverkstenestelova
    3. om avtalar etter angrerettlova

    Forbrukarklageutvalet behandlar mellom anna ikkje klagesaker mellom næringsdrivande.

  3. Kan ein tvist i eit privatkjøp førast inn for Forbrukarrådet?

    Sidan forbrukarklagelova bruker det utvida forbrukarkjøpsomgrepet, sjå § 1(2), kan alle tvistar i forbrukarkjøp, anten seljaren er næringsdrivande eller ein privatperson, bli behandla i Forbrukarrådet og Forbrukarklageutvalet.

  4. Kva rolle har Forbrukarrådet i ein forbrukartvist?

    Forbrukarrådet meklar i forbrukartvistar for at partane skal komme fram til ei minneleg løysing, jf. forbrukarklagelova § 4(1).

  5. Korleis er saksgangen i ein forbrukartvist?

    Ein forbrukartvist kan førast inn for Forbrukarrådet for å finne ei minneleg løysing. Dersom det ikkje lèt seg gjere, kan partane føre saka inn for Forbrukarklageutvalet, som er eit forvaltningsorgan og ikkje ein domstol, jf. forbrukarklagelova §§ 4–6.

  6. Kva verknad har eit vedtak i Forbrukarklageutvalet?

    Eit vedtak i Forbrukarklageutvalet kan ein ikkje klage på, jf. § 7(4), men det kan overprøvast ved søksmål for tingretten, jf. § 12. Ved overprøving må motparten stemnast inn for tingretten innan ein månad etter at vedtaket er forkynt for partane. Dersom det ikkje blir gjort, får vedtaket verknad som ein dom.

    Dette er ein av dei viktigaste reglane i lova. Dersom partane er passive overfor vedtaket og ikkje går til tingretten innan fristen, blir det forvandla til ein rettskraftig dom. Det vil mellom anna seie at dommen ikkje kan ankast. Han kan derfor tvangsfullbyrdast etter dei reglane som gjeld for dommar. Det vil seie at ein forbrukar som har fått medhald i FKU i eit krav om heving, kan bruke rettsapparatet til å få kjøpesummen betalt attende dersom ein vrangvillig seljar framleis nektar å betale attende pengane.