Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 81–82

2.3.19

Nina er forbrukar, men det kan reisast tvil om seljaren her skal reknast for å opptre i næringsverksemd, slik at forbrukarkjøpslova gjeld. Det er opplyst at seljaren var profesjonell musikar, og i samband med det kan ein argumentere med at sal av eit piano er å rekne som sal av eit driftsmiddel som han brukte i næringsverksemda si. Det taler for at kjøpet er eit forbrukarkjøp, jf. forbrukarkjøpslova § 1. I ei tilsvarande sak frå Forbrukartvistutvalet (FTU-2006-574) vart likevel seljaren av eit gammalt piano rekna som privat seljar sjølv om han vart kalla ein «erfaren pianospiller og organist». Tvisten i denne saka vart derfor løyst etter kjøpslova frå 1988.

Nina hevar kjøpet
Heving av kjøpet føreset at pianoet har ein vesentleg mangel, jf. kjøpslova § 39(1). Spørsmålet om pianoet har mangel, må avgjerast ut frå §§ 17–21.

Dersom anna ikkje er avtalt, har tingen mangel dersom han ikkje passar til formålet sitt, jf. § 17(1)a. Sjølv om pianoet er gammalt og treng å bli stemt, passar det til formålet sitt. Denne regelen gir derfor ikkje grunn til å konstatere mangel.

Etter § 18(1) gjeld reglane om manglar også når tingen ikkje svarer til opplysningar som seljaren i marknadsføringa si har gitt om tingen. Det stod i annonsen at pianoet var i god stand. Denne opplysninga er kanskje ikkje heilt korrekt når det viste seg at pianoet måtte reparerast for kr 25 000. På den andre sida har Nina kjøpt eit svært gammalt piano. Ho tok dermed ein stor risiko og måtte vere førebudd på at pianoet kunne ha ei rekkje feil, sjølv om det stod i annonsen at det var i god stand. Piano i denne aldersklassen er nærmast restaureringsobjekt, og den som kjøper slikt, tek ein kalkulert sjanse. Eg går derfor ut frå at pianoet ikkje har mangel ut frå lova.

I ei tilsvarande sak i Forbrukartvistutvalet fekk forbrukaren ikkje medhald. Argumentasjonen utvalet brukte, er teken med nedanfor.

Retting eller omlevering
Retting eller omlevering etter § 34(1) føreset også at pianoet har mangel. Men sjølv om vi kjem til at pianoet er mangelfullt, vil retting eller omlevering kunne føre til så stor ulempe eller kostnad for seljaren at eit slikt krav neppe vil føre fram.

Prisavslag
Prisavslag føreset også at pianoet er mangelfullt, sjå § 38. Dersom vi først kjem til at det ligg føre ein mangel, vil Nina ha krav på prisavslag.

Kommentar
Denne oppgåva byggjer på ei avgjerd i Forbrukartvistutvalet (FTU-2006-574). Sidan det i den aktuelle saka dreidde seg om eit privatkjøp, vart tvisten løyst på grunnlag av kjøpslova frå 1988. Tilsvarande argumentasjon ville vorte nytta dersom tvisten hadde vore løyst etter forbrukarkjøpslova. Vi gir att argumentasjonen til Forbrukartvistutvalet for at kjøparen burde få medhald:

Kjøp av et piano som opplyses å være 80-90 år gammelt uten nærmere dokumentasjon av tilstanden, innebærer en risiko som klagerne må ha vært klar over ved kjøpet. At pianoet viste seg å være enda litt eldre enn opplyst, kan ikke ha nevneverdig betydning ved vurderingen av klagen. Utvalget kan heller ikke se at det kan være noe å bebreide innklagde for de opplysninger som ble gitt før kjøpet, eller at opplysningene kan sies å ha vært objektivt uriktige, jf. kjøpsloven § 17 første ledd og § 18. Selv om det har vist seg at det vil være nødvendig med mer omfattende tiltak enn å skifte et par dempere, må opplysningene om pianoet etter sakens natur ha vært så usikre at det ikke kan konkluderes med at pianoet har mangel i forhold til det som ble avtalt eller opplyst før kjøpet.

Utvalget vil også peke på at klagerne først reklamerte mer enn ett år etter kjøpet. Det kan reises spørsmål om denne reklamasjonen er for sen etter kjøpsloven § 32 første ledd om plikt til reklamasjon innen rimelig tid etter at mangelen ble eller burde ha blitt oppdaget. Utvalget vil i denne forbindelse vise til § 31 første ledd om kjøperens plikt til etter leveringen å undersøke salgsgjenstanden slik god skikk tilsier så snart kjøperen har rimelig anledning til dette. I betraktning av at saken gjelder et piano som etter opplysningene var nærmere hundre år gammelt, burde klagerne ha fått dette undersøkt på et langt tidligere tidspunkt. Dette gjelder særlig ettersom klagerne nå hevder at de forutsatte at pianoet ville fungere godt som instrument. Utvalget ser det i lys av dette slik at klagerne har tatt en sjanse ved kjøpet, og at de ikke mer enn ett år senere kan påberope at pianoet var i dårligere stand enn de forventet. Klagerne kan etter dette ikke gis medhold i klagen.

Konklusjon Forbrukertvistutvalget fatter slikt vedtak:
Klagen tas ikke til følge.
Vedtaket er enstemmig.

2.3.20

Kjøpstvisten er eit privatkjøp sidan både seljar og kjøpar ikkje opptrer i næringsverksemd. Rettsspørsmålet blir derfor løyst på grunnlag av kjøpslova frå 1988. Kjøpet gjeld heving etter § 39 og prisavslag etter § 37, prinsipalt kjøpet heva og subsidiært prisavslag.

Fredrik hevar kjøpet
Oppgåva gir ikkje opplysningar som gir grunnlag for å drøfte om reklamasjonstida er halden. Vi går ut frå at Fredrik reklamerte i tide.

Det rettslege grunnlaget for å heve eit privatkjøp finn vi i kjøpslova frå 1988 § 39(1). Det krevst ein mangel som fører til vesentleg kontraktsbrot.

Det første problemet er om det ligg føre ein mangel. Spørsmålet om mangel ved bilen blir drøfta ved å bruke §§ 17–21 og § 41 om rettsmanglar.

Sidan bilen er seld «som han står», tek vi utgangspunkt i kjøpslova § 19(1) bokstav c, som seier at vara likevel har mangel dersom tingen er i vesentleg dårlegare stand enn det kjøparen har grunn til å rekne med. Den som kjøper ein fire år gammal bil, må rekne med at bilen har enkelte feil. Det at bilen har utsliten startmotor gjer kanskje bilen i dårlegare stand enn det Fredrik hadde grunn til å tru, sidan bilen berre var fire år gammal. Sjølv om dette skulle vore ein mangel etter vanlege reglar, fører det ikkje til at bilen er i vesentleg dårlegare stand enn Fredrik hadde grunn til å rekne med. Den som kjøper bruktbil «som han står», må vere førebudd på litt av kvart.

Det kan også argumenterast med at den utslitne startmotoren var ein feil som burde vore oppdaga ved ei vanleg undersøking på førehand, jf. kjøpslova § 20(1). I så fall er feilen ikkje ein mangel ut frå lova.

Eg konstaterer etter dette at bilen ikkje hadde fysiske manglar som gir grunnlag for heving.

Neste spørsmål er om panteheftet på kr 50 000 er ein mangel. Dette er ein såkalla rettsmangel etter kjøpslova § 41, som seier at dei vanlege mangelsreglane får «tilsvarende anvendelse». Seljaren har garantert bilen fri for hefte. Det betyr at Fredrik etter avtalen har krav på ein bil utan gjeldande pantehefte, jf. § 17(1). Uansett garantien vil § 19(1) bokstav b komme Fredrik til unnsetning. Etter denne regelen ligg det før mangel dersom seljaren har forsømt å gi vesentlege opplysningar om bilen. Brukt på rettsmangel inneber dette at kjøparen har krav på at seljaren opplyser om hefte. Vi kan derfor konstatere at bilen har rettsmangel.

Bilen har ein rettsmangel. Verdien av denne mangelen er kr 50 000. Sett i forhold til ein kjøpesum på kr 175 000 må mangelen seiast å vere vesentleg. Kjøpet kan derfor i utgangspunktet hevast.

Seljaren kan avverje hevingskravet ved å tilby retting, jf. § 36(1). Retting av ein rettsmangel skjer raskt og enkelt ved at seljaren sørgjer for å slette heftet, her ved å betale pantekravet. Det er ikkje opplyst noko om at seljaren har tilbode seg å sørgje for å slette heftet. Fredrik kan derfor heve kjøpet.

Fredrik krev prisavslag
Skulle retten komme til at Fredrik ikkje har krav på heving, drøftar vi det subsidiære kravet om prisavslag etter kjøpslova § 37. Vilkåret for Fredriks rett til prisavslag er at det ligg føre ein mangel. Sidan vi har konstatert at det ligg føre ein rettsmangel, er vilkåret oppfylt. Fredrik har derfor krav på eit prisavslag på kr 50 000.

Erstatning etter § 40?
Fredrik kunne også velje å slette heftet sjølv. Han vil da kunne krevje erstatning for alle kostnadene sine i samband med dette, jf. § 40.

2.3.21

Læraren har løysingsforslag