Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 70–75

2.3.7

Seljaren er ein næringsdrivande som har selt teltet til Trine som forbrukar. Tvisten skal derfor løysast på grunnlag av forbrukarkjøpslova, sjå § 1.

Trine har sett fram eit krav om heving
Ein nødvendig føresetnad for å kunne heve er at reklamasjonsretten ikkje er tapt på grunn av § 27. Etter denne regelen må Trine reklamere på teltet innan rimeleg tid etter at ho oppdaga eller burde ha oppdaga mangelen. Mangelen vart oppdaga etter fire dagar av ferien. Dette kan tidfestast til 29. juni. Trine kom heim i juli og tok kontakt med seljaren straks etter 25. juli. Vi kan derfor gå ut frå at ho reklamerte innan to månader, noko som alltid er å rekne som innan rimeleg tid i medhald av § 27(1). Trine har derfor halde seg til den relative reklamasjonsfristen.

Den absolutte reklamasjonsfristen på to eller fem år er ikkje tvistetema. Vi kan derfor leggje til grunn at Trine har halde seg til alle reklamasjonsfristar.

Dei materielle krava for å få heva kjøpet går fram av § 32. Det krevst ein mangel som ikkje er uvesentleg. Kva som er mangel, blir avgjort av reglane i § 15, jf. § 16. Det sentrale her er § 15(1) bokstav b, som seier at vara skal vere i samsvar med det forbrukaren kan forvente. Dette vil i praksis seie ei skjønnsmessig vurdering der kva slags vare det er, pris og vanlege eigenskapar er vurderingstema. Trine må kunne gå ut frå at teltet gir rimeleg vern mot regnvêr. Når teltet lak som følgje av manglande impregnering, har det i utgangspunktet ein mangel. Det er ingen tvil om at ein slik mangel er ikkje uvesentleg.

Seljaren har innvendt at Trine burde undersøkt teltet før ho tok det i bruk. Seljaren siktar her til § 16(3), der det heiter at forbrukaren ikkje kan gjere gjeldande som ein mangel noko ho kjende eller måtte kjenne til ved kjøpet. Reglane gjeld for såkalla synlege feil som burde vore oppdaga før bindande avtale blir inngått. Det kan ikkje krevjast at ein forbrukar skal sjekke på førehand om eit telt toler vatn. Forholdet blir derfor ikkje ramma av § 16(3).

Trine kan heve kjøpet.

Trine krev erstatning for vasskadd iPad
Erstatningsansvaret seljaren har for tap som ein mangel er årsak til, er regulert av § 33(1). Omfanget av erstatninga kan her bli bestemt av §§ 52 og 54.

Vasskade på elektronisk utstyr som ein campingturist har med seg, er truleg ein pårekneleg følgjeskade, jf. § 52(1) andre punktum. Den som leverer eit telt som ikkje toler vatn, må kunne sjå for seg at klede, elektroniske produkt og anna utstyr kan bli skadd som følgje av mangelen. Seljaren kan truleg likevel bli redda av § 54, som pålegg forbrukaren plikt til å avgrense tapet. Når Trine ser at det renn vatn inn i teltet, bør ho beskytte slike ting som ein iPad, til dømes ved å leggje han i ein plastpose. Dette har Trine forsømt, og ho må derfor bere tapet.

Trine har ikkje krav på erstatning.

2.3.8

Katrine er forbrukar, og seljaren er i oppgåva omtalt som «forretninga». Vi går derfor ut frå at kjøpet er eit forbrukarkjøp, og tvisten skal løysast med forbrukarkjøpslova.

Katrine har kravd ny telefon. Dette er eit krav om omlevering, jf. forbrukarkjøpslova § 29(1).

Ein føresetnad for å nå fram med kravet er at det vart reklamert i tide. Katrine reklamerte «raskt» etter at ho oppdaga mangelen. Den relative reklamasjonsfristen i § 27 er derfor rekna for å gjelde. Etter denne regelen har Katrine minst to månader på seg for å reklamere etter at mangelen vart oppdaga.

Mobiltelefonen vart kjøpt i januar 2012, og det vart reklamert i februar 2014. Det er meir enn to år etter kjøpet. Den absolutte reklamasjonsfristen etter § 27(2) er likevel fem år når tingen eller delar av han er meint å vare i vesentleg meir enn to år ved vanleg bruk. Det er klart at krinskorta i ein mobiltelefon må kunne vare vesentleg meir enn to år. Dette kan ein underbyggje med RT-2007-1274 (Mobiltelefondommen). Høgsterett la i denne dommen til grunn at ein mobiltelefon må forventast å vare minst 3– 4 år, og det er vesentleg meir enn to år. Vi kan derfor gå ut frå at Katrine har ein absolutt reklamasjonsfrist på fem år. Det er derfor reklamert i tide.

Årsaka til feilen må ikkje vere feil bruk frå Katrines side. Det går fram av § 26 at feilen ikkje må skuldast forbrukaren eller forhold på hans side. Oppgåva nemner dette som ei moglegheit. Dersom telefonen er brukt i strid med bruksrettleiinga, er det seljaren som må ha bevisbyrden for at feilen skuldast forbrukaren. Det trengst bevis. Spekulasjonar frå seljaren si side er ikkje nok. Eg konstaterer derfor at feilen ikkje skuldast Katrine.

Omleveringskravet byggjer på § 29(1). Det følgjer av § 29(3) at seljaren kan tilby retting. Han kan få to rettingsforsøk, jf. § 29(2). Men det er ikkje opplyst at seljaren har komme med eit slikt tilbod. Vi kan derfor leggje til grunn at telefonen har ein mangel, og at Katrine har krav på ny telefon.

2.3.9

Hinna er forbrukar, og seljaren er næringsdrivande. Kjøpet er derfor eit forbrukarkjøp som er regulert av forbrukarkjøpslova, jf. § 1.

Spørsmålet om det vart reklamert i tide
Mangelen vart oppdaga på den første skituren 15. desember. Reklamasjonen kom 14. februar. Etter forbrukarkjøpslova § 27(1) må Hinna reklamere innan rimeleg tid etter at mangelen vart oppdaga, og rimeleg tid er aldri kortare enn to månader. Ho reklamerte ein dag før fristen på to månader gjekk ut. Hinna reklamerte derfor i tide.

Spørsmålet om ho kan få nye ski
Hinna kan krevje nye ski dersom vilkåra i § 29(1) er oppfylte. Omlevering føreset at skiene hadde mangel ut frå forbrukarkjøpslova, jf. § 16, jf. § 15. Det er da ein føresetnad at mangelen var til stades på kjøpstidspunktet, jf. § 18(1).

Oppgåva gir ikkje opplysningar om tidspunktet for når ripa kom. Etter at Hinna tok skiene i bruk, har ho ei tung sak å bevise dersom ho hevdar at ripa var der alt på leveringstidspunktet. På grunn av slike bevisproblem har § 18(2) ein bevisregel som seier at manglar som viser seg innan seks månader, kan tenkjast å ha eksistert ved risikoovergangen. Hinna oppdaga rett nok mangelen før fristen på seks månader gjekk ut, men ho kan likevel ikkje nyte godt av denne regelen. Det er fordi seksmånadersregelen ikkje gjeld dersom det ein hevdar, er «uforenlig med varens eller mangelens art». Nettopp dette er vel tilfellet her. Riper i skia kjem normalt av bruken og kan ikkje tenkjast å ha vore til stades ved ei levering for to månader sidan.

Dersom Hinna kan bevise at skiene hadde ei ripe alt ved leveringa, vil ho få medhald i at ripa er ein mangel i medhald av § 16, jf. § 15, som gir rett til omlevering etter § 29. Ein går ut frå at omlevering er mogleg og ikkje påfører seljaren urimelege kostnader.

Det kan også argumenterast med at ripa i den eine skia ikkje kan gjerast gjeldande som mangel, jf. § 16 (3), fordi ripa burde vore oppdaga på førehand. Det er tvilsamt at ein kan forlange at ein slik mangel burde vore oppdaga av forbrukaren når ein kjøper nye ski. Kjøparen må kunne gå ut frå at nye ski blir leverte utan riper, jf. § 15(2) bokstav b. Når ski blir selde som nye, har ikkje forbrukaren same undersøkingsplikt før kjøpet som ved eventuelt kjøp av brukte ting.

Konklusjonen blir at Hinna ikkje får medhald, men blir det bevist at mangelen var til stades da skiene vart leverte, får ho likevel medhald.

2.3.10

Tvisten dreier seg om eit forbrukarkjøp sidan kjøparen er forbrukar og seljaren er ei forretning. Rettsspørsmåla blir derfor drøfta på grunnlag av forbrukarkjøpslova, jf. § 1.

Reklamasjonsspørsmålet
Reklamerte Inga i tide? Etter forbrukarkjøpslova § 27 må ho reklamere innan rimeleg tid etter at mangelen vart oppdaga eller burde vorte oppdaga. Ho reklamerte straks etter at ho oppdaga mangelen i desember 2014. Spørsmålet blir så om ho burde oppdaga mangelen alt vinteren 2013/14. Dersom det var så lite snø den vinteren at fresaren ikkje vart brukt, kan det ikkje krevjast at ho burde oppdaga feilen alt i 2014. Ho har derfor ikkje tapt retten til å reklamere.

Hevingsspørsmålet
Grunnlaget for å krevje kjøpet heva går fram av forbrukarkjøpslova § 32. Etter denne regelen er vilkåret for å heve kjøpet at tingen har ein mangel som ikkje er uvesentleg.

Spørsmålet om mangel blir avgjort på grunnlag av forbrukarkjøpslova § 16 (1) a) og § 15 (2) a) og b). Inga har krav på ein snøfresar som svarer til det ho har grunn til å forvente med omsyn til haldbarheit og andre eigenskapar. Dersom snøfresaren kastar snøen mykje kortare enn snøfresarar flest i denne prisklassen, ligg det føre ein mangel. Det går også fram av faktum at fresaren ikkje har dei eigenskapane han skal ha ifølgje dei opplysningane som er gitt i bruksrettleiinga, jf. § 16 c. Ut frå dette kan vi også leggje til grunn at fresaren har mangel.

Sidan snøfresaren nesten ikkje kan nyttast til formålet sitt og ikkje har dei eigenskapane som følgjer av bruksrettleiinga, må vi konstatere at snøfresaren oppfyller vilkåret i § 32 for å heve kjøpet. Inga må av den grunn kunne velje å avvise tilbodet frå seljaren om prisavslag.

Inga har krav på få att heile kjøpesummen mot å levere snøfresaren attende, jf. forbrukarkjøpslova § 49. Vi kan ikkje sjå at det i dette tilfellet ligg føre sakleg grunnlag for å innrømme frådrag på grunn av den minimale bruken, jf. § 51 c.

2.3.11

Læraren har løysingsforslag

2.3.12

Læraren har løysingsforslag

2.3.13

Læraren har løysingsforslag

2.3.14

Læraren har løysingsforslag

2.3.15

Læraren har løysingsforslag

2.3.16

Læraren har løysingsforslag

2.3.17

Læraren har løysingsforslag

2.3.18

Læraren har løysingsforslag