Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 100–101

  1. Kva er formålet med marknadsføringslova?

    Formålet med marknadsføringslova er å føre tilsyn med at marknadsføring, handelspraksis og avtalevilkår går rett for seg i forbrukarforhold, og gripe inn mot verksemd som er i strid med god marknadsføringsskikk, jf. § 1, sjå § 2.

  2. Kven fører tilsyn med at marknadsføringslova blir følgd?

    Forbrukartilsynet og Marknadsrådet er to uavhengige forvaltningsorgan som skal føre tilsyn med reglane i marknadsføringslova, jf. § 32. Desse to organa kan gripe inn mot marknadsføring, handelspraksis og avtalevilkår som er i strid med lova.

  3. Kva for oppgåver har Forbrukartilsynet?

    Forbrukartilsynet skal, ut frå omsyn til forbrukarane og omsynet til likestilling mellom kjønna, føre tilsyn med at dei næringsdrivande driv marknadsføring og bruker avtalevilkår som er i samsvar med reglane i marknadsføringslova. Forbrukartilsynet kan mellom anna forby annonsar og annan reklame, sjå § 39. Brot på reglane kan føre til gebyr eller straff, sjå § 39 og § 48.

  4. Kva er Marknadsrådet?

    Marknadsrådet er eit domstolliknande organ. Det behandlar klager på vedtak Forbrukartilsynet har gjort, jf. § 37. Har Forbrukartilsynet til dømes forbode ei bedrift å bruke ein spesiell reklamefilm, kan bedrifta anke avgjerda inn for Marknadsrådet.

  5. Kva er god marknadsføringsskikk?

    Med god marknadsføringsskikk meiner ein marknadsføring som ikkje krenkjer allmenne etikk- og moraloppfatningar, bruker støytande eller påtrengjande verkemiddel eller er i strid med likeverdet mellom kjønna, jf. § 2.

  6. Gi døme på marknadsføring som strir mot god marknadsføringsskikk.

    Marknadsføring som oppmodar til lovbrot, farleg åtferd eller brot på vanlege sikkerheitsnormer, krenkjer allmenn moral. Marknadsføring av utstyr til å overhøyre private samtalar naboen har, er eit døme som ifølgje Marknadsrådet også er i strid med god marknadsføringsskikk. Det er berre grove overtramp av den alminnelege moraloppfatninga eller dei etiske normene i samfunnet som blir ramma. Det er ikkje nok at reklamen er «uheldig», «umoralsk», «stillaus» eller liknande.

  7. Gi døme på marknadsføring som er støytande eller særleg påtrengjande.

    Støytande marknadsføring kan vere reklame som oppmodar til lovbrot, brot på sikkerheitsnormer eller miljøskadeleg åtferd. Det kan også vere reklame som byggjer opp under diskriminerande haldningar til religion, etnisitet, kjønn osv.

    Særleg påtrengjande kan marknadsføringa vere dersom ho bruker for sterke verkemiddel. Eit døme er ein reklamekampanje frå firmaet Benetton i 1992, der det vart brukt autentiske bilete av drepne soldatar frå krigen i Bosnia-Hercegovina og av døyande aidspasientar. Hensikta var å kople samfunnsengasjement til bruken av klede firmaet produserte. Marknadsrådet stempla kampanjen som støytande og urimeleg overfor forbrukarane, det vil seie at han var i strid med marknadsføringslova § 2(1).

  8. Kva er kjønnsdiskriminerande marknadsføring etter § 2(2)?

    Reklame som framhevar kjønnsrollene på ein støytande måte for det eine kjønnet, er i strid med § 2(2).

    Det er forbode å utnytte kroppen til eit av kjønna på ein støytande eller nedsetjande måte. Problemet er som regel bruk av kvinnekroppen som blikkfang når det ikkje er nokon direkte samanheng mellom kvinnekroppen og det produktet som skal marknadsførast.

  9. Kva går dokumentasjonsprinsippet i marknadsføringslova ut på?

    Dokumentasjonsprinsippet i marknadsføringslova går ut på at alle påstandar om tidlegare pris, produkteigenskapar og liknande skal kunne bevisast. Blir det til dømes påstått at eit produkt blir selt til halv pris, må det kunne dokumenterast at vara faktisk er seld til den påståtte før-prisen, jf. § 3(2).

  10. Gi døme på reklame som er i strid med dokumentasjonsprinsippet.

    Ein reklameannonse frå Norsk Tipping framstilte ein person som heitte Magnhild Lorentzen, og påstod at ho hadde vunne kr 5 230 000 første gong ho spelte «Gull-lotto». Det viste seg at både personen Magnhild Lorentzen og vinnarhistoria hennar var reint oppspinn, utan rot i verkelegheita. Reklamen var ut frå dette i strid med dokumentasjonsprinsippet i marknadsføringslova, jf. § 3(2).

  11. Kva for ein regel seier at all marknadsføring skal formast og presenterast på ein slik måte at det tydeleg framstår som marknadsføring?

    Marknadsføringslova § 3.

  12. Kvifor skal all marknadsføring framstå som marknadsføring?

    Marknadsføringslova § 3(1) seier at marknadsføring skal formast og presenterast slik at det tydeleg framstår som marknadsføring. Regelen er grunngitt i at marknadsføringa ikkje skal vere villeiande eller urimeleg overfor forbrukarane og dermed i strid med ein eller fleire av §§ 6–8. Det vil seie at marknadsføringsbodskapen skal formast slik at det tydeleg går fram av samanhengen at du har med marknadsføring å gjere når du les ei avis eller ser på TV. Marknadsføring skal ikkje segle under falskt flagg som journalistisk reportasje eller liknande. Såkalla snikmarknadsføring, som går ut på å lure reklame eller marknadsføring inn i redaksjonelt stoff i aviser eller på TV, er forboden. Derfor ser vi ofte at annonsar på avissider med mykje redaksjonelt stoff er merkte med ANNONSE og ei ramme rundt som skil redaksjonelt stoff og reklame eller marknadsføring.

    I forarbeida til lova er det vist til forskrifta om urimeleg handelspraksis («Svartelista») punkt 11. Dersom ein næringsdrivande har betalt for ein produktomtale eller liknande i ein redaksjonell artikkel eller reportasje, skal dette komme tydeleg fram for forbrukarane. Praksis er at artikkelen skal merkjast med «annonse» eller at det på andre måtar blir gjort klart at artikkelen inneheld marknadsføring.