Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 55–56

2.3.1

  1. Spørsmålet om mangel er avhengig av formålet med kjøpet. Kjøpsavtalen må tolkast ut frå ei vurdering av formålet. Kjøpet kan vere kontraktsmessig dersom bilen blir kjøpt som delebil, men han kan ha manglar dersom han er kjøpt for å bli brukt. Likevel vil synlege feil som forbrukaren bør oppdage ved ei vanleg undersøking, ikkje bli rekna som manglar med mindre kontrakten uttrykkjeleg seier noko anna. Vi går derfor ut frå at synleg rust på skjermen og slitne dekk ikkje er manglar ut frå forbrukarkjøpslova.
  2. I utgangspunktet skal ei monteringsrettleiing vere på norsk språk. Er ho på svensk eller dansk, må vi godta dette, jf. www.forbrukerraadet.no, i alle fall dersom det ikkje dreier seg om spesielt farlege produkt der ei nøye brukarrettleiing er spesielt viktig.
  3. Ein kjole som er laga av brennbare tekstilar, har ein sikkerheitsmangel, jf. § 15 (2) bokstav f.
  4. Ein genser som krympar ein storleik ved første vask og blir for liten, har mangel ut frå lova. Er årsaka til krympinga feil vasking i strid med vaskeopplysningane på genseren, er det ingen mangel, men din eigen feil.
  5. Mangelfull leggjerettleiing til parkett er ein klar kjøpsrettsleg mangel, § 16 (1) bokstav d.
  6. Klausular av typen «som han står», «som han er» eller «som vist» betyr at seljaren fråskriv seg det alminnelege mangelansvaret som kjøparen kan gjere gjeldande etter §§ 15 og 16. Båten hadde ikkje mangel.

2.3.2

Ein kjøpsrettsleg mangel ligg føre i alle kjøpekontraktane med unntak av c og e.

2.3.3

  1. Det ligg føre ein kjøpsrettsleg mangel.
  2. Den som kjøper ein peis ferdig montert, må kunne forvente at han blir montert i samsvar med offentlegrettslege krav som er stilte i lov og forskrift, jf. forbrukarkjøpslova § 16 (1) a, jf. § 15 (2) f.

2.3.4

Villeiande og utilstrekkelege opplysningar på ei bruksrettleiing er ein kjøpsrettsleg relevant mangel, jf. kjøpslova § 16 (1) d.