Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 55

  1. Når må ein mangel har vore til stades for å kunne gi grunnlag for krav mot seljaren?

    Mangelen må ha vore til stades da risikoen gjekk over til forbrukaren, jf. forbrukarkjøpslova § 18. Det vil i dei fleste tilfella seie når forbrukaren overtek vara, jf. § 7 samanhalde med § 14. Å overta vara blir tolka som at vara må bli fysisk overlevert slik at forbrukaren får hand om henne.

  2. Kva er ein mangel i forbrukarkjøp etter § 16(1) a, jf. § 15(1)?

    Det følgjer av § 15(1) at vara skal vere i samsvar med krava til art, mengd, kvalitet, andre eigenskapar og innpakning som følgjer av avtalen. Er eitt eller fleire av desse krava ikkje oppfylte, har vara ein mangel i medhald av § 16(1) bokstav a.

    Det er tilstanden vara er i samanlikna med kva som er avtalt, som avgjer. Er hesten kjøpt for å bli slakta og brukt som råvare til pølse, er det ikkje ein mangel at hesten var halt eller ubrukeleg til å køyre med kjerre. Det må i slike tilfelle gå fram av avtaleteksten kva hesten skal brukast til. Er ein dress bestilt i storleik 50, er det ein mangel dersom dressen viser seg å vere storleik 48. Står det i avtalen at bilen skal ha kilometerstand på 50 er det ein mangel dersom det viser seg at bilen er køyrd 500 km.

  3. Kva er ein mangel i forbrukarkjøp etter § 16(1) a, jf. § 15(2) a, b og c?

    § 15 (2) a: Dersom avtalen ikkje seier noko anna, skal ein ting passe til formål som tingen vanlegvis blir nytta til. Ein hest blir vanlegvis brukt til riding og køyring med kjerre. Det vil da vere ein mangel dersom hesten er ubrukeleg til riding eller køyring med kjerre. Ein bil blir vanlegvis brukt til køyring. Bilen har derfor mangel dersom det ikkje er mogleg å køyre med han.

    § 15 (2) b: Tingen har mangel dersom han ikkje svarer til det forbrukaren kan forvente med omsyn til haldbarheit og andre eigenskapar. Det er særleg pris og alder som speler ei rolle for vurderinga. Blir ein tre år gammal Mercedes seld for kr 500 000, kan forbrukaren ha ei heilt anna forventning enn om ein 15 år gammal bil blir seld for kr 30 000. Ein defekt del kan i eitt tilfelle vere ein mangel, mens han i andre tilfelle kan vere ein feil som kjøparen må rekne med. Denne regelen i forbrukarkjøpslova blir rekna for å vere ei følgje av Videodommen (RT-1998-774), der Høgsterett uttalte at forbrukarane hadde grunn til å forvente at fjernkontrollen til ein videomaskin fungerer i minst fire år.

    § 15 (2) c: Det er ein mangel dersom vara ikkje oppfyller eit bestemt formål som er kjent for seljaren. Kjøparen har til dømes kjøpt ein hund som han skal bruke til å trekkje pulk. Sjølv om hundar av og til blir nytta til dette formålet, er det ikkje noko hundar vanlegvis gjer. Viser det seg at hunden er ubrukeleg til å trekkje pulk, og at seljaren var merksam på at forbrukaren hadde dette bestemte formålet med kjøpet, ligg det føre ein mangel.

  4. Kva for ein mangel i forbrukarkjøp følgjer av § 15(2) g?

    Forbrukarkjøpslova § 15(2) bokstav g handlar om at vara har ein rettsmangel. Det mest praktiske dømet er at det er knytt panterett til vara. Ein bank kan til dømes ha panterett i bilen inntil den førre eigaren har betalt heile kjøpesummen. Blir bilen seld før panteheftet er sletta, risikerer kjøparen til slutt å måtte betale resten av gjelda den tidlegare eigaren hadde på bilen.

  5. Kva er ein mangel i forbrukarkjøp etter § 16(1) b, c og d?

    § 16(1) b: Regelen handlar om opplysningsmanglar. Seljaren har forsømt å gi opplysningar om forhold ved tingen og bruken av han. Det krevst at desse forholda er så viktige at forbrukaren hadde grunn til å rekne med å få dei. Det krevst også at seljaren hadde eller burde hatt kjennskap til forholda, og at ein må gå ut frå at manglande informasjon til forbrukaren verka inn på kjøpet.

    Spørsmålet dreier seg om kor langt opplysningsplikta for seljaren går. I forarbeida går det fram at Forbrukarrådet under høyringa i 1993/94 peikte på at det mellom anna kan vere aktuelt å opplyse om levetida til tingen, miljøeigenskapar knytte til tingen og sikkerheitsrisiko i samband med tingen. Departementet understrekar at det vil vere avhengig av ei konkret vurdering om manglande opplysningar om slike forhold blir ramma av regelen. Det avgjerande vil vere om kjøparen i eit slikt tilfelle kan seiast å ha grunn til å rekne med å få slike opplysningar, og spørsmål om kva innverknad manglande opplysningar har. Faktum kan sjølvsagt liggje slik an at det ikkje er naturleg å seie at desse kriteria i lova er oppfylte.

    Dersom til dømes ein trampoline utgjer ein vesentleg sikkerheitsrisiko for barn under fem år, er det noko ein forbrukar har grunn til å få vite, og det kan verke inn på viljen hans til å gjennomføre kjøpet.

    § 16(1) c: Regelen handlar om opplysningsmanglar. I dette tilfellet dreier regelen seg om opplysningar som seljaren faktisk har gitt, til dømes i annonsar eller på emballasjen. Dersom vara ikkje svarer til desse opplysningane, har ho mangel, med mindre seljaren tydeleg har retta opplysningane før kjøpet, eller dersom opplysningane ikkje kan ha verka inn på kjøpet.

    § 16(1) d: Denne regelen handlar også om opplysningsmanglar. No dreier det seg om mangel på nødvendige opplysningar om installering, montering, bruk og stell. Det er til dømes ein klar mangel dersom ei vare ikkje har fullverdig bruksrettleiing på norsk dersom ein brukarmanual er nødvendig.

  6. Kva har § 16(3) å seie for mangelspørsmålet?

    Etter forbrukarkjøpslova § 16(3) kan kjøparen ikkje gjere gjeldande som mangel noko han kjende til eller måtte kjent til ved kjøpet. Ein synleg bulk i ein bruktbil bør bli oppdaga på førehand og kan da ikkje bli vist til som ein mangel. Er derimot bilen ny, eller har seljaren uttrykkjeleg sagt at bilen ikkje har bulkar, er bulken ein mangel.

  7. Kva kan vere mangel etter forbrukarkjøpslova § 17?

    Er vara seld «som ho er», «som ho står», «som vist» og vara er vesentleg dårlegare enn forbrukaren hadde grunn til å rekne med, ligg det likevel føre mangel etter forbrukarkjøpslova § 17(1) a. Atterhald av denne typen har til formål å få tingen seld raskt til ein rimeleg pris. Regelen skjerpar undersøkingsplikta forbrukaren har etter § 16(3) før kjøpet. Det er likevel grenser for kva slags ansvarsfråskriving som er mogleg etter denne regelen. Forbrukaren har krav på ein viss minstestandard sett i lys av kjøpesummen og forholda elles.