Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 104

2.6.3

Den rettslege vurderinga av dei ulike marknadsføringsopplegga skjer ut frå reglane i marknadsføringslova frå 2009 fordi utsegnene gjeld kontroll med marknadsføring, handelspraksis og avtalevilkår mellom forbrukar og ein næringsdrivande, jf. § 1, sjå § 4.

  1. Det kan vere urimeleg overfor forbrukarane ikkje å oppgi den prisen (med meirverdiavgift) som dei faktisk skal betale, jf. § 6 første ledd, sjå andre ledd. Utsegna kan også vere i strid med § 7 første ledd bokstav c om (villeiande handlingar).
  2. Det kan vere både urimeleg handelspraksis etter § 6 første ledd og ei villeiande handling etter § 7 første ledd bokstav c, å seie at ein har dei lågaste prisane i landet dersom dette ikkje kan dokumenterast som sant.
  3. Annonsen oppmodar nærmast til køyring i strid med vegtrafikklova og kan av den grunn vere urimeleg og i strid med marknadsføringslova, jf. § 2 første ledd, sjå § 7 første ledd.
  4. Annonsen speler på sterke kjensler. Nokre annonsar som i for sterk grad har spelt på dette, har vorte erklærte som urimelege overfor forbrukarane etter § 1, (1) og (2).

2.6.4

Reklameutsegnene nedanfor blir vurderte ut frå reglane i marknadsføringslova frå 2009 fordi utsegnene gjeld kontroll med marknadsføring, handelspraksis og avtalevilkår mellom ein forbrukar og ein næringsdrivande, sjå § 1 og § 4.

  1. Spørsmålet er om utsegna er urett og villeiande, eller om det er ei vanleg overdriving som ingen tek på alvor, sjå marknadsføringslova § 2 (1) og (3), sjå § 6 og § 7. Det kryr av slike overdrivingar i marknadsføringa utan at Forbrukarombodet forfølgjer sakene, men det er ikkje til hinder for at marknadsføringa i prinsippet kan vere ulovleg.
  2. Spørsmålet er om utsegna er urimeleg mot forbrukarane (§ 2) og villeiande (§ 7). Utsegna er nokså vanleg og kan bli oppfatta som openberr overdriving.
  3. Eg vil tru at utsegna er urett. Ingen blir slankare av massasje frå vibrerande sugeskåler. Eg trur utsegna er i strid med marknadsføringslova § 6 og § 7.
  4. Spørsmålet er om annonsen er villeiande (§§ 2, 6 og 7). Utsegna kan vere lovleg dersom bedrifta kan dokumentere at produktet er selt før til betydeleg høgare pris enn kr 1 400.
  5. Bruk av ordet garanti overfor forbrukarar er ulovleg dersom garantien ikkje gir betre rettar til forbrukaren enn dei han elles har etter forbrukarlova, sjå marknadsføringslova § 23. Garantien må heller ikkje avgrense den reklamasjonsretten forbrukaren har etter forbrukarkjøpslova § 27. Garantiar kan knyte seg til reklamasjonstid og til eigenskapane og funksjonen til eit produkt. Ein garanti betyr som regel at forbrukaren ikkje treng å bevise at ein feil skuldast ein mangel som vara hadde alt på kjøpstidspunktet. Det stiller forbrukaren betre enn den rettsstillinga han elles har etter lovene.
  6. Utsegna er urimeleg etter § 6 og villeiande etter § 7 dersom forbrukaren må kjøpe noko for å bruke «gratis»-tilbodet.
  7. Utsegna er villeiande og i strid med § 6 dersom gummikjettingar ikkje er sterkare enn stål.
  8. Utsegna vil vere villeiande og i strid med §§ 6 og 7 dersom føresetnaden om avgrensa mengd ikkje er rett, eller dersom det ikkje kan dokumenterast at produktet er selt før til det dobbelte av avslagsprisen.

2.6.5

  1. Påstandane om «varm som ull» og «mange ganger sterkere», må kunne dokumenterast, jf. § 3(2). Teksten kan også vere urimeleg etter § 6 eller villeiande etter § 7.
  2. Rabatten er lovleg under føresetnad av at han er reell i forhold til den prisen som mopeden faktisk blir seld for. Om bruken av ordet garanti, sjå § 5 bokstav e og § 23.
  3. Forbrukaren har krav på retting etter forbrukarkjøpslova § 29. Tilbodet om gratis reparasjon i eitt år er derfor villeiande etter § 7 fordi forbrukaren etter forbrukarkjøpslova har minst to års reklamasjonstid på feil som kameraet hadde på kjøpstidspunktet. Denne garantien gir ikkje forbrukaren betre rettar enn dei han har etter lova. Garantien er derfor ulovleg, jf. marknadsføringslova § 5 bokstav e, § 6, § 7 og § 23.