Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 33

  1. Kva er eit forbrukarkjøp?

    Eit forbrukarkjøp ligg føre når ein fysisk person, som ikkje hovudsakleg opptrer i næringsverksemd, kjøper ein ting av ein næringsdrivande, jf. forbrukarkjøpslova § 1 (1), sjå (2) og (3). Kort sagt: Kjøparen må vere forbrukar og seljaren må vere næringsdrivande. Kjøper du ei lærebok hos bokhandlaren, er det eit forbrukarkjøp, men ikkje dersom du kjøper ei brukt bok av ein elev.

    Forbrukarkjøpsomgrepet vart vesentleg utvida, og næringskjøp tilsvarande innskrenka, da forbrukarkjøpslova vart vedteken i 2002. Tidlegare var det eit vilkår at forbrukarkjøp hadde privat bruk som hovudformål. No er det tilstrekkeleg at kjøparen er ein forbrukar som ikkje hovudsakleg opptrer i næringsverksemd. Kjøp av ting som arbeidstakarar gjorde til bruk i yrket sitt, vart tidlegare vurdert som næringskjøp. Etter 2002 er slike yrkesinnkjøp i arbeidstakarforhold rekna som forbrukarkjøp. Ein tilsett fiskar som kjøper ein regndress for å bruke han på jobben, har gjort eit forbrukarkjøp som før var næringskjøp. Tilsvarande gjeld for ein skogsarbeidar som kjøper seg ei motorsag eller ein tilsett snikkar som kjøper ein drill for å bruke tinga i yrkesutøvinga si. På den måten blir slike kjøp beskytta av forbrukarlovgivinga, med ufråvikelege lovreglar, og tvistar kan bli behandla av Forbrukarklageutvalet.

  2. Kva er eit privatkjøp?

    Eit privatkjøp er kjøp av ting mellom forbrukarar. Eit slikt kjøp har vi når du kjøper ein moped til privat bruk av ein venn som ikkje opptrer i næringsverksemd. Tvistar blir løyste etter kjøpslova frå 1988, men blir behandla i Forbrukarklageutvalet, jf. forbrukarklagelova § 1(1).

  3. Kva er eit næringskjøp?

    Næringskjøp er kjøp mellom næringsdrivande i eller for verksemda deira. Sal av varer frå produsent til grossist og frå grossist til detaljist er typiske næringskjøp. Tvistar blir løyste etter kjøpslova frå 1988, og dei blir ikkje behandla av Forbrukarklageutvalet, jf. forbrukarklagelova § 1(4) bokstav c.

  4. Kva slags kjøp er regulert av forbrukarkjøpslova?

    Forbrukarkjøpslova regulerer forbrukarkjøp, jf. § 1.

  5. Kva slags kjøp er regulert av kjøpslova?

    Kjøpslova frå 1988 regulerer privatkjøp og næringskjøp, jf. § 1.

  6. Kva er meint med at ei lov er ufråvikeleg?

    At ei lov er ufråvikeleg, vil seie at ho ikkje kan fråvikast ved avtale. Eit meir fagleg ord for «ufråvikeleg» er «preseptorisk». Ufråvikelege lovreglar står derfor i motsetningsforhold til prinsippet om avtalefridom. Dei generelle prinsippa i kontraktsretten om avtalefridom føreset lojale og likeverdige kontraktspartar. Når denne føresetnaden sviktar, er det aktuelt med ufråvikelege lovreglar. Formålet er å sikre interessene til den svake parten i avtaleforholdet. Vi har ufråvikelege lovreglar innanfor område som tomtefeste (leige av husgrunn), kjøp av fast eigedom, kjøp av ting, kjøp av tenester og i lover på ei rekkje andre rettsområde der det er behov for å beskytte forbrukarane.

  7. Kva for kjøp har ufråvikelege lovreglar?

    Forbrukarkjøp er regulerte av ufråvikelege lovreglar, jf. forbrukarkjøpslova § 3. Dette inneber til dømes at partane ikkje kan avtale at seljaren ikkje skal ha kontraktsrettsleg erstatningsansvar, eller at kjøparen fråskriv seg retten til å heve kjøpet.

  8. Kva for kjøp har fråvikelege lovreglar?

    Privatkjøp og næringskjøp er regulerte av fråvikelege lovreglar, jf. kjøpslova § 3.

    Avtalar om privatkjøp eller næringskjøp som ein i prinsippet kan inngå fritt utan å bli ramma av ufråvikelege reglar, kan likevel bli kjent ugyldige etter reglane i avtaleretten. Reglane i avtalelova om ugyldigheit blir behandla seinare i boka.