Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 45–47

2.2.4

Kjøpet er eit forbrukarkjøp og skal løysast på grunnlag av forbrukarkjøpslova.

Spørsmålet er om Petter kan heve kjøpet på grunn av den forseinka leveringa. Grunnlaget for å heve eit kjøp på grunn av forseinking finn vi i § 23. Petter kan heve kjøpet etter å ha sett ein rimeleg tilleggsfrist, jf. § 23(1). Kva som er rimeleg tilleggsfrist, må vurderast konkret. Det kan nemnast at forbrukarar alltid har krav på levering innan 30 dagar dersom leveringstidspunktet ikkje er avtalt, jf. § 6. Det kan derfor argumenterast med at tilleggsfristar på 30 dagar eller mindre alltid er rimelege. Sidan brannen har ført til at ein ikkje kan vente noka levering innanfor ein rimeleg tilleggsfrist, kan Petter heve kjøpet alt no.

2.2.5

Det kan reisast tvil om kjøpet er eit forbrukarkjøp eller eit privatkjøp. Dersom Ola er gardbrukar eller liknande som opptrer i næringsverksemd (forbrukarkjøpslova § 1), er kjøpet eit forbrukarkjøp. Dette blir lagd til grunn for den vidare drøftinga.

Oppgåva reiser også spørsmål om risikoovergang. Spørsmålet blir løyst på grunnlag av forbrukarkjøpslova § 14, jf. §§ 6 og 7. Risikoen for hesten går over når forbrukaren har overteke han. «Overteke» blir tolka som at forbrukaren må ha fått hand om hesten, og det har han ikkje når hesten framleis er hos seljaren. Det er derfor seljaren som hadde risikoen da lynet drap hesten.

Hesten kan ikkje leverast som avtalt fordi han vart drepen. Vi kan derfor konstatere forseinking ved at levering ikkje har skjedd. Etter forbrukarkjøpslova § 23 skal forbrukaren setje ein rimeleg tilleggsfrist, og først etter utløpet av tilleggsfristen kan kjøpet hevast. Det er likevel klart at hesten aldri kan bli levert som avtalt. Det er det same som å seie at hesten aldri vil bli levert innanfor ein rimeleg tilleggsfrist, uansett kor lang denne tilleggsfristen er. Kjøpet må derfor kunne hevast alt no.

Det ligg her føre eit såkalla antesipert misleghald. Det er alminneleg anteke i teorien at kjøparen kan rette krav mot seljaren ved antesipert misleghald som om misleghaldet alt har skjedd. Det inneber at Ada ikkje treng å vente til det avtalte leveringstidspunktet før ho rettar krav mot seljaren.

Dersom kjøpet er eit privatkjøp, skal oppgåva løysast på grunnlag av kjøpslova frå 1988, jf. §§ 13 og 6. Risikoen går over på kjøparen når tingen er overteken (§ 6(2)). Risikoen ligg hos seljaren.

Som privatkjøp kan kjøpsavtalen hevast etter kjøpslova § 25 når det er klart at det ligg føre (eller vil liggje føre) ei vesentleg forseinking. Manglande levering er sjølvsagt ei vesentleg forseinking.

Det er etter dette klart at Ida kan heve kjøpet. Idas forplikting til å betale kjøpesummen fell bort, jf. forbrukarkjøpslova § 49 og kjøpslova § 64.

2.2.6

Ada Lund er forbrukar, og Audio AS er ein seljar som opptrer i næringsverksemd. Kjøpet er derfor eit forbrukarkjøp etter forbrukarkjøpslova § 1. Oppgåva skal av den grunn løysast på grunnlag av forbrukarkjøpslova frå 2002.

  1. Kameraet skulle etter avtalen ha vore levert innan 23. oktober. Ada hadde sett som vilkår levering innan 23. oktober og samstundes understreka at denne fristen måtte haldast på grunn av ferien. Dette kan tolkast som om levering innan 23. oktober var avgjerande for at Ada var villig til å inngå avtalen. Ho kunne derfor, i medhald av § 23(2), ha heva kjøpet med ein gong 23. oktober. Ho var såleis ikkje forplikta til å gi seljaren ein tilleggsfrist til 31. oktober. Ada valde likevel å gi ein tilleggsfrist, og når seljaren heller ikkje greidde å halde den fristen, må Ada kunne heve kjøpet, jf. § 23(1).

    Det er opplyst at Ada reklamerte 15. november. Opplysninga innbyr til å drøfte om Ida reklamerte for seint. Etter § 23(3) må ho reklamere innan rimeleg tid dersom ho ønskjer å heve eit kjøp der leveringa har skjedd, men for seint. I dette tilfellet har det ikkje vore noka levering. Det gjeld derfor ingen reklamasjonsfrist etter forbrukarkjøpslova, men ho kan i prinsippet tape retten til å heve på grunnlag av lovbestemte foreldingsreglar eller alminnelege, ulovfesta passivitetsreglar. Uansett, reklamasjon 15. november er i rimeleg tid.

  2. Neste spørsmål er om Ada kan krevje erstatning for meirutgiftene til å kjøpe kamera frå ein annan butikk. Retten til erstatning følgjer av forbrukarkjøpslova § 24. Ansvarsgrunnlaget kan utleiast av § 24(2), som seier at seljaren kan fritakast for ansvar dersom leveringshindringa har å gjere med forhold utanfor seljaren sin kontroll. Vi seier at seljaren har «kontrollansvar». Problem hos underleverandørar blir rekna for å vere innanfor det området som høyrer til seljaren sin kontroll. Det ligg derfor føre ansvarsgrunnlag. Ada har derfor krav på erstatning for det økonomiske tapet som leveringsforseinkinga har påført henne, jf. § 52. Men kva slags tap har ho eigentleg hatt?

    Adas tap kan setjast til den økonomiske verdien av å vere utan videokameraet i perioden frå 31. oktober til levering kan skje. Oppgåva opplyser om mellombels produksjonsstans ved fabrikken i Tyskland, men opplyser ikkje om kor langvarig stansen er. Uansett, Ada har etter § 54 plikt til å avgrense tapet. Ho treng ikkje tape meir enn leigeverdien av eit tilsvarande kamera i forseinkingsperioden. Dersom seljaren til dømes kan levere det avtalte kameraet innan ein månad etter 1. november, har Ada krav på å få erstatta utgifter til å leige eit tilsvarande kamera i ein månad. Ho har ikkje krav på å få meirutgiftene ved dekningskjøp erstatta i eit tilfelle som dette.

2.2.7

Læraren har løysingsforslag

2.2.8

Læraren har løysingsforslag

2.2.9

Læraren har løysingsforslag