- Øvingar side 33
- Øvingar side 38–39
- Øvingar side 45–47
- Øvingar side 50
- Øvingar side 55–56
- Øvingar side 59
- Øvingar side 70–75
- Øvingar side 81–82
- Øvingar side 89–92
- Øvingar side 96
- Øvingar side 101
- Øvingar side 104
- Øvingar side 107–108
- TEST DEG SJØLV side 33
- TEST DEG SJØLV side 37
- TEST DEG SJØLV side 50
- TEST DEG SJØLV side 55
- TEST DEG SJØLV side 59
- TEST DEG SJØLV side 70
- TEST DEG SJØLV side 80
- TEST DEG SJØLV side 88
- TEST DEG SJØLV side 95
- TEST DEG SJØLV side 100–101
- TEST DEG SJØLV side 104
- TEST DEG SJØLV side 107
TEST DEG SJØLV side 104
- Kva kan vere urimeleg handelspraksis etter § 6?
Ein handelspraksis er urimeleg dersom han er i strid med god forretningsskikk og er eigna til i vesentleg grad å endre den økonomiske åtferda til forbrukarane. Det kan vere i strid med desse vilkåra å lage reklame med for sterke verkemiddel eller la produktet få eigenskapar som det slett ikkje har. Det er også urimeleg å gi inntrykk av at eit salstilbod er spesielt og kortvarig, mens det i verkelegheita er eit vanleg tilbod, jf. marknadsføringslova § 6.
- Kva er meint med villeiande handlingar etter § 7?
Ein handelspraksis er villeiande dersom han til dømes gir forbrukarane urette og usanne opplysningar om hovudeigenskapane ved produktet eller prisen. Denne regelen rammar mange forhold. Den som sel elevplassar på eit «englekurs», kan bli ramma av regelen dersom det er uttrykkjeleg sagt at ein ved å delta på kurset vil komme i kontakt med englar.
Det hender ofte at ei vare blir tilboden som «gratis» eller med liknande uttrykk. Det er villeiande dersom retten til å få vara gratis er knytt til kjøp av ei anna vare eller yting. Da er vara i verkelegheita ikkje gratis. «Gratis kaffi til alle kundar» er lovleg, men «Ein gratis pose kaffi til alle som kjøper eit kaffikrus» vil vere villeiande og ulovleg.
- Kva er meint med villeiande utelatingar etter § 8?
Ein handelspraksis er villeiande dersom seljaren utelèt vesentlege opplysningar som forbrukaren treng for å ta ei avgjerd. Eit flyselskap som lèt vere å seie at avgifter og gebyr kjem i tillegg til den formelle prisen, kan ha opptredd i strid med denne regelen.
- Kva er meint med aggressiv handelspraksis etter § 9?
Ein handelspraksis er aggressiv dersom det er teke i bruk trakassering, tvang eller annan utilbørleg påverknad for å få forbrukaren til å kjøpe noko. Slike handlingar kan også vere straffbare. Ein slik handelspraksis er likevel berre å rekne som aggressiv dersom han er eigna til å påverke forbrukaren til å ta ei økonomisk avgjerd som han eller ho elles ikkje ville teke.