Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Oppgåveløysing

Innhald

Om rettstvistar
Les oppgåva godt
Løysingsmal
Praktiske råd
Krav til eksamen

Av erfaring veit vi at elevane har stor nytte av løysingsmalar. Likevel bør du ikkje låse deg fast i slike løysingsmønster, for i nokre oppgåver kan det vere nødvendig med ein annan tilnærmingsmåte.

Om rettstvistar

I ein rettstvist står påstand mot påstand. Di oppgåve er finne fram til dei påstandane, grunnlaga og motsegnene som partane gjer gjeldande.

Ei praktisk oppgåve går ut på å gi ei rettsleg vurdering av eitt eller fleire spørsmål i ein tvist, der ei bestemt saksframstilling er utgangspunktet. I slike oppgåver er rettsspørsmåla anten kamuflerte i teksten eller lista opp i slutten av oppgåva.

Motsegnene kan vi dele i to grupper. Først har vi dei som direkte refererer til grunnlaget for kravet frå motparten, og som vanlegvis går ut på at kravet blir avvist. Den andre typen kallar vi sjølvstendige motsegner. Dei tek opp heilt nye forhold som ikkje har direkte samanheng med grunnlaget til motparten.

Til toppen

Les oppgåva godt

Les nøye gjennom oppgåva slik at du veit kva oppgåva krev. Forhast deg ikkje slik at det oppstår misforståingar.

Til toppen

Løysingsmal

  1. Kva er problemet?
    Avgrens problemet. Er du i tvil om kva oppgåva krev, bør du ta dei føresetnadene som er nødvendige for å løyse henne. Du bør unngå å tolke oppgåva slik at sentrale spørsmål blir overflatisk behandla.
  2. Kva for lovreglar er relevante?
    Gjer greie for hovudreglar og unntak i lovverket. Unngå å skrive av store delar av lovteksten, bruk berre sitat av sentrale moment.
  3. Drøft rettsspørsmåla.
    Her skal du presentere og drøfte argument som taler for og imot alle grunnlag og motsegner ved bruk av rettskjelder. Du skal også grunngi kvifor nokre argument er meir avgjerande enn andre. Det er viktig å hugse at ein tvist har to sider. Framstillinga skal vere i balanse.
  4. Konklusjon
    Drøftinga blir avslutta med ein konklusjon. Konklusjonen skal vere kort og berre gi svaret på det/dei rettsspørsmåla som er reiste.
Til toppen

Praktiske råd

Hugs å disponere oppgåva på ein logisk måte. Svaret skal vere systematisk og oversiktleg. Skriv svaret i sakprosa – å setje det opp som stikkord er uheldig.

Evne til å formulere seg klart, presist og sakleg er vesentleg. Dessutan er kravet om haldbarheit viktig – at tolkinga di av lovreglane held mål.

Den juridiske metoden er ikkje perfekt slik at vi alltid kjem fram til klare og eintydige resultat. I jussen er det opning for tvil. Det må vi leve med, sjølv om nokre føretrekkjer svar med to strekar under. Likevel må du velje ei løysing ut frå argumentasjonen din. Dersom det er rimeleg tvil om løysinga, bør du unngå ein for skråsikker konklusjon.

Til toppen

Krav til eksamen

Til eksamen blir det lagt vekt på at du kan

  • bruke juridisk metode
  • bruke juridiske omgrep og rettsreglar
  • drøfte eit juridisk problem
  • gjennomføre logiske resonnement
  • gi ei systematisk framstilling
  • trekkje ein konklusjon