Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Tolking

  1. Kva vil det seie å tolke ein lovtekst? Lovtolking vil seie å søkje etter meininga med ein lovregel slik dette er uttrykt av lovgivaren eller gjennom rettspraksis.
  2. Nemn nokre kjelder det er naturleg å bruke når du skal tolke ein lovtekst. Aktuelle rettskjelder ved lovtolking er lovteksten, lovforarbeida, rettspraksis, forvaltningspraksis og juridisk teori.
  3. Kva er innskrenka lovtolking? Innskrenka tolking vil seie at ein lovtekst blir brukt på eit mindre omfattande område enn det den språklege forståinga opnar for.
  4. Kva er utvida lovtolking? Utvida tolking vil seie at ein lovtekst blir brukt ut over den vanlege, språklege forståinga av lovteksten.
  5. Kva er analogisk tolking? Analogisk tolking er å gi lovteksten eit meiningsinnhald utanfor det som står i sjølve ordlyden. Ein kan til dømes tolke analogisk at dei reglane som gjeld for hundar, også gjeld for kattar.
  6. Kva er antitetisk tolking? Antitetisk tolking vil seie at du tolkar lova motsett av det som står i loven.
  7. Kva er ein rettskollisjon? Når to eller fleire rettsreglar gir ulike tolkingsresultat for det same rettsspørsmålet, vurderer dommarane først om problemet kan løysast med å harmonisere reglane. Dersom det ikkje lèt seg gjere, har vi ein rettskollisjon.
  8. Nemn dei tre prinsippa vi bruker for å løyse ein rettskollisjon. Dei tre prinsippa vi bruker for å løyse rettskollisjonar, kallar vi trinnhøgdeprinsippet, spesialregelprinsippet og tidsakseprinsippet.