Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Rettskjelder

  1. Kva er ei rettskjelde? Rettskjeldene gir oss innsyn i dei argumenta som er relevante når vi skal ta stilling til eit rettsspørsmål og resonnere oss fram til den rettsoppfatninga som gjeld.
  2. Nemn sju rettskjelder. Lovtekstar, lovforarbeid, rettspraksis, forvaltningspraksis, sedvane, juridisk teori og reelle omsyn.
  3. Kva for rettskjelder er mest nytta? Lovtekstar.
  4. Er ei forskrift like bindande som ei lov? Ja.-
  5. Kva er eit prejudikat? Høgsterettsdommar som dannar mønster for avgjerder i tilsvarande saker seinare, er kalla prejudikat.
  6. Nemn tre rettskjelder innanfor lovgivinga. Grunnlova, alminnelege lover og forskrifter.
  7. Gi døme på fire alminnelege lover. Verjemålslova, arvelova, likestillingslova og ekteskapslova.
  8. Kva er sedvanerett? Sedvanerett er uskrivne reglar som folk har brukt og innretta seg etter over lang tid i den trua at det er ein rettsregel.
  9. Kva er juridisk teori? Juridisk teori er rettsoppfatningar som kjem til uttrykk gjennom rettsvitskapen.
  10. Prioriter i kva rekkjefølgje du ville brukt desse rettskjeldene i ein rettstvist: Rettspraksis frå tingretten, lovtekst, juridisk teori og lovforarbeid. Lovtekst, rettspraksis frå tingretten, lovforarbeid og juridisk teori.
  11. Prioriter i kva rekkjefølgje du ville brukt desse rettskjeldene i ein rettstvist: Juridisk teori, sedvanerett og prejudikat. Sedvanerett, prejudikat og juridisk teori.