Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 16

  1. Kva er eit rettsspørsmål?

    Spørsmålet er behandla i læreboka på side 8. Eit rettsspørsmål er eit spørsmål om kva reglar som gjeld, og kva slags innhald desse har, når rettsreglar skal nyttast for å løyse ein rettstvist. Generelle rettsspørsmål gjeld alle, til dømes reglar om rettar forbrukarane har når dei har kjøpt ei mangelfull vare. Spørsmålet er generelt fordi det gjeld alle forbrukarar. Individuelle rettsspørsmål gjeld eit konkret tilfelle, til dømes om Nina (16 år) kan få erstatningsansvar for å ha sykla på og skadd ein fotgjengar.

  2. Kva er ei rettskjelde? Set opp ei liste over dei viktigaste rettskjeldene og forklar kort kva dei går ut på.

    Rettskjeldene er behandla i læreboka på side 11. Dei viktigaste rettskjeldene når du skal løyse praktiske oppgåver, er lovtekstar, utsegner i forarbeid, rettspraksis (særleg dommar som det er teke med utdrag av i læreboka) og juridisk teori så langt slik teori er nemnd i læreboka. Dei andre rettskjeldene, til dømes forvaltningspraksis, sedvane, reelle omsyn, folkerett, EU/EØS-rett osv., kan ha betydeleg vekt i nokre saker, men er ikkje like relevant for deg når du skal løyse praktiske oppgåver.

  3. Kva er meint med omgrepet lovtekst i vidaste meining?

    Lovtekst i vidaste meining omfattar ikkje berre stortingsvedtekne lover, men også forskrifter som er vedtekne på ulike nivå i forvaltninga. Eit skolereglement er derfor ein lovtekst i vid forstand. Det same er læreplanen i faget Rettslære. Lovtekstane som rettskjelde og trinnhøgdeprinsippet er behandla i læreboka på side 11.