Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Tolking av lovtekst – eit døme

Innhald

Kva er lovtolking?
Døme
Tolkingsresultatet

Kva er lovtolking?

Lovtekstar kan vere både upresise og tvitydige. Derfor må dei tolkast for å avklare kva som er gjeldande rett. Lovtolking står sentralt i jussen. Etter at vi har funne ein lovregel som vi vil bruke til å løyse eit rettsspørsmål, må vi ta stilling til korleis vi skal bruke han. Det vil seie at vi må utleie den rettsregelen lovteksten inneheld ved å tolke han. Her er det nødvendig å bringe inn andre rettskjelder. Vi hentar argument frå desse, som vi veg mot kvarandre.

Til toppen

Døme

For å illustrere dette tek vi utgangspunkt i verjemålslova§ 12 (1) andre alternativ, som seier:

En mindreårig råder selv over midler som vergen eller andre har latt den mindreårige få til egen rådighet, …

Når vi skal tolke denne rettsregelen, tek vi utgangspunkt i desse rettskjeldene:

  • lovteksten
  • rettspraksis
  • juridisk teori
  • reelle omsyn

Lovteksten

Den språklege forståinga av lovteksten er ikkje direkte til hinder for at mindreårige har fri disposisjonsrett over gåvemidlar. Lovteksten set heller inga nedre aldersgrense for ein slik disposisjonsrett. Det vil seie at lovgivaren har overlate til givaren å bestemme kor store gåvemidlar ein mindreårig kan ta imot og disponere fritt.

I forhold til den vanlege språklege forståinga kan lovteksten tolkast på fleire måtar:

  • innskrenka tolking
  • utvida tolking
  • analogisk tolking
  • antitetisk tolking
  • presiserande

Rettspraksis

Det er slått fast i nokre rettsavgjerder at formuleringa «latt den mindreårige få til egen rådighet» blir tolka slik at det krevst klare og tydelege haldepunkt for å seie at givaren stiller ei gåve til fritt rådvelde for ein mindreårig. Og jo større beløp det dreier seg om, desto klarare og meir tydelege bør haldepunkta vere.

Juridisk teori

Dei rettsoppfatningane som har komme fram gjennom rettsvitskapen og juridisk teori, støttar også kravet om konkrete haldepunkt gjennom til dømes gåvebrev, testament eller på annan måte.

Reelle omsyn

Sidan formålet med verjemålslova er å beskytte mindreårige mot å bli utnytta økonomisk, bør § 12 første ledd andre alternativ tolkast innskrenkande.

Til toppen

Tolkingsresultatet

Når alle argument for eller mot eit bestemt resultat ligg føre, må dei vegast mot kvarandre. Nokre får stor vekt, andre blir lite vektlagde. Deretter må ein ta eit val, trekkje ein konklusjon og komme fram til eit tolkingsresultat.

Eit tolkingsresultat gir uttrykk for korleis du forstår ein regel eller ei formulering i lovteksten etter at du har gått gjennom tolkingsprosessen. Tolkingsresultatet blir avgjerande for konklusjonen.