Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 361

  1. Kva er meint med rettsreglar, og kva skil rettsreglane frå andre reglar?

    Rettsreglane er kjenneteikna ved at dei er vedtekne av offentlege organa. Myndigheitene kan straffe eller utøve makt for å få folk til å følgje lovene og dei avgjerdene som domstolane tek med heimel i lovene. Den som bryt ein rettsregel, kan straffast med bot eller fengsel dersom det er bestemt at lovbrotet kan føre til straff. Sjølv om nokre lovbrot ikkje er straffbare, kan dei føre til erstatningsansvar.

    Andre reglar i samfunnet, som ikkje er rettsreglar, er kjenneteikna ved at dei ikkje er vedtekne av noko offentleg organ. Brot på desse reglane kan ikkje påføre deg straff eller erstatningsansvar der makta til myndigheitene kan nyttast til gjennomføringa. Som døme kan vi bruke ein regel frå Birkebeinerrennets reglement:
    Alle deltakere må bære sekk som skal veie minst 3,5 kg under hele rennet. Deltakere som ved målgang ikke har sekk som veier 3,5 kg eller mer, kan diskvalifiseres eller få tillegg i tid.

    Dette er ein regel, men ingen rettsregel. Du risikerer verken straff eller erstatningsansvar ved å bryte han.

  2. Korleis kan samfunnsforhold påverke lovene, og korleis kan lovene påverke samfunnsforhold?

    Kampen om knappe ressursar påverkar rettsreglane. Å forureine drikkevatnet kan vere eit meir alvorleg lovbrot i eit ørkensamfunn der vatn er ein avgrensa ressurs, enn det tilsvarande lovbrot er i Noreg. Tjuveri av hest var eit alvorleg lovbrot på 1800-talet da hesten spelte ei mykje større rolle i samfunnet enn han gjer i dag. Dødsstraff for hestetjuvar var vanleg i «Det ville vesten», skal vi tru westernfilmane.

    Heimlege døme på at samfunnsforhold påverkar lovane, kan vi hente frå ekteskapslova som no tillèt ekteskap mellom personar av same kjønn. Synet i samfunnet på homofile og lesbiske personar har endra seg mykje. Desse haldningsendringane førte til ei ekteskapslov som frå 1. januar 2009 likestilte ekteskap mellom personar av same og motsett kjønn.

  3. Kva typar reglar vart utvikla i ættesamfunnet?

    Rettsreglane i ættesamfunnet dreier seg først og fremst om reglar som vernar stamma mot ytre fiendar, og som bevarer næringsgrunnlaget. Ættesamfunnet utvikla derfor reglar om forræderi, feigskap i krig, plikt til militærteneste, osv. Eit drap som skjedde innanfor ei ætt, hadde verken høvdingen eller eldsterådet noko med. Det var ei intern sak innanfor ætta å straffe gjerningsmannen. Men dersom ein person i ei anna ætt vart drepen, var det ein trussel mot indre ro og orden i stamma. Det utvikla seg derfor ein tradisjon med blodhemn (feidar).

  4. Kva er meint med omgrepet «rettssubjekt»? Kven var rettssubjekt i ættesamfunnet?

    Rettssubjekt er den personen eller gruppa av personar som har rettar eller forpliktingar, til dømes eigedomsrett til bustad og andre eigedelar og ansvar for gjeld. I ættesamfunnet var det ætta og ikkje enkeltindividet som var rettssubjekt.

  5. Kva fekk bystatsutviklinga å seie for kven som var rettssubjekt?

    I det nære og fast organiserte samarbeidet mellom innbyggjarane i bystatane fekk ættefellesskapen ei stadig meir underordna rolle. I staden oppstod storfamilien som sosial primærgruppe. Her vart grunnlaget lagt for at individet og ikkje ætta var rettssubjekt.

  6. Kva er naturrett?

    Naturretten er ei idélære som vi kan spore attende til Hellas og antikken. Naturrettsteoretikarane meinte at det fanst uforanderlege og evige reglar som gjaldt alle menneske. Det var til dømes naturens orden at alle menneske var fødde frie og like, og da måtte det vere likskap for lova. Retten til livet innebar streng straff for den tok livet av andre.

    På 1600-talet vart desse tankane vekte til live att. Det fekk svært mykje å seie for rettsutviklinga i den vestlege verda.

  7. Kva fekk naturretten å seie for reglar om statsrett og privatrettslege reglar om ekteskap, avtalar osv.?

    På statsrettsområdet utvikla naturrettstenkjarane idear om maktfordeling, tankar som gav opphav til vår eiga grunnlov der statsmakta er delt inn i ei lovgivande, ei utøvande og ei dømmande makt. Naturretten la også grunnlaget for utviklinga av lover og konvensjonar om menneskerettar. Han fekk også mykje å seie på familierettsområdet. Ekteskap vart sett på som ein avtale mellom to sjølvstendige og frie personar. Når ekteskapet kunne stiftast ved avtale, kunne det også oppløysast ved avtale. Dette var eit brot med kyrkjeretten som såg ekteskapet som ei heilag handling som ikkje kunne oppløysast.

    Strafferetten vart humanisert. Naturrettstenkjarane retta rasande kritikk mot den torturen som prega strafferetten. Strafferetten bevegde seg etter kvart bort frå prinsippet om hemn og gjengjelding, og forbetringstanken slo stadig meir igjennom. Trusselen om straff skulle verke skremmande på andre lovbrytarar (allmennprevensjon) og på lovbrytaren (individualprevensjon). Det var naturrettstenkjarane som gav mange land eit puff i retning av å oppheve dødsstraffa.