Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 352

  1. Kva oppgåver har Menneskerettsdomstolen i Strasbourg?

    Menneskerettsdomstolen i Strasbourg i Frankrike er oppretta for å passe på at Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) blir følgd. Ein person som meiner å ha fått menneskerettane sine krenkt av staten, kan klage til domstolen i Strasbourg.

    Domstolen har sidan etableringa i 1959 gitt 40 dommar (per januar 2016) i saker mot Noreg, og i 28 av desse tilfella har dommane konstatert brot på Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK).

  2. Kva krav er stilte med heimel i EMK artikkel 6 til ein rettferdig rettargang i ei straffesak?

    EMK bestemmer at alle som er kjende skuldige av ein domstol i ei straffesak, skal kunne få skuldspørsmålet overprøvd av ein høgare domstol (EMK artikkel 6 samanhalden med tilleggsprotokoll nr. 7, artikkel 2). Men slik har det ikkje alltid vore i Noreg. Vi hadde før 1995 ei ordning der dei mest alvorlege straffesakene, dei som kunne gi fengsel i meir enn seks år, starta i lagmannsretten. Der vart skuldspørsmålet avgjort utan høve til å anke skuldspørsmålet vidare til Høgsterett. Noreg konstaterte på eige initiativ at dette var i strid med menneskerettane, og innførte «to-instansreforma». No startar alle norske straffesaker i tingretten, med høve til anke til lagmannsretten. Høgsterett kan framleis ikkje overprøve bevisvurderinga under skuldspørsmålet.

    Elles står det i EMK artikkel 6 at kvar den som er sikta, er å rekne som uskuldig inntil skuld er bevist, at sikta skal bli underretta om siktinga, få tilstrekkeleg tid til å førebu forsvaret sitt, rett til rettsleg hjelp etter eige val dersom han eller ho sjølv ikkje har tilstrekkelege midlar til å betale for advokat, og rett til å avhøyre vitne.

  3. Kva oppgåver har Den internasjonale domstolen i Haag?

    FN oppretta i 1946 Den internasjonale domstolen, som held til i Haag i Nederland. Domstolen var ei vidareutvikling av «Den faste domstolen for mellomfolkeleg rettspleie». Domstolen er FNs juridiske hovudorgan. Domstolen i Haag skal løyse rettstvistar mellom statar. Enkeltpersonar kan ikkje føre saker inn for denne domstolen. Sidan ein stat er suveren, kan han ikkje tvingast fram for domstolen, men godtek ein stat først å medverke i ei rettssak, er han også folkerettsleg forplikta til å følgje den avgjerda domstolen kjem fram til.

  4. Kva slags saker har Den internasjonale domstolen i Haag behandla med Noreg som part?

    Domstolen har sidan 1946 løyst tre saker der Noreg har vore innblanda, mellom anna konfliktane mellom Noreg og Storbritannia i 1951 om fiskerigrensa og tvisten mellom Noreg og Danmark i 1993 om fiskerisona mellom Jan Mayen og Grønland.

  5. Kva oppgåver har Den internasjonale straffedomstolen?

    Den internasjonale straffedomstolen, som vart etablert i 2002, er eit uavhengig internasjonalt organ. Han vart oppretta for å straffeforfølgje enkeltpersonar for krigsbrotsverk, brotsverk mot menneska og folkemord. Domstolen har sete i Haag i Nederland, men rettssaker kan haldast kvar som helst. Domstolen har 18 internasjonale dommarar og har si eiga påtalemakt. Påtalemakta disponerer også over ei etterforskingsavdeling.

  6. Kva har EU-retten, EU-domstolen og EFTA-domstolen å seie for praktiseringa av norske lover?

    Lovgivinga i Den europeiske unionen (EU) fungerer ved at den sentrale administrasjonen i EU (Europakommisjonen) vedtek direktiv på ulike rettsområde, og medlemslanda blir forplikta til å vedta lover som samsvarer med direktiva. EU-domstolen er ein domstol som passar på at medlemsstatane følgjer direktiva. På denne måten får EU-landa like lover på ei rekkje område, til dømes om avtaleinngåing, kjøp av varer og tenester, kredittavtalar og forsikringsavtalar.

    Noreg er knytt EU gjennom EØS-avtalen – Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet. Norge, Island og Liechtenstein høyrer til EFTA (European Free Trade Association), som er restane av eit frihandelsforbund etter at dei andre landa i Europa danna EU. EU og EFTA-landa er partar i EØS-avtalen. Dei direktiva som forpliktar EU-landa til å vedta nasjonale lover, forpliktar ikkje Noreg før vi har godteke dei. Sjølv om Noreg har høve til å nekte å følgje eit direktiv, kan ei nekting ha store negative konsekvensar for Noregs økonomiske samkvem med EU. Vi har derfor i praksis godteke nesten alle EU-direktiva. På den måten fungerer Norge omtrent som eit kva som helst land i EU.

    EFTA-domstolen er ein domstol som passar på at EØS-avtalen blir følgd. Hovudkontoret ligg i Luxembourg. Ei av dei viktigaste oppgåvene til EFTA-domstolen er å gi rådgivande fråsegner om lover i Noreg og Island samsvarer med EU-direktiva.