Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 346

  1. Kva er ei straffesak, og kva skil ei slik sak frå sivile saker?

    Ei straffesak er ei sak som staten fører mot privatpersonar som har gjort straffbare lovbrot, til dømes tjuveri, promillekøyring, seksuallovbrot eller valdslovbrot. Saka gjeld spørsmålet om den tiltalte er skuldig, om vedkommande i så fall skal straffast, og kor streng straffa skal vere.

    Ei sivil sak gjeld kven av to partar som har rett. Oppgåva domstolane har i ei sivil sak, er å løyse rettslege konfliktar. Det er derfor ikkje først og fremst den heile og fulle sanninga som skal komme fram i dei sivile rettsforhandlingane. I straffesaker, derimot, gjeld sanningsprinsippet. Staten, representert ved påtalemakta, er ikkje ein vanleg part som vinn eller taper. Dukkar det opp opplysningar som taler for at tiltalte i ei straffesak skal frikjennast, er ikkje dette noko «tap» for aktor i saka. Han eller ho har fått fram sanninga, anten ho førte til frifinning eller felling.

  2. Korleis er gangen i ei straffesak?

    Ei straffesak startar med etterforsking som er basert på ei melding, eller dersom politiet på ein annan måte har fått kunnskap om eit mogleg straffbart forhold. Etterforskinga kan føre til at nokon blir gripen og sikta i saka. Etterforskinga skal skape grunnlag for eventuell tiltale eller for at saka blir lagd bort. Dersom påtalemakta vel å reise tiltale, startar saka i tingretten. Saka kan eventuelt ankast heilt eller delvis til lagmannsretten. Ho kan ankast vidare til Høgsterett, men ikkje spørsmål som knyter seg til faktiske forhold under skuldspørsmålet. Høgsterett tek berre stilling til spørsmål om saksbehandling, lovbruk og straffeutmåling.

  3. Kva er formålet med etterforskinga i ei straffesak?

    Straffesaker startar med at politiet set i gang med etterforsking. Hensikta med etterforskinga er å få fram tilstrekkelege opplysningar til å avgjere spørsmålet om tiltale. Arbeidet går ut på å avhøyre mistenkte personar, vitne eller andre som kan bidra til å opplyse saka. I tillegg sikrar politiet tekniske bevis.

  4. Kva er ei sikting?

    Etterforskinga kan peike ut ein eller fleire mistenkte personar. I mange tilfelle er mistanken så sterk at ein eller fleire mistenkte personar blir sikta, jf. straffeprosesslova § 82.

    Påtalemakta kan erklære ein mistenkt person som sikta, men pågriping, ransaking, beslag og liknande etterforskingsskritt gir også status som sikta.

  5. Kva har det å bli sikta å seie for den mistenkte?

    Status som sikta inneber mellom anna rett til forsvarar. Siktinga gir eit varsel om at lovbrytaren kan bli tiltalt. Det gir han eller henne ei sterk oppmoding om å vareta interessene sine og planleggje forsvaret saman med ein advokat.

  6. Kva vilkår må vere oppfylte for at ein mistenkt person kan gripast?

    Vilkåra for pågriping og fengsling går fram av straffeprosesslova § 171 og § 183. Grunnvilkåret er at lovbrotet kan føre til strengare straff enn seks månaders fengsel. I tillegg må det vere fare for såkalla unndraging (den mistenkte rømmer eller går i skjul), fare for å øydeleggje bevis (til dømes fjerning av dokument og påverking av vitne) eller fare for gjentaking av lovbrotet.

    Pågriping inneber at politiet tek den mistenkte i varetekt for å kunne etterforske saka nærmare. Det kan til dømes vere behov for å avhøyre den mistenkte og eventuelle vitne og for å kunne ransake bustaden til mistenkte og beslagleggje gjenstandar som kan vere eigna som bevis. Pågriping er det i hovudregelen påtalemakta som skal avgjere, til dømes ein statsadvokat eller politiadvokat.

  7. Kor lange kan politiet halde ein gripen person i varetekt?

    Vil påtalemakta halde på den som er gripen, må ho snarast råd og seinast den tredje dagen etter pågripinga framstille vedkommande for tingretten med krav om fengsling, jf. straffeprosesslova § 183.

  8. Kven avgjer spørsmålet om tiltale?

    Når etterforskinga har komme langt nok, blir spørsmålet om tiltale avgjort på grunnlag av opplysningane frå etterforskinga. Spørsmålet blir avgjort av påtalemakta, det vil seie riksadvokaten, ein statsadvokat eller ein politijurist, til dømes ein politiadvokat.

  9. Kva er eit førelegg, og kven kan gi førelegg?

    Påtalemakta kan velje å gi den tiltalte eit førelegg. Det er eit tilbod om å avgjere saka med bot. Saka blir avslutta dersom den sikta aksepterer tilbodet.

    Bruk av førelegg føreset at saka kan avgjerast med bot, jf. straffeprosesslova § 255. Gjerningspersonen kan sleppe unna med førelegg for tjuveri og underslag, jf. straffelova § 271, men ikkje for grov kroppskrenking eller kroppsskade, sjå straffelova §§ 272 og 272.

    Påtalemakta vurderer vanlegvis kor stor bota skal vere ut frå den private økonomien til den sikta. I nokre straffbare forhold er det opna for forenkla førelegg der bota blir sett etter ein taksttabell som berre tek omsyn til den ytre gjerningsbeskrivinga. Forenkla førelegg blir ofte brukt dersom ein har køyrt for fort (opp til ei viss grense).

  10. Kva oppgåve har eit konfliktråd?

    Påtalemakta kan overføre saka til eit konfliktråd. Vilkåret er da at både den fornærma og den sikta «samtykkjer», og at «saka eignar seg», jf. straffeprosesslova § 71 a. Behandling i konfliktråd er særleg aktuelt for mindre vinningslovbrot som tjuveri, skadeverk, bilbrukstjuveri og liknande saker og eignar seg best overfor unge lovbrytarar. Sedskaps- og valdslovbrot er ikkje eigna for slik behandling.

    Konfliktrådet fungerer slik at den fornærma og den sikta møtest andlet til andlet og kanskje blir samde om korleis den sikta kan gjere opp for seg. Dei kan til dømes bli samde om at tjuven skal gjere arbeid for den fornærma, reparere skaden eller betale erstatning. I slike tilfelle blir saka ikkje registrert i bøte- eller strafferegisteret, men det blir registrert at personen har hatt ei sak i konfliktrådet.

  11. Kva er vilkåra for å avgjere ei straffesak med tilståingsdom?

    Saka kan bli avgjord som tilståingsdom ved forenkla tingrett. Det er ikkje behov for ei omfattande behandling i tingretten dersom den tiltalte har tilstått utan atterhald. Da er det høve til å avgjere saka med ei forenkla behandling, jf. straffeprosesslova § 248. Tingretten avgjer da saka med berre éin dommar og ingen meddommarar.

    Ein tilståingsdom i forenkla tingrett føreset samtykke og tilståing utan atterhald frå den sikta. Det må også liggje føre andre opplysningar som støttar tilståinga, til dømes opplysningar frå eit vitne eller fingeravtrykk på ei glasrute.

  12. Korleis er tingretten samansett i straffesaker?

    Tingretten blir sett med éin fagdommar og to meddommarar. I alvorlege straffesaker der den sikta risikerer fengsel i meir enn seks år, kan retten bli utvida til to fagdommarar og tre meddommarar, jf. straffeprosesslova § 276.

  13. Korleis går ei hovudforhandling om straff føre seg i tingretten?

    Hovudforhandlinga i ei straffesak går føre seg etter reglane i straffeprosesslova kapittel 22.

    Leiaren for retten (fagdommaren) erklærer retten for sett. Han eller ho presenterer medlemmene i retten og partane og advokatane deira. Tiltalevedtaket blir lese opp. Leiaren for retten spør deretter tiltalte om han eller ho erkjenner seg skuldig etter tiltalen.

    Aktor er representanten for påtalemakta i saka. Han eller ho får ordet og held eit innleiingsforedrag. Dette gir retten ei kort oversikt over hovudpunkta i saka og bevisa politiet har.

    Forsvararen til tiltalte kan komme med merknader, men held ikkje noko eige innleiingsforedrag.

    Dersom det er ein eller fleire fornærma i saka, forklarer desse seg først. Deretter forklarer tiltalte seg dersom han eller ho er villig til det. Tiltalte får først spørsmål frå dommarane, deretter frå aktor og så frå forsvararen. Deretter forklarer vitna seg. Vitna til aktor blir avhøyrde først, deretter vitna til forsvararen. Alle aktørane får stille spørsmål til vitna.

    Deretter legg aktor og forsvarar fram bevis, til dømes dokument, bilete, gjenstandar og funn frå åstaden.

    Saka nærmar seg slutten. Aktor får ordet og held prosedyren sin (sluttinnlegget). Etter aktor held forsvararen prosedyren sin. Prosedyrane er oppsummeringa partane gjer av saka, der dei peikar på kva som blir rekna bevist, kva reglar som skal nyttast, og kva straff tiltalte bør få.

    Aktor og forsvarar får deretter ordet éin gong kvar (replikk og duplikk). Til slutt blir tiltalte spurd om han eller ho har noko å leggje til (det siste ordet).

    Deretter blir saka teken opp til doms. Dommarane trekkjer seg tilbake og drøftar saka. Nokre dagar eller veker seinare er dommen klar. Dommen blir forkynt for tiltalte, og saka er avslutta i tingretten.

  14. Kva er ein anke?

    Ein dom i tingretten kan ankast til lagmannsretten etter straffeprosesslova § 306. Ein anke er ei oppmoding om ny behandling av saka. Anken til lagmannsretten kan gjelde heile saka, men også berre delar av henne, til dømes saksbehandlinga, lovbruken eller straffeutmålinga. Ankefristen er to veker frå den dagen dommen i tingsretten vart kunngjord, jf. straffeprosesslova § 310.

  15. Korleis er lagmannsretten samansett under ankebehandlinga av ei straffesak?

    Korleis lagmannsretten er samansett, går fram av straffeprosesslova § 332 og §§ 352 og 355.

    Lagmannsretten skal normalt ha tre fagdommarar og fire meddommarar, jf. straffeprosesslova § 332. Dette kallar vi meddomsrett. Når det er anka over bevisvurderinga under skuldspørsmålet og lovbrotet kan føre til fengsel i meir enn seks år, skal lagmannsretten setjast med lagrette (jury). Lagretten skal ha ti medlemmer, jf. § 355.

  16. Kva reglar gjeld for å anke til Høgsterett?

    Straffesaka kan ankast til Høgsterett, men ikkje over feil ved bevisvurderinga under skuldspørsmålet, jf. straffeprosesslova § 306(2). Det kan derfor berre ankast til Høgsterett over feil ved saksbehandlinga, lovbruken og straffeutmålinga.

    Anke til Høgsterett føreset samtykke frå Høgsteretts ankeutval, jf. § 323(1).