Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 336

  1. Kva er ei sivil sak?

    Ei sivil sak er ein tvist om eit rettsforhold. Det vil seie at to eller fleire partar er usamde om kven som har rett, til dømes i spørsmål om fordeling av formue etter ei skilsmisse, barnefordeling, arv, arbeidsforhold og mykje anna.

  2. Kva er eit forliksråd, og kva oppgåve har det?

    Forliksrådet er ein meklingsinstitusjon med avgrensa domsmakt, jf. domstollova § 1(2). Kvar kommune har eit forliksråd med tre medlemmer som er valde av kommunestyret for fire år. Forliksråda meklar i sivile saker og dømmer i nokre tilfelle.

    Ei sivil sak startar som regel med at klagaren sender ei forliksklage til forliksrådet i den kommunen der den innklaga personen bur. Reglane om når forliksklage er nødvendig, står i tvistelova §§ 6-2 og 6-3.

  3. Kva for sivile saker må og kva for saker skal ikkje behandlast i forliksrådet før søksmålet kan gå til domstolane?

    Sjølv om hovudregelen er obligatorisk behandling i forliksrådet før ei sak kan bli behandla av domstolane, finst det ei rekkje viktige unntak, jf. tvistelova § 6-2. Barnefordelingssaker skal til dømes ikkje behandlast i forliksrådet, jf. § 6-2(1) bokstav a. Det blir ikkje sett på som forsvarleg at lekmenn i forliksrådet skal ta for seg så alvorlege saker. Eit anna døme er saker mot stat eller kommune, jf. § 6-2(1) bokstav b. Grunnlaget for forlik mellom ein privatperson og staten eller ein kommune reiser mange ofte kompliserte juridiske spørsmål som ikkje er eigna for behandling i forliksrådet.

  4. Korleis kjem eit sivilt søksmål til tingretten?

    Ei sivil sak går ikkje automatisk frå forliksrådet til tingretten. Saka må førast dit ved ei stemning.

    Stemninga er ei skriftleg oppmoding til retten om å få reise søksmål. Partane i saka blir no kalla «saksøkjar» og «saksøkte». Stemninga skal innehalde dei krava som saksøkjaren rettar mot den saksøkte, og dei grunnlaga krava byggjer på.

  5. Korleis kan tingretten vere samansett i eit sivilt søksmål?

    I sivile saker blir tingretten under hovudforhandlinga vanlegvis sett med ein fagdommar, men i kompliserte saker blir det unntaksvis bestemt at retten skal ha meir enn ein fagdommar, jf. tvistelova § 9-12. Meddommarar (ikkje juristar) blir ikkje med utan at partane krev det, eller at retten finn det ønskjeleg. Det er svært vanleg i sivile saker at retten berre har ein fagdommar og ingen meddommarar.

    Småkravprosess er ein enkel, hurtig og billig måte å behandle ei sak på ved tingretten, jf. tvistelova kapittel 10. Hovudforhandlinga blir vanlegvis gjennomført med munnlege forhandlingar i rettslokalet, men kan også gjennomførast som fjernmøte ved hjelp av telefon og datateknologi.

    Dommaren og advokatane har ikkje plikt til å vere kledde i svart kappe. I småkravprosessar hender det ofte at ein part eller begge partar er sjølvprosederande, det vil seie at dei fører saka si sjølv utan advokat for å redusere sakskostnadene.

    Småkravprosess er hovudregelen når partane er usamde om ein formuesverdi på under kr 125 000.

  6. Korleis kjem eit sivilt søksmål til lagmannsretten?

    Ein dom i tingretten kan ankast til lagmannsretten. I sivile saker som gjeld formuesverdiar under kr 125 000, må lagmannsretten samtykkje til behandlinga, jf. tvistelova § 29-13. Ved anke av ein dom som er behandla i tingretten etter reglane om småkravprosess, gjeld ikkje lenger reglane om avgrensing av sakskostnader.

  7. Korleis kan lagmannsretten vere samansett i eit sivilt søksmål?

    I ei sak har lagmannsretten tre fagdommarar: éin lagmann som leiar og to lagdommarar, jf. domstollova § 12.

    I sivile saker skal lagmannsretten ha to eller fire meddommarar i tillegg til dei tre fagdommarane, jf. tvistelova § 29-17, sjå § 9-12.

  8. Kva skal til for å få eit sivilt søksmål behandla i Høgsterett?

    Dommar frå lagmannsretten kan ankast til Høgsterett. Eit ankeutval på tre dommarar avgjer om ein anke skal behandlast, jf. tvistelova §§ 30-1 og 30-4.

  9. Korleis kan Høgsterett vere samansett i ei sak?

    Høgsterett har totalt 20 dommarar. Ein av dei er fagleg leiar med tittelen høgsterettsjustitiarius. Meddommarar deltek ikkje i Høgsterett.

    Ei sak blir vanlegvis behandla av fem dommarar. Det er kalla «behandling i avdeling».

    I særleg viktige saker blir saka behandla i storkammer med elleve dommarar. I heilt særlege tilfelle kan det bli bestemt at saka skal avgjerast av Høgsterett i plenum med alle dommarane.