Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 329

  1. Kva plass har domstolane i reglane om maktfordeling i Grunnlova?

    Maktfordelingsprinsippet i Noreg vart innført da Grunnlova vart vedteken i 1814. Statsmakta vart delt mellom ei lovgivande, ei utøvande og ei dømmande makt. Dei tre maktene har fått kvart sitt kapittel i Grunnlova (kapitla B, C og D). Domstolane, den dømmande makta, står det om i kapittel D. Stortinget og regjeringa kan ikkje bestemme korleis domstolane skal dømme i ei sak. Domstolane må vere uavhengige dersom dei skal sørgje for rettstryggleik og likskap for lova.

  2. Korleis blir tingretten sett med dommarar i ei sak?

    Ei sak kan vere ei sivil sak eller ei straffesak.

    I sivile saker blir tingretten sett under hovudforhandlinga vanlegvis med ein fagdommar, men i kompliserte saker blir det unntaksvis bestemt at retten skal ha meir enn ein fagdommar, jf. tvistelova § 9-12. Meddommarar (ikkje juristar) blir ikkje med utan at partane krev det, eller at retten finn det ønskjeleg. Det er svært vanleg i sivile saker at retten berre har ein fagdommar og ingen meddommarar.

    I straffesaker blir tingretten sett med éin fagdommar og to meddommarar. I mindre alvorlege saker der strafferamma er bot eller fengsel inntil eitt år, kan retten setjast utan meddommarar. I alvorlege straffesaker der den sikta risikerer fengsel i meir enn seks år, kan retten bli utvida til to fagdommarar og tre meddommarar, jf. straffeprosesslova § 276.

  3. Korleis blir lagmannsretten sett med dommarar i ei sak?

    I ei sak har lagmannsretten tre fagdommarar: éin lagmann som leiar og to lagdommarar, jf. domstollova § 12.

    I sivile saker skal lagmannsretten ha to eller fire meddommarar i tillegg til dei tre fagdommarane, jf. tvistelova § 29-17, sjå § 9-12.

    I straffesaker skal lagmannsretten normalt ha fire meddommarar i tillegg til dei tre fagdommarane, jf. straffeprosesslova § 332. I dei alvorlegaste straffesakene, der det er anka over skuldspørsmålet og straffa kan bli meir enn seks år, blir dei fire meddommarane erstatta av ein lagrett (jury) på ti medlemmer, jf. straffeprosesslova § 352.

  4. Korleis kan Høgsterett setjast med dommarar i ei sak?

    Høgsterett har totalt 20 dommarar. Ein av dei er fagleg leiar med tittelen høgsterettsjustitiarius. Meddommarar deltek ikkje i Høgsterett.

    Høgsteretts ankeutval består av tre høgsterettsdommarar og har fleire oppgåver, jf. domstollova § 4. Ei av oppgåvene er å avgjere om ei ankesak skal sleppe gjennom til behandling i Høgsterett, jf. tvistelova § 30-1 og straffeprosesslova § 323.

    Ei sak blir vanlegvis behandla av fem dommarar. Det blir kalla «behandling i avdeling».

    I særleg viktige saker blir saka behandla i storkammer med elleve dommarar. I heilt særlege tilfelle kan det bli bestemt at saka skal avgjerast av Høgsterett i plenum med alle dommarane.