Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 251

  1. Kva er meint med fengselsstraff?

    Fengselsstraff er fridomstap i ei nærmare bestemt tid.

    Minstestraffa er 14 dagar med mindre noko anna er bestemt i lova, sjå straffelova § 31. Det kan bli gitt utsetjing med fullbyrdinga av ei fengselsstraff (fengsel på vilkår). Det skjer ofte med unge lovbrytarar som er under 18 år, sjå § 33. Det individualpreventive formålet med fengsel på vilkår er innlysande. Dersom den domfelte ikkje gjer nye lovbrot i ei prøvetid, slepp han eller ho å sone straffa.

    Fengselsstraff til og med 120 dagar blir fastsett i dagar. Lengre fengselsstraff blir fastsett i månader og år.

  2. Kva er meint med forvaringsstraff?

    Forvaring er ei straff som blir nytta for alvorlege valdsbrotsverk, seksualbrotsverk, fridomstap eller eldspåsetjing, sjå § 40. Formålet med forvaring er å beskytte samfunnet mot lovbrot som er ein fare for liv, helse og fridom.

    Sjølv om ei forvaring i utgangspunktet må vere tidsavgrensa, kan retten avgjere forlengingar på inntil 5 år om gongen. Ein lovbrytar som er dømd til forvaring, kan i prinsippet bli forvara i kriminalomsorga resten av livet sitt. Dette er det nærmaste vi kjem livstidsdom i Noreg.

  3. Kva er meint med samfunnsstraff?

    Samfunnsstraff er ei straff som blir nytta i staden for fengselsstraff ved mindre alvorlege lovbrot. Slik straff kan gå ut på å påleggje lovbrytaren samfunnsnyttig innsats. Samfunnsstraff er berre aktuelt for lovbrot som elles berre ville gitt fengsel i mindre enn eitt år, jf. § 48 flg.

  4. Kva er meint med ungdomsstraff?

    Ungdomsstraff er ei ny form for straff som vart teken i bruk frå 1. juli 2014. I motsetning til samfunnsstraff er ungdomsstraff meint for ungdom som har fylt 15, men ikkje 18 år når dei har gjorde stadig nye eller alvorlege lovbrot, sjå strl. § 52 a. Ungdomsstraff er derfor ei form for soning i fridom med ei gjennomføringstid på minst 6 månader, men kan fastsetjast opptil 3 år, jf. § 52 b. Sjølve straffa blir gjennomført med ei form for samtaleterapi i møte mellom domfelte, offeret og andre som er involverte. Møta er kalla ungdomsstormøte. Det blir sett opp ein ungdomsplan med vilkår for korleis den domfelte skal leve livet vidare utan kriminalitet. Det kan til dømes setjast som ein del av vilkåra at den domfelte må halde seg unna rus og alkohol, gjennomføre utdanning osv. Dersom vilkåra blir brotne, risikerer den domfelte å måtte sone heile eller delar av den fengselsstraffa som ungdomsstraffa skulle erstatte. Ungdomsstraff føreset «samtykke» frå gjerningspersonen.

  5. Kva er meint med bot?

    Bot er ei straff som inneber betaling av pengar til staten, jf. strl. § 53. Bot må ikkje forvekslast med erstatning. Formålet med bota er å straffe, mens formålet med erstatninga er å gi skadelidde økonomisk gjenoppretting.

  6. Kva er meint med tap av rettar som straff?

    Tap av rettar omfattar først og fremst tap av retten til å ha ei bestemt stilling, til dømes når ein lege mister retten til å praktisere, eller når ein lærar mister retten til å undervise. Tap av rettar kan også omfatte tap av retten til å drive ei bestemt verksemd, til dømes som advokat, revisor eller tannlege, sjå strl. § 56.

  7. Kva er meint med omgrepa «hovudstraffer» og «andre strafferettslege reaksjonar»?

    Dei straffene som er nemnde i § 29, er hovudstraffer som ein normalt blir dømd til, til dømes anten forvaring, fengsel eller bot. Nokre av straffene kan ein dømmast til i kombinasjon med kvarandre, til dømes når ein blir dømd til fengsel i kombinasjon med tap av rettar.

    Straffelova § 30 listar opp andre strafferettslege reaksjonar enn dei som er nemnde i § 29. Desse kan vere tilleggsstraffer til ei av hovudstraffene, eller reaksjonar som kan nyttast når ikkje alle vilkåra for straff er oppfylte, til dømes når ein utilrekneleg person blir dømd til tvungent psykisk helsevern.