Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 302

  1. Kva er gjerningsbeskrivinga for kroppskrenking?

    Kroppskrenking er å krenkje kroppen sin integritet utan å skade han vesentleg, jf. § 271. Døme er slag, spark, klyp, lugging, strupetak, dytting og risting. Døma viser kroppskrenking ved vald. Fysisk kroppskrenking kan også skje utan vald, til dømes ved spytting, klipping av håret til ein person som søv, og liknande handlingar som det ikkje er naturleg å kalle vald. Kroppskrenking omfattar ikkje psykiske krenkingar (ytringar).

  2. Kva kan gjere ei kroppskrenking grov?

    Det skal særleg leggjast vekt på om kroppskrenkinga har hatt sterk smerte, skade eller død som resultat. Slike følgjer kan det berre leggjast vekt på dersom gjerningspersonen opptredde aktlaust med omsyn til desse følgjene, jf. § 24. Elles skal det leggjast vekt på dei momenta som er lista opp i § 272. Kroppskrenkinga er gjerne grov dersom ho er gjord utan grunn mot ein forsvarslaus person og har karakter av overfall, mishandling eller er rasistisk motivert, eller er utført med kniv eller ein annan særleg farleg reiskap.

  3. Kva er gjerningsbeskrivinga for kroppsskade?

    Kroppsskade er å skade kroppen eller helsa til ein annan, gjere nokon fysisk makteslaus eller framkalle bevisstløyse eller ein liknande tilstand, jf. § 273.

    Omgrepet «skade» blir tolka innskrenkande. Småskadar som går over, risp, kuler og eit ikkje altfor stygt blått auge blir subsumert som kroppskrenking. Meir varige skadar, som brot på eller tap av ei tann, er kroppsskade.

    Skade på helse må også vere nokså varig. Slik skade omfattar også angst eller andre psykiske lidingar som handlinga har ført til.

    Å bli sett i «avmakt» kan vere å bli bunden til ein stol, eller at offeret blir hypnotisert. Å framkalle bevisstløyse kan vere å slå nokon i svime, sjølv om bevisstløysa berre varte nokre sekund.

  4. Kva kan gjere ein kroppsskade grov?

    Ved grov kroppsskade skal det særleg leggjast vekt på om resultatet av handlinga var ulækjande lyte eller langvarig skade, sjukdom eller arbeidsuførleik, eller sterk smerte, betydeleg skade eller død. For alle desse resultata krevst det at gjerningsmannen var aktlaus med omsyn til følgja. Elles blir det lagt vekt på dei same momenta som også gjer ei kroppskrenking grov, jf. § 274.

  5. Kva er meint med betydeleg skade?

    Betydeleg skade er definert nærmare i § 11. Det er meint tap eller vesentleg svekking av ein sans, eit viktig organ eller ein viktig kroppsdel, vesentleg skamfaring, livsfarleg eller langvarig sjukdom eller alvorleg psykisk skade. Typiske døme er tap av syn, høyrsel, arm eller bein.

  6. Kva er meint med uforsettleg følgje?

    At ei følgje av ei straffbar handling er uforsettleg, betyr at ho ikkje er omfatta av forsettet, sjå § 24. Eit typisk døme er at gjerningspersonen gir nokon ein øyrefik slik at vedkommande mister fotfestet, fell bakover, slår hovudet i ein stein og døyr av skadane. Dersom dødsfølgja ikkje var forsettleg, kan gjerningspersonen ikkje dømmast for drap, berre for kroppskrenking.

  7. Kva er vilkåret for at ei uforsettleg følgje skal føre til strengare straff?

    Dersom gjerningspersonen som gav øyrefik i dømet ovanfor, var aktlaus med omsyn til dødsfølgja, det vil seie at han eller ho er å bebreide for ikkje å ha forstått at døden kunne bli utfallet, kan det dømmast for grov kroppskrenking (kroppskrenking med døden til følgje), sjå §§ 271 og 272, jf. § 24. Dersom gjerningspersonen ikkje var å bebreide, kom døden som eit hendeleg uhell. Da kan det berre straffast for vanleg kroppskrenking etter § 271.

  8. Kva er gjerningsbeskrivinga for drap?

    Gjerningsbeskrivinga for drap er enkel. Den som «drep ein annan», kan straffast for drap. «Å drepe» omfattar alle aktive handlingar som fører til at nokon døyr, til dømes ved å slå, stikke, skyte, forgifte eller liknande. «Å drepe» kan også omfatte unnlatingar, det vil seie passivitet. Har du omsorga for ein sjuk og hjelpelaus person, kan du bli dømd for drap dersom du lèt vedkommande liggje hjelpelaus og døy. RT-1978-147 (Ikkje-hjelp-dommen) er eit døme på ein dom for drap der gjerningspersonen ikkje hjelpte ein druknande person opp av vatnet.

  9. I kor stor grad kan samtykke vere straffridomsgrunn for eit valdslovbrot?

    Det går fram av § 276 at kroppskrenkingar etter §§ 271 og 272, kroppsskade etter § 273 og § 274(1) ikkje kan straffast dersom den fornærma har samtykt til handlinga. Typiske døme er visse former for sport, til dømes boksing eller bryting. Det er omstridd at straffriande samtykke blir omfatta av § 274(1). Det er til dømes straffriande dersom nokon gir samtykke til å bli hogd av to fingrar.

    Samtykke er ikkje straffriande for tilfelle av kroppsskade som er subsumerte under § 274(2), det vil seie samtykke til betydeleg skade. For kva som er betydeleg skade, sjå § 11. Samtykke er heller ikkje straffriande ved drap. Medkjensledrap (aktiv dødshjelp) er straffbart. Samtykke til å bli påført betydeleg skade eller til å bli drepen kan føre til lågare straff enn minstestraffa, sjå § 276(2).

    RT-2000-646 Dødshjelpsdommen
    Ein 82 år gammal lege sette dødelege sprøyter etter sterke oppfordringar frå ein svært sjuk pasient. Legen vart tiltalt for forsettleg drap. Forsvaret gjorde gjeldande nødrett fordi legen hadde «redda» pasienten frå ein særleg smertefull død. Høgsterett anerkjende ikkje handlinga som nødrett, og legen vart dømd for drap. Straffereaksjonen vart likevel så mild at den gamle legen slapp å sone straffa.

  10. Kva for andre straffridomsgrunnar kan vere aktuelle for valdslovbrot?

    Særleg nødverje, jf. § 18. Nødvendigheitsvilkåret og forsvarlegheitsvilkåret, jf. § 18(1) bokstavane b og c, blir særleg viktige som vurderingstema.

  11. Kva rolle speler kravet til forsett når det for same handling skal veljast mellom dom for kroppskrenking, kroppsskade eller drap?

    Skal det dømmast for drap etter § 275, må forsettet omfatte heile handlings- og følgjekjeda til og med dødsfølgja (dekningsprinsippet).

    Dersom A rispar med kniv i B og påfører han blodforgifting og deretter døden, må forsettet omfatte dødsfølgja. Elles har ikkje A drepe B.

    Dersom forsettet omfattar blodforgiftinga, kan A forsettleg med kniv (sjå § 274(1) bokstav f) ha påført B sjukdom som varer ei viss tid. A kan dømmast for grov kroppsskade.

    Dersom forsettet omfattar eit mindre risp med kniven, men ikkje blodforgiftinga eller døden, kan A berre dømmast for grov kroppskrenking fordi det vart brukt kniv, jf. § 271, jf. § 272 bokstav f.