Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 317

  1. Kva er meint med køyretøy?

    Køyretøy er definert i vegtrafikklova § 2(2) første punktum som innretning som er bestemt til å køyre på bakken utan skinner. Utvalet som i si tid la fram lovforslaget, brukte uttrykket «skjenelaus køyregreie».

  2. Kva er meint med motorvogn?

    Motorvogn er definert i vegtrafikklova § 2(2) andre punktum som køyretøy som blir drive fram med motor. Det må derfor vere ei motordriven innretning som er bestemt til å køyre på bakken. Dette utelukkar til dømes fly og båtar, men kan inkludere ei lang rekkje køyredoningar som sjølvgåande grasklipparar, ståhjulingar, elektriske rullestolar, gravemaskinar og andre anleggsmaskinar.

  3. Kva er meint med «å føre» ei motorvogn?

    Uttrykket blir mellom anna brukt for å beskrive den straffbare handlinga i vegtrafikklova § 22, som er å føre ei motorvogn når ein er påverka av alkohol osv.

    Omgrepet skal tolkast utvidande i lys av omsynet til trafikktryggleiken. Som regel er det klart at gjerningspersonen har ført motorvogna, men her kan det oppstå tvilstilfelle. Vi har rettspraksis for at den som trillar ein bil med avslått motor, blir rekna som førar. Det avgjerande er om bilen kan oppnå så stor fart at han er ein fare i trafikken på tilsvarande måte som om han vart køyrd på vanleg måte. Også den som sit ved sida og gir køyreopplæring, blir rekna som førar i høve til promillereglane.

  4. Kva er meint med å vere «påverka» av alkohol?

    Ifølgje vegtrafikklova § 22 er gjerningspersonen påverka dersom alkoholkonsentrasjonen i blodet er høgare enn 0,2 promille.

    Vegtrafikklova § 21 forbyr føring eller forsøk på føring av køyretøy (til dømes ein sykkel) når gjerningspersonen er i ein tilstand der han ikkje er skikka til å køyre på trygg måte. Grunnen til at ein er uskikka, kan vere påverknad av alkohol. Lova set her inga promillegrense. I prinsippet kan ein ha alkoholkonsentrasjon på under 0,2, men i praksis skal det nok ein god del til.

  5. Kva kan vere straffridomsgrunnar ved promillekøyring av motorvogn?

    Nødrett (straffelova § 17) er særleg praktisk som straffridomsgrunn ved promillekøyring. Nødverje (straffelova § 18) kan også vere aktuelt, til dømes promillekøyring for å flykte frå eit ulovleg angrep. Det finst ei rekkje dommar, både fellande og frifinnande, om nødssituasjonar og promillekøyring.

  6. Kva for eit krav til skuld stiller lova for å straffe for promillekøyring?

    Skuldkravet er forsett eller aktløyse, jf. vegtrafikklova § 31(1). Ved vurderinga av om gjerningspersonen handla forsettleg eller aktlaust, skal ein sjå bort frå rusen! Han eller ho skal vurderast som edru. Sjølv om gjerningspersonen var så alkoholpåverka at han eller ho faktisk ikkje forstod kva vedkommande gjorde, skal gjerningspersonen vurderast som edru. Med andre ord: Dersom du som edru forstod at du var full, og vel å køyre, skal handlinga vurderast som forsettleg, jf. straffelova § 20(2) og § 25(3).

  7. Kva samanheng er det mellom straffeutmåling og grad av alkoholrus?

    Straff for «promillekøyring med motorvogn» skal fastsetjast ut frå vegtrafikklova § 31(2). Regelen er ein detaljert tabell som viser forholdet mellom straff og graden av alkoholpåverknad. Legg merke til formuleringa «som regel». Det betyr at også andre forhold enn alkoholpåverknaden kan få noko å seie for straffeutmålinga. Straffa kan til dømes bli mildare dersom det låg føre ein nødssituasjon som ikkje var grunn nok for full frifinning. Straffa kan bli strengare dersom køyringa var særleg farleg og uforsvarleg.

  8. I kor stor grad kan du straffast for promillekøyring med køyretøy som ikkje har motor?

    Vegtrafikklova § 31(1) er generell og rammar forsettlege eller aktlause brot på lova. Det er derfor straffbart å bryte vegtrafikklova § 21, til dømes ved å sykle på trafikkert veg i ein tilstand der ein er uskikka til å køyre trygt på grunn av alkoholpåverknad. Promillesykling er derfor straffbart, men straffa blir målt ut skjønnsmessig utan bruk av tabellen i § 31(2), sjå § 31(3).

    Dersom syklinga har ført til skade eller død, er det aktuelt å straffe med heimel i straffelova § 280 eller § 281, det vil seie at ein aktlaust har valda skade eller død.

  9. I kor stor grad kan alkoholinntak etter køyring vere straffbart?

    Etterfølgjande alkoholinntak er straffbart etter vegtrafikklova § 22(5). Det å vere straffverdig varer i seks timar etter køyring når ein (forsettleg) forstår eller grovt aktlaust ikkje forstår at det kan bli politietterforsking som følgje av køyringa. Eit typisk døme er at ein har køyrt på eit menneske som blir skadd. Politiet skal alltid varslast ved ikkje ubetydelege personskadar, jf. § 12. Den som køyrer heim utan å varsle politiet, må rekne med politietterforsking, og tek han eller ho seg ein drink før det har gått seks timar, kan vedkommande bli straffa for promillekøyring.

    Er det alt teke blodprøve, eller har politiet komme utan at dei har bede om blodprøve, kan dette tolkast som at politiet har avgjort at slik prøve ikkje skal takast. Da kan du reise heim og roe nervane med ein drink utan å bli ramma av sekstimarsregelen.