Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 309

  1. Kva for tre kategoriar av miljøkriminalitet har vi?

    Forureiningskriminalitet, fauna- og florakriminalitet og kulturminnekriminalitet.

  2. Kva særlover har heimel for å straffe miljøkriminalitet?

    Forureiningskriminalitet kan bli straffa med heimel i forureiningslova frå 13. mars 1981 § 78. Fauna- og florakriminalitet kan bli straffa med heimel i viltlova frå 29. mai 1981 § 56 eller naturmangfaldlova frå 19. juni 2009 § 75, og den som gjer seg skuldig i lovbrot i samband med kulturminne, kan bli straffa med heimel i kulturminnelova frå 9. juni 1978 § 27.

  3. Kva former for miljøkriminalitet kan straffast på grunnlag av strl. § 240?

    Straffelova § 240 rammar forureiningar og fauna- og florakriminalitet.

    Paragraf 240(1) rammar forureining og avfallshandtering, men § 240(2) rammar fauna- og florakriminalitet.

    I begge tilfelle må kriminaliteten vere grov, det vil seie at handlinga fører til eller skaper nærliggjande fare for betydeleg skade.

  4. Kva slags miljøkriminalitet kan straffast på grunnlag av strl. § 242?

    Kulturminnekriminalitet. Det krevst betydeleg skade på kulturminne eller kulturmiljø som er særleg viktige nasjonalt. Eit døme kan vere å rive eit hus i den gamle bymiljøet på Røros, eller å halde fram med å grave med gravemaskin etter at ein har oppdaga restane frå ein buplass frå steinalderen.

  5. Kva er skuldkravet for straff etter strl. §§ 240 og 242?

    Skuldkravet er forsett eller grov aktløyse, jf. § 21, jf. § 22 og § 23(2). Vanleg aktløyse er ikkje straffbart etter desse reglane, men vil vere straffbart etter særlovene, sjå til dømes forureiningslova § 78(1).