Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 287

  1. Kva er gjerningsbeskrivinga for tjuveri?

    Kjernen i den objektive gjerningsbeskrivinga for tjuveri er å «ta ein gjenstand som tilhøyrer ein annan», jf. straffelova § 321. Vilkåret «ta» blir tolka som at det at nokon eig noko, må vere krenkt. Gjenstanden må vere teken frå nokon. «Gjenstand» blir tolka vidt. Det kan også vere pengar, men ikkje rettar. Vilkåret «tilhøyrer» betyr at eigedomsretten til nokon må vere krenkt. Tjuven må tileigne seg tingen (gjere han til sin eigen) og på den måten overta tingen som om han eller ho er ny eigar.

  2. Kva gjer eit tjuveri til grovt tjuveri?

    Tjuveriet kan vere grovt dersom det i tillegg til gjerningsbeskrivinga i § 321 ligg føre eitt eller fleire forhold som er nemnde i § 322.

    Tjuveriet kan vere grovt dersom gjenstanden er av «betydeleg verdi». Det er inga absolutt beløpsgrense, men ein går ut frå at ho ligg i nærleiken av kr 100 000.

    Tjuveriet kan også vere grovt dersom tjuven har teke seg inn i ein bustad eller eit fritidshus. Det er ikkje like alvorleg å bryte seg inn i ein bygning som ikkje er bustad, til dømes ein skole eller ein lagerbygning.

    Tjuveriet kan også vere grovt dersom det verkar profesjonelt utført eller er særleg samfunnsskadeleg.

  3. Kva gjør eit tjuveri til mindre tjuveri?

    Mindre tjuveri ligg føre når eit tjuveri er gjort med liten grad av skuld, særleg fordi den stolne gjenstanden har «ubetydeleg verdi», jf. § 323. Grensa er i praksis om lag kr 3 000.

  4. Kva er gjerningsbeskrivinga for underslag?

    Underslag er at ein ulovleg tileignar seg noko som gjerningspersonen sjølv har i sitt innehav («besittelse»), men som tilhøyrer ein annan, jf. § 324. Eit typisk døme er kasseraren som tek pengar frå kassa. Tjuveri er krenking av innehav og eigedomsrett, mens underslag berre er krenking av eigedomsretten.

  5. Kva skil underslag frå tjuveri?

    Tjuveri er krenking av innehav og eigedomsrett, mens underslag berre er krenking av eigedomsretten.

  6. Kva gjer eit underslag til grovt underslag?

    Kva som gjer eit underslag grovt, er lista opp i § 325. Underslaget kan vere grovt dersom verdien av det underslåtte er betydeleg, underslaget har gått føre seg over lengre tid, det er gjort ved brot på ein særleg tillit som følgjer med ei stilling, eit verv eller eit oppdrag, eller det er ført eller utarbeidd urette rekneskapar eller urett regnskapsdokumentasjon.

    Kva som er «betydeleg verdi», kan ikkje seiast nøyaktig. Som nemnt i svaret til spørsmål 2 ligg grensa på rundt kr 100 000.

  7. Kva gjer eit underslag til eit mindre underslag?

    Mindre underslag er underslag med lita straffeskuld, fordi det gjaldt ein ubetydeleg verdi og omstenda elles tilseier det, jf. § 326. Grensa for ubetydeleg verdi går ved om lag kr 3 000.

  8. Kva kan i praksis vere straffridomsgrunn for tjuveri og underslag?

    Nødrett er mest praktisk som straffridomsgrunn, til dømes dersom gjerningspersonen må stele eller underslå pengar, ting som kan seljast, eller mat for ikkje å svelte (i hel), jf. straffelova § 17.

  9. Kva for skuldkrav gjeld for tjuveri og underslag?

    Skuldkravet er forsett, jf. § 21, jf. § 22. Forsettet må også omfatte grunnlaus vinning for gjerningspersonen sjølv eller andre.