Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 265

  1. Kva er meint med nødrett?

    Nødrett er ei elles straffbar handling som er lovleg dersom ho reddar livet, helsa, formuen eller andre interesser til ein person frå ein alvorleg fare, sjå strl. § 17.

    Det er eit vilkår at den truande faren ikkje kan avverjast på ein annan rimeleg måte, jf. § 17 bokstav a. Det må til dømes vere urimeleg å vente på politi eller ambulanse dersom eiga promillekøyring til lege er så mye raskare at det kan redde livet til pasienten.

    Det er også eit vilkår at risikoen for skade frå den truande faren er mykje større enn risikoen for skade av nødrettshandlinga, jf. § 17 bokstav b. Det kan gjerast mykje ulovleg dersom faren er livstruande, men langt mindre dersom den truande faren er meir bagatellmessig. Ein kan ikkje lovleg promillekøyre pasienten til lege fordi han eller ho har fått ei flis i fingeren.

  2. Kva er meint med nødverje?

    Nødverje er lovleg sjølvforsvar mot eit ulovleg angrep på person eller eigedom, jf. straffelova § 18.

    Det er berre menneske som kan utføre eit «ulovleg angrep». Angrepet kan også vere retta mot eigedom, til dømes når ein tjuv tek seg inn i ein bustad for å stele.

    For det andre må nødverjehandlinga ikkje gå lenger enn «nødvendig». I ekstreme tilfelle kan det vere nødvendig å forsvare seg med skytevåpen eller kniv for å redde livet. Nødvendigheitsvilkåret inneber til dømes at den som blir utsett for angrepet, normalt ikkje kan fyre av skot dersom angrepet kan avverjast med skrik, slag eller spark.

    For det tredje må nødverjehandlinga vere «forsvarleg». Eit typisk døme er nødverje mot epletjuvar. Det kan hende at avfyring av skot er nødvendig for å hindre epletjuvane i å utføre det dei har tenkt. Likevel vil det ikkje vere forsvarleg å skyte epletjuvane. Angrepet er ikkje farleg nok, og den krenkte interessa er ikkje sterk nok til å frifinne for drap.

  3. Kva er meint med sjølvtekt?

    Sjølvtekt er å ta seg til rette for å skaffe seg ein rett utan at ein ventar på hjelp frå myndigheitene. Eit typisk døme er å ta seg inn i bustaden til den ein trur er tjuven, for å ta tilbake det ein meiner han eller ho har stole. Sjølvtekt er vanlegvis ikkje lovleg, men i enkelte situasjonar kan det vere tillate. Det kallar vi «lovleg sjølvtekt». Kva som kan gjere sjølvtekt lovleg, står i § 19.

    Det kan skiljast mellom sjølvtekt som etablerer ei nyordning, og sjølvtekt som rettar opp att ein tidlegare, ulovleg endra tilstand. Døme på nyordning kan vere ein seljar som ikkje utleverer ein salsgjenstand som kjøparen har krav på, eller ein leigetakar som nektar å flytte etter at leigetida er over. Døme på gjenoppretting av ulovleg endra tilstand er å ta tjuvegodset tilbake frå tjuven. Etter § 19 er det berre i gjenopprettingstilfella at sjølvtekt kan vere lovleg. I nyordningstilfella må ein vente på hjelp frå myndigheitene for å fullbyrde retten.

    Lovleg sjølvtekt krev også at det er urimeleg å vente på hjelp frå myndigheitene. Rettshavaren må skaffe seg slik hjelp for å ta seg inn i bustaden til tjuven for å finne tjuvegodset, men dersom tjuven tilfeldigvis blir oppdaga på gata med tjuvegodset på seg, er det rimeleg at eigaren kan ta gjenstandane med makt utan å vente på hjelp frå myndigheitene.

  4. Kva er likt og ulikt mellom nødrett og nødverje?

    Begge reglane krev ein nødssituasjon der liv, helse, eigedom eller andre interesser er trua.

    Ved nødrett er trusselen ein objektiv fare, mens ved nødverje er trusselen eit ulovleg angrep.

    Begge reglane har eit nokså likt nødvendigheitsvilkår. Ved nødrett krevst det at trusselen ikkje kan avverjast på ein annan rimeleg måte, og ved nødverje krevst det at handlinga ikkje går lenger enn nødvendig.

    Reglane har forskjellige vilkår om rimelegheit/forsvarlegheit. Ved nødrett krevst det at skaderisikoen frå den objektive faren er «langt større» enn skaderisikoen ved nødrettshandlinga. Ved nødverje er det krav om at nødverjehandlinga må vere forsvarleg.

  5. Kva samanheng er det mellom nødverje og sjølvtekt?

    Sjølvtekt kan vere ei forlenging av nødverje. Den som tek sykkeltjuven på fersk gjerning, handlar i nødverje ved å stanse han og ta sykkelen attende med nokså stor makt. Dersom den krenkte ikkje lykkast og seinare treffer tjuven syklande, kan eigaren ta frå han sykkelen med forsvarleg makt. Det vil vere lovleg sjølvtekt etter § 19.

  6. Kva skil ein straffnedsetjingsgrunn frå ein straffridomsgrunn?

    Dersom gjerningspersonen har handla innanfor grensene for nødrett, nødverje eller sjølvtekt, skal han eller ho frikjennast heilt, derfor namnet straffridomsgrunn. Handlinga var rettmessig. Dersom gjerningspersonen derimot gjekk over grensene, er handlinga straffbar.

    Overskriding av nødrett, nødverje og lovleg sjølvtekt er som regel straffbart, men straffene kan setjast ned i medhald av straffnedsetjingsgrunnar i straffelova §§ 80 og 81. Straff kan også setjast ned mellom anna på grunn av «berettiget harme», jf. § 80 bokstav e.