Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 258

  1. Kva er meint i strafferetten med kravet til lovheimel?

    Lovheimel for straff betyr at gjerningsbeskriving og straffetrussel må stå klart og tydeleg i ei lov Stortinget har vedteke. Den faktiske beskrivinga av ei straffbar handling må passe til ordlyden i lova. Det siste er kalla subsumsjon. Det konkrete tilfellet må kunne subsumerast til den generelle beskrivinga i lova.

  2. Kvifor blir det stilt krav til lovheimel for å straffe?

    Den viktigaste grunngivinga for kravet til lovheimel er omsynet til rettstryggleik. Det er ein menneskerett å kunne vite kva som er straffbart, sjå EMK artikkel 7 og Grunnlova § 96.

  3. Kva er meint med medverknad til ei straffbar handling?

    Medverknad er straffbart etter straffelova § 15.

    Eit lovbrot kan vere resultatet av samarbeid mellom to eller fleire personar med ulike roller. Eit bankran blir til dømes gjennomført ved at nokon spring inn i banken og truer til seg pengane, mens ein annan helda fluktbilen klar.

    I mange tilfelle treng vi ikkje ein eigen strafferegel om medverknad fordi handlingane til den som medverkar, kan tolkast inn gjerningsbeskrivinga av strafferegelen. Som døme kan vi bruke strl. § 271 om kroppskrenking. Den som «øver vold mot en annen person», kan bli straffa for kroppskrenking. Den som held offeret fast, har utøvd vald på lik linje med den som faktisk slår. Er det tvil om medverknaden kan tolkast inn i gjerningsbeskrivinga, bruker ein strl. § 15.

  4. Kva er meint med eit straffbart forsøk på eit lovbrot?

    Den som har forsett om å fullbyrde eit lovbrot som kan føre til fengsel i eitt år eller meir, og som gjer noko som leier direkte mot utføringa, blir straffa for forsøk, når ikkje anna er bestemt, jf. § 16.

    Ein gjerningsperson som skyt eit skot mot ein annan for å drepe han, men bommar, kan straffast for forsøk på drap. Korrekt lovheimel for ei slik handling er brot på strl. § 275, jf. § 16.

  5. Kva er meint med avbrote forsøk?

    Forsøk på eit lovbrot er ikkje straffbart dersom gjerningspersonen frivillig avstår frå å fullbyrde lovbrotet eller avverjar at det blir fullbyrda, jf. § 16(2). Dette blir kalla «tilbaketreden fra forsøk». Skal det vere frivillig, må slik tilbaketrekking skje før gjerningspersonen blir oppdaga.

  6. Kva er meint med straffrie førebuingar?

    Straffbart forsøk krev at gjerningspersonen har gjort noko som leier direkte mot utføringa. Han eller ho må ha «skride til verket». Det som blir gjort av planlegging og førebuingar før dette, er straffrie førebuingar. Det kan vere ei skjønnsmessig grense mellom straffrie førebuingar og påbegynt forsøk.

  7. Kva er meint med utenleg forsøk? Er det straffbart?

    Utenleg forsøk er forsøk på eit lovbrot som ikkje hadde sjanse til å lykkast. Eit sentralt døme frå rettspraksis er RT-1993-916 (Koffeindommen) der ein person smugla ufarlege koffeintablettar i den trua det var farleg narkotika (amfetamintablettar). Gjerningspersonen vart dømd for forsøk på smugling av narkotika. Utenlege forsøk er derfor straffbare, men det er unntak for handlingar som er heilt ueigna til formålet, til dømes forsøk på drap med trolldomskunst.