Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 268–269

5.2.1

Mari kan straffast for underslag av kr 5 000 frå eiga kasse. Ved å ta pengane har ho tileigna seg ein lausøyregjenstand (pengar) som ho har i sitt innehav, men som høyrer til postkontoret, jf. § 324 bokstav a. Det kan vurderast om underslaget er grovt i medhald av § 325 bokstav c. Som funksjonær med ansvar for eiga kasse kan ho ha brote den særlege tilliten som følgjer av stillinga. Beløpet er likevel lite, og det har ikkje gått føre seg over lang tid. Eg trur derfor ikkje at underslaget er grovt. Det ligg ikkje føre straffridomsgrunn, og Mari var tilrekneleg. Skuldkravet er forsett, jf. § 21, jf. § 22. Ho hadde også forsett om å skaffe seg urettkommen vinning. Skuldkravet er oppfylt.

Mari kan også straffast for tjuveri av kr 5 000 frå Karis kasse. Ved å ta pengar frå Karis innehav har ho tileigna seg ein lausøyregjenstand (pengar) som høyrde til postkontoret, jf. § 321. Tjuveriet er ikkje grovt, jf. § 322. Skuldkravet er forsett, jf. § 21, jf. § 22. Ho hadde også forsett om å skaffe seg urettkommen vinning. Skuldkravet er oppfylt.

5.2.2

Tjuveri etter § 321 føreset krenking av innehav og eigedomsrett. Sjølv om det blir skilt mellom innehav og ihendehaving, har vi her med innehav å gjere. Innehav krev eit varig og sjølvstendig grunnlag. Sidan Klara hadde ein avtale om å låne jakka med seg heim, har ho eit sjølvstendig avtalerettsleg grunnlag for innehavet. Det er også tilstrekkeleg varig idet ho kunne ha jakka til dagen etter. Klara hadde jakka i eige innehav da ho eventuelt tileigna seg jakka. Ho kan derfor ikkje straffast for tjuveri, men kanskje for underslag, jf. § 324.

Objektivt sett passar gjerningsbeskrivinga i § 324 til det Klara gjorde dagen etter. I staden for som avtalt å levere attende jakka dagen etter dersom ho ikkje ville kjøpe henne, tok ho jakka i bruk eit par dagar. Ho har derfor tileigna seg ein lausøyregjenstand ved å ta han i bruk. Jakka var i Klaras innehav da ho tileigna seg henne, og jakka høyrde til butikken. Det er i utgangspunktet heimel i § 324 for å straffe for underslag.

Det ligg ikkje føre straffridomsgrunn, og Klara var tilrekneleg. Spørsmålet om straff vil derfor vere avhengig av om kravet til skuld er oppfylt.

Skuldkravet er forsett, jf. § 21, jf. § 22. Klara må forsettleg ha tileigna seg jakka, det vil seie å gjere jakka til si eiga. I dette tilfellet må ho ha hatt til hensikt å ta jakka i bruk som si eiga, i all framtid. Men opplysningane i oppgåva seier at ho prøvde jakka i eit par dagar, og at ho ikkje hadde hatt tid til å levere henne attende enno. Å ha jakka på prøve var sjølve hensikta med heimlånsavtalen. Eit par dagars prøvebruk er ikkje nok til å konstatere tileigning ved å ta jakka i bruk. Opplysningane i oppgåva om at hensikta hennar var tilbakelevering, må takast til etterretning som eit faktum (noko anna ville vere å spekulere i faktum). Kravet til forsettleg tileigning er ikkje oppfylt.

Underslag krev også forsett om ei urettkommen vinning. Sidan Klara skulle levere attende jakka, er heller ikkje dette vilkåret oppfylt.

Konklusjonen blir at Klara skal frifinnast.

5.2.3

Eg drøftar først spørsmålet om Peder kan straffast for tjuveri, eventuelt for noko anna enn tjuveri.

Gjerningsbeskrivinga for tjuveri er å ta ein gjenstand som høyrer til ein annan, jf. § 321. Peder har teke eit par ski som var i forretninga sitt innehav, og som høyrde til forretninga. Det er derfor heimel i § 321 for å straffe Peder.

Som straffridomsgrunn kan Peder argumentere med lovleg sjølvtekt, jf. straffelova § 19. Forretninga har rettsstridig brote avtalen om å levere skiene innan ei veke. Likevel er det ikkje urimeleg at Peder må vente på bistand frå myndigheitene for å få skiene utlevert. Privat rettshandheving i eit tilfelle som dette kan ikkje godtakast. Peders sjølvtekt var derfor ikkje lovleg og fritek han ikkje for straff.

Kravet om tilrekneleg sinnstilstand er ikkje tema her. Spørsmålet er om skuldkravet er oppfylt.

Det krevst forsett, jf. § 21, jf. § 22. Peder har forsettleg tileigna seg eit par ski som han visste var i forretninga sitt innehav, og som høyrde til der. Så langt er forsettskravet oppfylt. Peder må også ha hatt forsett om ei urettkommen vinning. Dette vilkåret er ikkje oppfylt. Peder hadde forsett om ei rettkommen vinning. Han tok noko han hadde krav på, derfor skal han frikjennast for tiltalen om tjuveri.

Det kan argumenterast med at Peder hadde forsett om urettkommen vinning fordi han hadde forsett om ikkje å betale meir enn 75 % av den avtalte prisen. Han meinte likevel at han hadde krav på prisavslaget som erstatning eller oppreising for bryderiet. Derfor er kravet til forsett heller ikkje oppfylt på dette grunnlaget.

Peder kan likevel straffast for brot på straffelova § 345 ved at han urettmessig gjorde ein lausøyregjenstand til sitt innehav.

Eg går no over til å drøfte Peders krav på erstatning (25 % av kjøpesummen). Det dreier seg om krav på erstatning på grunn av forseinka levering. Eit slikt krav skal drøftast på grunnlag av forbrukarkjøpslova § 24. Det er neppe grunnlag for eit så stort krav sidan denne regelen berre gir Peder eit krav på erstatning for det økonomiske tapet han har hatt som følgje av forseinkinga. Eg drøftar ikkje dette nærmare, fordi dette rettsområdet høyrer heime i læreplanen for Rettslære 2.

5.2.4

Læraren har løysingsforslag.

5.2.5

Læraren har løysingsforslag.

5.2.6

Læraren har løysingsforslag.