Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 324

  1. Kva syn på straff hadde filosofane frå opplysningstida?

    Filosofane i opplysningstida (til dømes Rousseau, 1712–1778) hadde ein teori om samfunnspakta. Det var ein teori om at samfunnet var danna på grunnlag av ein kontrakt mellom frie borgarar som ville ha slutt på eit tilvære der alle kjempa mot alle. Dei var villige til å gi avkall på ein del av den individuelle fridommen sin for å kunne leve i fred og ro, i samsvar med samfunnspakta. Ein del individ ville ikkje innordne seg samfunnspakta. Dei vart kriminelle dersom dei følte at fordelane av eit lovbrot var større enn dei vonda som lovbrotet førte med seg. Straffa for lovbrot måtte derfor berre vere eit vonde som vog opp for det lovbrytaren kunne vinne ved lovbrotet, ikkje meir. Dette førte til ei meir human strafferettspleie. Hemnprinsippet hadde ført til barbariske straffer som lemlesting og tortur, og det fekk ikkje lenger nokon logisk plass i teoriane.

  2. Kva gjekk Cesare Lombrosos teori om forbrytarmennesket ut på?

    Cesare Lombroso (1835–1909) hevda at lovbrytarar skilde seg ut frå ikkje-kriminelle ved ulike fysiske kjenneteikn. Sjølv om desse synspunkta var kjende frå opplysningstida, vart Lombroso likevel rekna som den første eigentlege kriminologen.

    Forbrytarmennesket kunne kjennast att ved teikn på underutvikling av menneskelege eigenskapar. Inspirert av Darwins utviklingslære såg han lovbrytarane som individ på eit tidlegare utviklingstrinn enn vanlege menneske. Dei stod apane nærmare. Dei hadde var mindre mottakelege for smerte, var meir impulsive, mangla anger osv.

    På sine eldre dagar modifiserte Lombroso påstandane og teoriane sine. I seinare utgåver av boka hans Forbrytarmennesket vart det sosiale miljøet inkludert som forklaring på kvifor nokre menneske vart kriminelle. Han nemnde alkoholmisbruk, fattigdom, dårlege oppvekstforhold – og manglande religiøs påverknad. Dette er kjende påstandar frå moderne kriminologi.

  3. Kva skilnad er det på «den italienske skolen» og «den franske skolen» når ein skal forklare kriminalitet?

    Lombroso og elevane hans representerte den italienske skolen i kriminologien, dei som la stor vekt på arvebiologi. Seinare, rundt år 1900, voks det fram ein opposisjon i Frankrike mot synspunkta til Lombroso, den såkalla franske skolen. Dei såg kriminalitet som eit resultat av sosiale forhold.

  4. Kva går fleirfaktorteorien ut på?

    I jakta på ein enkel, generell teori om kvifor nokre blir kriminelle, mista mange forskarar trua på at det var mogleg å forklare kriminalitet med enkle formlar. Det voks derfor fram ei oppfatning om at kriminaliteten hadde mange og kompliserte årsaker. Unge menneske vart ikkje kriminelle fordi foreldra var fattige eller hadde dårleg helse. Fleire faktorar spelte inn, til dømes ein alkoholisert og arbeidslaus far, ei amoralsk mor, manglande skolegang, ein heim med altfor mange menneske og dårleg nabolag.

    Fleirfaktorteorien var basert på kvart enkelt individ. Fattigdom, oppløysing av familieforhold og medfødde eigenskapar hos individet, til dømes låg intelligens og psykiske problem, vart nærmast sett på som eit virusangrep. Individet vart sjukt. Det vart kriminelt.

    Fleirfaktorteorien dominerte kriminologien heilt fram til etter den andre verdskrigen.

  5. Kva er meint med sosial læring når ein skal forklare kriminalitet?

    Miljøfaktorane kom meir i fokus og førte til at forklaringane vart løfta meir opp til samfunnsnivå i staden for individnivå. Sosial gruppetilhøyrsle utvikla kriminalitet. Lovbrytarane levde opp til forventningane i miljøet rundt dei. Dersom du vart fødd i ei mafiaslekt, ville gruppepresset sannsynlegvis føre til at også du vart kriminell.

  6. Korleis forklarer ein kriminalitet i vårt moderne samfunn?

    To rapportar frå Det kriminalitetsforebyggende råd i Noreg i 1992 og 1995 listar opp ei rekke risikofaktorar for kriminell utvikling hos barn og ungdom. Nokre av desse er biologiske forklaringar, til dømes hyperaktivitet (ADHD), behov for spenning, aggressivitet og impulsivitet. Andre forklaringar blir knytte til personlegdommen, til dømes svake verbale evner, lærevanskar, dårleg familietilknyting, dårleg foreldreomsorg og tilsyn. Det blir konkludert med at unge lovbrytarar er belasta med fleire problem enn andre, til dømes tilpassingsvanskar på skolen og i arbeidslivet.

    Det er mogleg å kjenne att fleirfaktorteorien i desse rapportane. Forklaringane på kriminalitet har i dei siste åra endra seg i forhold til 1970-åra. Frå at ein ser på kriminaliteten som eit sosialt problem på samfunnsnivå som skal løysast med sosiale tiltak, blir han meir og meir på nytt også sett på som eit individuelt problem som må løysast med kontrolltiltak retta mot individ og grupper.