Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 309–310

5.2.15

  1. Brot på straffelova § 240

    Handlinga må passe til det som står i § 240(1) bokstavane a og/eller b.

    Den straffbare handlinga i § 240(1) bokstav a er mellom anna å forureine vatn slik at livsmiljøet i eit område blir betydeleg skadd. Bedrifta sleppte ut farleg avfall i elva slik at fisken døydde. Det passar til det som står i lova. Handlinga er også skildra som å lagre eller tømme avfall med nærliggjande fare for følgje som nemnd i bokstav a. Dette passar også med det bedrifta har gjort. Kravet til heimel i § 240(1) er oppfylt. Det ligg ikkje føre straffridomsgrunn, og spørsmål om å vere tilrekneleg er ikkje aktuelt. Spørsmålet er om det ligg føre tilstrekkeleg skyld.

    Skuldkravet for brot på § 240 er forsett (jf. § 21, jf. § 22) eller grov aktløyse (jf. § 23(2)). Det kan vere tvil om det ligg føre forsett. Som forsettleg lovbrot ville det krevjast hensiktsforsett, sannsynsforsett eller eventuelt forsett med omsyn til skadefølgja. Det kan hende at bedriftsleiinga lét utsleppet skje mot betre vitende om dei moglege miljøskadane. Oppgåva seier at bedrifta «bestemmer seg for å kvitte seg med farleg avfall». Det utelukkar hendeleg uhell. Sjølve utsleppet skjedde forsettleg, men forsettet omfattar ikkje nødvendigvis dei alvorlege følgjene (fiskedød osv.). Bedrifta må likevel klandrast sterkt for ikkje å ha undersøkt nærmare dei konsekvensane utsleppet kunne få. Det ligg derfor føre grov aktløyse med omsyn til følgjene. Ein går ut frå at bedriftsleiaren var den som tok regien. Han kan derfor straffast for brot på § 240.

  2. Brot på straffelova § 275

    Bedriftsleiaren kan setjast under tiltale for drap, jf. § 275. Gjerningsbeskrivinga for drap er «drep ein annan». Det har bedriftsleiaren gjort ved at utsleppet førte til at to personar døydde. Det ligg føre heimel for å straffe for drap.

    Nødrett og utilrekneleg sinnstilstand er framleis ikkje tema. Spørsmålet er om kravet til skuld er oppfylt. Det krevst forsett, jf. § 21, jf. § 22. Bedriftsleiaren hadde ikkje hensiktsforsett, men verken sannsynsforsett eller eventuelt forsett er utelukka. Avfallet kan jo ha vore så farleg at firmaet heldt det for mest sannsynleg at nokon ville døy (sannsynsforsett). Det er heller ikkje utelukka at bedriftsleiaren såg det som mogleg at nokon kunne døy, og valde å sleppe ut avfallet sjølv om det skulle vere tilfellet (eventuelt forsett). Vi må likevel konstatere at vi manglar opplysningar som gir grunnlag for å konstatere forsett. Bedriftsleiaren skal derfor frikjennast for drap.

  3. Brot på straffelova § 281

    Bedriftsleiaren kan setjast under tiltale for aktlaust å ha vore årsak til død, jf. § 281. Den straffbare handlinga er skildra som «er årsak til at ein annan døyr». Det har bedrifta gjort.

    Skuldkravet er aktløyse, jf. § 23(1). Det krevst at gjerningspersonen må kunne bli bebreida for ikkje å ha forstått at utsleppet kunne føre til død. Bedriftsleiaren visste at avfallet var farleg. Han er derfor å bebreide for ikkje å ha undersøkt nærmare om eit utslepp kunne føre til død eller alvorleg personskade for dei som drakk av vatnet. Mykje taler for at bedrifta tok ein bevisst risiko, og at aktløysa er grov. Det er i alle fall ikkje tvil om at det minst ligg føre vanleg aktløyse. Konklusjonen blir at bedriftsleiaren kan straffast for at han aktlaus har vore årsak til at nokon døydde.

5.2.16

  1. Hans Tastad blir tiltalt for brot på straffelova § 240.

    Tastad kan bli tiltalt for brot på straffelova § 240(2) bokstav a. Gjerningsbeskrivinga er «minskar ein naturleg bestand av freda organismar som nasjonalt eller internasjonalt er truga av utrydding». Det er opplyst at haukane var freda. Ein går ut frå at dei var freda fordi bestanden var truga av utrydding. Ved å ta livet av tre haukar har Tastad redusert ein naturleg bestand. Det er derfor heimel i § 240(2) for å straffe Tastad.

    Straffridomsgrunn og utilrekneleg sinnstilstand er ikkje reist som problem. Skuldkravet er forsett, jf. § 21, jf. § 22. Tastad hadde hensiktsforsett. Han skal etter dette straffast.

  2. Hans Tastad blir tiltalt for tjuveri, jf. § 321.

    Gjerningsbeskrivinga for tjuveri er å ta ein gjenstand som høyrer til ein annan, og tileigne seg denne gjenstanden.

    Dyr kan vere gjenstand etter denne regelen.

    Det følgjer av viltlova § 48(1) at vilt som er ulovleg felt, skal gå til Viltfondet, som er ein statleg institusjon. Dei tre haukane høyrde til staten frå den augneblinken dei vart felte.

    Tjuveri krev at gjenstanden vart teken. Det blir tolka som at gjenstanden må vere overført frå innehavet til nokon og over til tjuven. Dette vilkåret er ikkje oppfylt. Haukane var i innehavet til tjuven og ikkje til nokon annan da dei vart tekne. Det er derfor ikkje heimel for å straffe Tastad for tjuveri.

  3. Hans Tastad blir tiltalt for underslag, jf. § 324.

    Gjerningsbeskrivinga for underslag er å tileigne seg ein lausøyregjenstand som gjerningspersonen sjølv har i sitt innehav. Idet dei tre haukane vart ulovleg felte, kom dei i Tastads innehav. Tastad tileigna seg haukane ved å bruke dei til eige formål da han fekk dei stoppa ut for sal. Det er derfor heimel for underslag. Dette har også støtte i høgsterettspraksis.

    Skuldkravet er forsett, jf. § 21, jf. § 22. Forsettet omfattar urettkommen vinning da Tastad tok livet av haukane for å stoppe dei ut og selje dei. Tastad skal derfor også straffast for underslag i tillegg til brotet på § 240.

5.2.17

Læraren har løysingsforslag.