Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 258–260

5.1.1

Spørsmålet er om det ligg føre heimel for å straffe for brot på regelen om «bandtvang for hund». Svaret er avhengig av om ordet «hund» kan tolkast slik at det omfattar ein tam ulv.

Vanleg språkbruk er at den som seier hund, ikkje meiner ulv. Vi må derfor strekkje ordlyden utover vanleg språkbruk dersom ordet «hund» skal omfatte ulv. Vi må tolke ordet «hund» utvidande. For å kunne gjere det må vi finne støtte i andre rettskjelder enn ordlyden, til dømes rettspraksis og reelle omsyn.

I Passbåtdommen (RT-1973-433) vart ein person som hadde køyrt uforsvarleg med ein 17 fots passbåt, straffa for å føre «skip» i rusa tilstand. Høgsterett tolka «skip» i lys av formålet med lova, som var sikkerheit til sjøs, og kom til at ei utvidande tolking var tillaten. Dette viser at formålet med ein lovregel kan vere avgjerande for å velje utvidande eller innskrenka tolking. Formålet med regelen om bandtvang tilseier at ordet «hund» omfattar ulv.

Kravet til rettssikkerheit kan vere eit argument mot ei utvidande tolking. Ein bør være tilbakehalden med utvidande tolking når det kan føre til straff. Det bør vere klar og tydeleg lovheimel for å straffe. Analogisk tolking til ugunst for tiltalte blir sjeldan akseptert i strafferetten. Vi er her innanfor ordlyden «hund». Sjølv om tydinga av ordet er strekt utover vanleg språkbruk, er det likevel innanfor dei ytre grensene for omgrepet.

Konklusjonen er at det er heimel for å straffe Ole for brot på regelen om bandtvang.

5.1.2

  1. Låvebrannen

    Forureiningslova § 78(1) bokstav a bestemmer straff for den som gjer noko som kan «forurense i strid med denne lov». Spørsmålet er derfor om Arne har forureina i strid med forureiningslova ved å setje fyr på låven. Det er også mogleg at han har brote reglar i plan- og bygningslova, men det ser eg bort frå i denne drøftinga.

    Spørsmålet om straff er mellom anna avhengig av om det er forureining å brenne ned ein låve. Forureining som omgrep er definert i § 6(1) nr. 1 i lova. Det er forureining dersom det mellom anna skjer «tilførsel av […] gass til luft». Låvebrannen førte til røykutvikling. Det har derfor vore forureining.

    Spørsmålet om straff er også avhengig av om forureininga kan vere tillaten etter § 8. Etter § 8(1) nr. 3 er forureining frå mellombels anleggsverksemd normalt ikkje straffbar. Dessutan er «[f]orurensninger som ikke medfører nevneverdige skader eller ulemper», unnateke plikta til å unngå forureining, jf. § 8(2). Røykutviklinga frå ein låvebrann er så kortvarig at vi går ut frå at ho kan subsumerast under § 8(2). Arne har etter dette ikkje forureina i strid med lova, og derfor er det ikkje heimel for å straffe han for brot på forureiningslova § 78, jf. §§ 6 og 8.

  2. Hundebjeffing

    Forureiningslova § 78(1) bokstav a bestemmer straff for den som gjer noko som kan «forurense i strid med denne lov». Spørsmålet er derfor om Berit har forureina i strid med forureiningslova ved å etablere verksemd som forureinar med hundebjeff. Det er også mogleg at ho har brote reglar i plan- og bygningslova, men det ser eg bort frå i denne drøftinga.

    Spørsmålet om straff er mellom anna avhengig av om det er forureining å ha verksemd som gir stadige hundebjeff. Forureining som omgrep er definert i § 6(1) nr. 1 i lova. Det er forureining dersom hundebjeffinga er «støy», jf. § 6(1) nr. 2. Det er ikkje tvil om at dette er ei støyande verksemd, og at ho kan vere straffbar.

    Spørsmålet om straff er også avhengig av om forureininga kan vere tillaten etter § 8. Det vil til dømes ikkje vere ulovleg støy dersom bjeffinga er å rekne som «vanleg» forureining frå bustad, jf. § 8(1) nr.2. Dersom vi går ut frå at støyen er uvanleg, meir enn det som nokon kan rekne med frå ein bustad, er forureininga ulovleg etter § 8(1). Det vil heller ikkje vere ulovleg dersom støyen passar til det som står i § 8(2), det vil seie at støyen ikkje fører til nemnande skade eller ulempe.

    Ei konkret og skjønnsmessig vurdering vil avgjere om støyen overskrider grensa for kva som er lovleg etter § 8. Slik dette er skildra i oppgåva, går eg ut frå at han er ulovleg. Det er derfor heimel for å straffe Berit for brot på forureiningslova § 78.

  3. Campingvogna

    Den handlinga som forureiningslova § 78 gir heimel for å straffe, omfattar «forureining» slik dette er definert i § 6, jf. § 8. Å setje frå seg eit campingvognvrak i naturen er ikkje forureining etter § 6. Forureiningslova § 78 gir derfor ikkje heimel.

    Forureiningslova § 79(1) bokstav a gir mellom anna heimel for å straffe den som «etterlater […] større kasserte gjenstander […] slik at det kan virke skjemmende eller være til skade eller ulempe for miljøet». Cecilie sette frå seg campingvogna som avfall, jf. forureiningslova § 27. Det er forbode etter § 28 og straffbart etter § 79(1) bokstav a. Vilkåret om at avfallet må verke skjemmande eller vere til skade eller ulempe for miljøet, er oppfylt. Det er derfor heimel i § 79 for å straffe Cecilie.

5.1.3

Eg drøftar berre spørsmål om heimel. Andre straffevilkår drøftar eg ikkje.

  1. Per

    Det hadde nok vore mest naturleg å drøfte Per sist. Eg drøftar likevel i den rekkjefølgja som oppgåva legg opp til.

    Straffelova § 275 gir heimel for å straffe den som drep ein annan. Per gav ein revolver til Pål, men det var inga drapshandling i seg sjølv. Per kan berre straffast for medverknad til dei lovbrota som Pål og Espen gjorde. Heimel for medverknad går fram av straffelova § 15.

    Pål fyrte av skot mot noko han trudde var Ronny. Pål kan derfor maksimalt straffast for forsøk på drap på Ronny. Heimel for forsøk går fram av straffelova § 16.

    Det er etter dette heimel for å straffe Per for medverknad til forsøk på drap på Ronny ved at han gav ein revolver til Pål, jf. § 275, jf. §§ 15 og 16.

    Espen drap Ronny med gift som han hadde fått av Per. Det er derfor også heimel for å straffe Per for medverknad til (fullbyrda) drap ved at han gav gift til Espen, jf. § 275, jf. § 15.

  2. Pål

    Pål kan straffast for forsøk på drap på Ronny, jf. § 275, jf. § 16. Formuleringa «ein annan» i § 275 skal tolkast som eit anna menneske. Det er ikkje drap etter § 275 å ta livet av eit rådyr, men det er vanlegvis straffbart etter naturmangfaldlova § 75, jf. § 15.i

  3. Espen

    Det er heimel i straffelova § 275 for å straffe Espen for drap.

5.1.4

  1. Grovt brot på narkotikalovene

    Straffelova § 231 bestemmer mellom anna straff for den som «innfører […] stoff som er å anse som narkotika». Ved avgjerd om lovbrotet er grovt, skal ein leggje vekt på kva slags stoff det gjeld, mengda og korleis lovbrotet var, jf. § 232.

    Sidan det viste seg at Grete smugla lakrispastillar, kan ho ikkje straffast for brot på § 231, jf. § 232.

  2. Kva kan Grete straffast for?

    Grete trudde ho tok med seg amfetaminpiller. Som fullbyrda lovbrot ville innførsel av 10 000 slike tablettar vere ei betydeleg mengde av eit tungt narkotisk stoff, det vil seie at det fullbyrda lovbrotet ville vore grovt. Sidan pakka inneheldt lakris, kan ho berre straffast for forsøk på grovt brot på narkotikalovene, jf. § 231, jf. § 232, jf. § 16.

  3. Kva kan Fredrik straffast for?

    Fredrik gav pakka til Grete. Han kan derfor straffast for medverknad til forsøk på grovt brot på narkotikalovene, jf. § 232, jf. § 232, jf. §§ 15 og 16.

    Straffelova gjeld for handlingar som ein norsk statsborgar har gjort i utlandet, jf. § 5(1) bokstav a. Ein går derfor ut frå at ho gjeld for Fredrik. Dersom han har oppbevart amfetamintablettar i utlandet, kan han etter § 231, jf. § 232, straffast for fullbyrda grovt brot på narkotikalovene. Det kjem av at gjerningsbeskrivinga i § 231 også omfattar oppbevaring.