Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 275

  1. Korleis kan omgrepet «forsett» forklarast med éi setning?

    Litt forenkla kan vi seie at det ligg føre forsett dersom du har gjort den straffbare handlinga med vitende og vilje, jf. § 21.

  2. Kva er meint med hensiktsforsett?

    Hensiktsforsett ligg føre når gjerningspersonen handlar for å oppnå eit bestemt resultat, jf. § 22 bokstav a. Den som skyt for å drepe, har til hensikt å ta livet av offeret. Han eller ho kan bli straffa for forsettleg drap, jf. § 275. Den som set fyr på huset for at det skal brenne ned til grunnen, kan straffast for forsettleg skadeverk, jf. § 351. Det speler inga rolle at resultatet var lite sannsynleg. Det er nok at gjerningspersonen hadde som formål å fullføre den straffbare handlinga slik ho er beskriven i lova.

  3. Kva er meint med sannsynsforsett?

    Sannsynsforsett ligg føre når gjerningspersonen veit at handlinga nesten heilt sikkert eller mest sannsynleg dekkjer gjerningsbeskrivinga, jf. § 22 bokstav b. «Mest sannsynleg» betyr at utfallet er meir sannsynleg enn usannsynleg, altså meir enn 50 % sannsynleg. Dersom gjerningspersonen til dømes plasserer ei bombe i eit fly for å drepe passasjeren A, og handlinga fører til at alle i flyet mister livet, har han eller ho hensiktsforsett overfor A, men sannsynsforsett overfor alle dei andre.

  4. Kva er meint med eventuelt forsett (dolus eventualis)?

    Eventuelt forsett (dolus eventualis) ligg føre når du som lovbrytar held det for «mogleg» at handlinga dekkjer gjerningsbeskrivinga, men vel å handle sjølv om det skulle vere tilfellet, jf. § 22 bokstav c.

    Du kjøper til dømes ei gullklokke frå ein privatperson og ser det som mogleg at klokka er tjuvegods.

    Sjølv om det skulle vere tjuvegods, ville du valt å kjøpe klokka likevel.

  5. Kva er meint med aktløyse?

    Aktløyse ligg føre når desse vilkåra er oppfylte:

    1. Handlinga må vere i strid med vanleg forsvarleg framferd. Gjerningspersonen blir derfor først samanlikna med ei objektiv norm for kva ein kunnig og omtenksam person i same situasjon ville gjort.
    2. Gjerningspersonen må også kunne bebreidast ut frå sine personlege føresetnader. Det krevst meir av den erfarne, den velutdanna og den kloke samanlikna med den uerfarne, den uskolerte og den mindre gløgge.
  6. Kva er skilnaden på vanleg og grov aktløyse?

    Straffelova § 23 opererer med to gradar av aktløyse: vanleg aktløyse, der gjerningspersonen er å bebreide, og grov aktløyse, der handlinga er svært klanderverdig og gjerningspersonen er sterkt å bebreide.

  7. Kva er bevisst og ubevisst aktløyse?

    Ved bevisst aktløyse er gjerningspersonen klar over risikoen. Han eller ho tek ein kalkulert risiko, til dømes ved å køyre bilen i 140 km/t for å rekke ei ferje. Ved ubevisst aktløyse er risikoen ikkje i tankane hos gjerningspersonen, sjølv om risikoen burde vore der.

    Andenæs (Alminnelig strafferett, 5. utgåve, s. 244) uttrykkjer det slik: «Den bevisste uaktsomhet viser mangel på hensynsfullhet, den ubevisste viser mangel på oppmerksomhet.

    Den bevisste uaktsomhet er oftere enn den ubevisste å regne som grov uaktsomhet. Likevel kan en bevisst uaktsomhet være meget unnskyldelig, og den ubevisste kan i noen tilfeller være meget grov.»

  8. Kva er skilnaden på eventuelt forsett og bevisst aktløyse?

    I begge tilfelle ser gjerningspersonen det som mogleg at handlinga vil dekkje gjerningsbeskrivinga, til dømes at nokon kan bli drepen av handlinga. Ved eventuelt forsett vel gjerningspersonen å handle sjølv om nokon skulle bli drepen. Ved bevisst aktløyse tek han eller ho sjansen på at det går bra og håper det beste, men ville ikkje utført handlinga dersom det var sikkert at nokon skulle bli drepen.

    Grensa mellom eventuelt forsett og bevisst aktløyse er ikkje alltid så lett å trekkje i praksis. Eit svært berømt døme frå rettspraksis kan illustrere problemet: RT-1972-289 (Ekebergdommen). Gjerningspersonen skulle skremme ein person ved å «snitte» han med bilen i full fart. Det gjekk gale. Gjerningspersonen vart frikjend for forsettleg drap (det låg ikkje føre eventuelt forsett), men vart dømd for aktlaust drap. Gjerningspersonen tok ein bevisst risiko ved å forstå at handlinga kunne drepe offeret. Det vart ikkje bevist at han ville gjort det sjølv om offeret skulle vorte drepe.

  9. Korleis får du vite kva for ein skuldgrad lova krev for ei straffbar handling?

    Hovudkravet er forsett, jf. § 21, jf. § 22. Dette kravet står ikkje i dei ulike straffeboda. Dersom skuldgraden vik av frå hovudkravet, til dømes dersom det krevst ei eller anna form for aktløyse, må dette stå i det aktuelle straffebodet.