Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 268

  1. Kor gammal må du vere for å kunne bli straffa?

    15 år, jf. § 20 (1) bokstav a.

  2. Kva er ein psykose?

    Ein psykotisk person har eit vesentleg forstyrra forhold til verkelegheita. Han eller ho høyrer ofte stemmer, kjenner merkelege lukter eller ser syner utan at dette har rot i verkelegheita. Schizofreni og paranoia er døme på psykosar.

  3. Kva er meint med «det medisinske prinsippet»?

    Norsk rett byggjer på det såkalla medisinske prinsippet. Det inneber at det berre er medisinske kjenneteikn som avgjer om gjerningspersonen er utilrekneleg som psykotisk. Det blir ikkje stilt noko vilkår om årsakssamanheng mellom den psykotiske tilstanden og lovbrotet.

  4. Kva er meint med «psykisk utviklingshemma i høg grad»?

    Psykisk utviklingshemma personar blir rekna som utilreknelege. Svekkinga må kunne falle inn under kategorien «i høg grad». Dette skildrar sjelsevnene til sterkt tilbakeståande personar. I rettspraksis ser grensa ut til å liggje ved ein intelligenskvotient (IQ) på 55, som svarer til intelligensen til ein åtteåring.

  5. Kva er ei sterk bevisstheitsforstyrring?

    Personar med sterk bevisstheitsforstyrring på handlingstidspunktet blir rekna som utilreknelege. Dette er personar som ikkje er psykotiske eller har låg IQ, men som av ulike årsaker er mellombels sette ut av spel på grunn av sjukdom, stress, sjokk eller liknande.

  6. Kva rolle speler rus i spørsmålet om å vere tilrekneleg?

    Dersom bevisstheitsforstyrringa kjem av sjølvforskyld rus, fritek ikkje det for straff. Ein person som gjer eit lovbrot i sjølvforskyld rus, skal vurderast som om han er edru. Sjølvforskyld rus omfattar ikkje berre dei tilfella der gjerningspersonen med hensikt drakk seg full eller rusa seg på annan måte. Rusen blir også rekna for sjølvforskyld dersom gjerningspersonen har vore aktlaus.

    Regelen er streng mot den som gjer straffbare handlingar under rus. Dersom gjerningspersonen under sjølvforskyld rus drep ein annan utan å forstå kva han eller ho gjer, kan vedkommande likevel dømmast for drap. Lova fingerer at gjerningspersonen var seg sjølv bevisst, sjølv om han i verkelegheita ikkje forstod kva han gjorde.