Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 266

5.1.5

Spørsmålet er om Berit skal frikjennast på grunn av nødrett, jf. straffelova § 17. Dei andre straffevilkåra blir ikkje drøfta.

Lovleg nødrett etter § 17 er ei elles straffbar handling som mellom anna blir gjord for å redde liv eller helse frå ein fare for skade som ikkje kan avverjast på annan rimeleg måte, og skaderisikoen for liv og helse er «langt større» enn skaderisikoen ved handlinga.

Berit var redd for alvorlege forfrysingar. Det første spørsmålet er om ho kunne redda seg frå denne faren på ein annan rimeleg måte. Det er opplyst at ho passerte fleire bustadhus. Ho kunne banka på der og bede om hjelp i staden for å bryte seg inn i butikken. Sidan ho var i eit område der det budde menneske, må ein gå ut frå at ho hadde fleire moglegheiter til å redde seg. Ho kan etter dette ikkje frifinnast på grunn av nødrett.

Dersom Berit teoretisk sett ikkje hadde andre rimelege måtar å redde seg på, ville innbrot vorte godteke som lovleg nødrett. Når det står om livet eller alvorleg skade, er det mykje som kan gjerast dersom det ikkje finst alternativ.

5.1.6

Læraren har løysingsforslag.