Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 275–277

5.1.10

  1. Forsøk på drap

    Den objektive gjerningsbeskrivinga i § 275 er å drepe ein annan. «Ein annan» må vere eit menneske, ikkje eit dyr. Det har Knut Berg ikkje gjort. Det er derfor ikkje heimel for å straffe han for drap. Bergs forsett var å drepe sonen til naboen. Han hadde ikkje nødvendigvis hensiktsforsett, men ein må kunne gå ut frå at han i det minste hadde sannsynsforsett eller eventuelt forsett om å drepe sonen til naboen. Når han ikkje lykkast i å fullbyrde dette, er det heimel for å straffe Berg for forsøk på drap, jf. § 16.

    Dette var eit såkalla utenleg forsøk. Berg hadde ingen sjanse til å lykkast sidan det var eit rådyr og ikkje nabosonen som stod der. Ein kan spekulere på om § 16 er heimel for utenlege forsøk. Svaret er ja. Utenlege forsøk er straffbare, sjå til dømes RT-1993-916 (Koffeindommen) der ein 25 år gammal mann smugla ufarlege koffeintablettar i den trua at det var 300 gram amfetamin. Han vart straffa for forsøk på smugling av amfetamin.

    Kan Berg frikjennast på grunn av nødverje etter § 18? Berg prøver å avverje angrepet på epletreet sitt ved å prøve å drepe angriparen, som han trur er sonen til naboen. Forsøk på drap er ei handling som er uforsvarleg etter § 18(1) bokstav c. Forsøk på drap går langt utover det forsvarlege i lys av kva slags interesse som her blir krenkt. Nødverje er derfor ikkje frifinningsgrunn.

    Kan Berg frikjennast fordi han var utilrekneleg, etter § 20(1) bokstav d? Berg hadde nok ei bevisstheitsforstyrring etter å ha drukke vin, men sidan rusen var sjølvforskyldt, vil bevisstheitsforstyrringa ikkje frita for straff, jf. § 20(2).

    Det fjerde vilkåret for straff er kravet om forsett, jf. § 21, jf. § 22. Bergs formål var å setje ein stoppar for ikkje berre dette epletjuveriet, men også framtidige epletjuveri. Formålet hans var å setje nabosonen ut av spel slik at han aldri meir skulle stele eple frå Berg. Det er derfor mogleg at Berg hadde hensiktsforsett om å drepe. Det er likevel tilstrekkeleg med sannsynsforsett eller eventuelt forsett. Han kan ha losna skotet og tenkt at det var over 50 % sannsynleg at han ville treffe med eit dødeleg skot. Han kan også ha tenkt at det var mogleg (lite sannsynleg) at han ville treffe med eit dødeleg skot, men sjølv om han skulle treffe med eit dødeleg skot, ville han ha fyrt av skotet likevel. Opplysningane i oppgåva om at Berg ville setje ein stoppar for all framtidig epleslang, tyder på at ei av desse tre formene for forsett ligg føre. Eit motargument om at han skaut eit skremmeskot, synest ikkje å føre fram sidan han trefte rådyret «med eit velretta skot gjennom hovudet». Kravet til forsett er oppfylt. Konklusjonen blir at Knut Berg kan straffast for forsøk på drap på sonen til naboen.

  2. Ulovleg felling av vilt

    Det er forbode etter naturmangfaldlova § 15 med «uttak av naturlig viltlevende dyr» dersom uttaket ikkje er bestemt ved lov eller vedtak med heimel i lov. Det ligg ikkje føre lov eller vedtak som gir nokon generell rett til å skyte rådyr. Berg har derfor brote naturmangfaldlova § 15 da han skaut rådyret.

    Uttaket kan vere lovleg dersom det er gjort i medhald av naturmangfaldlova § 17(2). Etter denne regelen kan viltet berre avlivast dersom det blir rekna som nødvendig for å fjerne ein aktuell og betydeleg fare for ein person. I tilfellet vårt er det berre fare for epla til Berg. Vilt kan også avlivast under direkte angrep, men da berre under angrep på «bufe, tamrein, gris, hund og fjørfe». Direkte angrep på eple utløyser ikkje denne nødverjeregelen.

    Det er truleg heller ikkje grunnlag for frifinning i nødrettsregelen i straffelova, § 17, som kan utløysast når eigedom (epla) blir utsett for fare (for å bli ete av rådyret). Frifinning etter § 17 føreset i bokstav a at faren ikkje kan avverjast på annan rimeleg måte. Her ville det vore lett å skremme vekk rådyret i staden for å drepe det. Dessutan er det eit vilkår i bokstav b at skaderisikoen ved den trugande faren er «langt større» enn skaderisikoen ved nødrettshandlinga. Regelen ber om ei skjønnsmessig vurdering av forholdet mellom dei interessene som står på spel: eple mot rådyr.

    Legg merke til at straffelova § 18 ikkje kan nyttast fordi denne paragrafen føreset eit ulovleg angrep. Det er berre menneske, ikkje dyr, som kan utføre eit ulovleg angrep. Vi konstaterer derfor at Berg ikkje kan fritakast på grunn av nødrett.

    Neste straffevilkår er at Berg må ha vore tilrekneleg, jf. straffelova §20. Han kan ha hatt ei bevisstheitsforstyrring etter § 20(1) bokstav d, men denne forstyrringa kjem i så fall av vindrikkinga. Berg skal derfor vurderast som edru da han skaut rådyret.

    Det fjerde vilkåret er skuldkravet. Naturmangfaldlova § 75 bestemmer straff for den som forsettleg eller aktlaust bryt §§ 15–18 i lova.

    Berg har etter straffelova § 25(1) krav på å bli vurdert etter si eiga oppfatning av situasjonen. Berg trudde han skaut sonen til naboen og oppfatta ikkje at det var eit rådyr han retta skotet mot. Han har derfor ikkje forsettleg skote rådyret. Straffelova § 25(2) bestemmer likevel at han kan straffast dersom aktlaust lovbrot er straffbart og det var aktlaust å vere uvitande om den faktiske situasjonen. Det var aktlaust å ikkje forsikre seg om kva han skaut på. Sidan naturmangfaldlova § 75 også bestemmer straff for aktlaust brot på §§ 15–18, kan Berg straffast for aktlaust brot på naturmangfaldlova i tillegg til forsøk på drap på sonen til naboen.

5.1.11

Vilkåra om heimel (grov kroppsskade) og tilrekneleg sinnstilstand er på plass. Det ligg heller ikkje føre straffridomsgrunn. Å rekkje ei ferje er sjølvsagt ikkje ein nødssituasjon som kan forsvare råkøyring. Spørsmålet dreier seg om kravet til skuld. Straff for grov kroppsskade etter § 273, jf. § 274, føreset forsett, jf. § 21. Dersom det ikkje ligg føre forsett, kan det bli spørsmål om å straffe for at ein aktlaust har vore årsak til betydeleg skade, jf. § 280.

Odd hadde verken hensiktsforsett eller sannsynsforsett. Spørsmålet er om det ligg føre eventuelt forsett.

Eventuelt forsett, jf. § 22, krev at Odd heldt det for mogleg at han kunne skade nokon grovt ved å køyre i 160 km/t. Dette vilkåret reknar ein med er oppfylt. I tillegg må det såkalla innvilgingsvilkåret vere oppfylt. Det vil seie at Odd tenkte at han ville køyre så fort sjølv om handlinga skulle føre til betydeleg skade på nokon. Dette vilkåret er ikkje oppfylt. Oppgåva opplyser at Odd ikkje ville køyrt så fort dersom han hadde visst at køyringa skulle føre til ulykke.

Vi kan etter dette konstatere at det ikkje ligg føre forsett. Odd tok likevel ein bevisst risiko ved å køyre så fort. Det ligg føre bevisst aktløyse. Aktløysa må kunne vurderast som grov, jf. § 23. Odd har valda betydeleg skade ved at den påkøyrde personen mista ein viktig kroppsdel, beinet, jf. § 11. Alle straffevilkår er oppfylte for å dømme Odd for brot på straffelova § 280.

5.1.12

  1. Skuldkravet

    Krava til heimel (straffelova § 275), ikkje straffridomsgrunn og tilrekneleg sinnstilstand, er oppfylte. Spørsmålet er om det ligg føre tilstrekkeleg skuld. Dom for brot på § 275 krev forsett, jf. § 21.

    Kva som er meint med forsett, er nærmare definert i § 22. Petter hadde ikkje til hensikt å drepe naboen. Oppgåva opplyser om eit hemnmotiv, og at hemnen skulle skje ved å setje fyr på bustaden til naboen, ikkje nødvendigvis ved at naboen skulle miste livet. Det er heller ikkje noko klart grunnlag for å konstatere sannsynsforsett. Da må det bevisast at Petter såg det som meir sannsynleg enn usannsynleg at naboen var heime, og at han ikkje ville greie å komme seg ut av flammene. Men oppgåva opplyser at Petter såg det som mogleg at naboen var heime. Da såg han det også som mogleg at naboen kunne omkomme i flammene. Oppgåva opplyser også at Petter tenkte at han ville tent på huset sjølv om naboen var heime. Han har derfor positivt innvilga dødsfølgja. Det ligg føre eventuelt forsett, og Petter kan straffast for drap etter § 275.

  2. Aktlaust drap

    Dersom Petter ikkje ville utført handlinga dersom han hadde visst at naboen var heime, kan han berre dømmast for at han aktlaust valda død, jf. § 281. Innvilgingsvilkåret i § 22(1) bokstav c ville da ikkje vore oppfylt.

5.1.13

Læraren har løysingsforslag.

5.1.14

Læraren har løysingsforslag.

5.1.15

Læraren har løysingsforslag.