Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Spesiell strafferett

  1. Den fråskilde ektefellen til Kjetil, Anette, stod i drosjekø på veg heim då Kjetil hindra henne i å setje seg inn i drosja. Kjetil greip tak i henne og bar henne i retning mot sjøen idet han ropte: «Viss ikkje eg kan få deg, skal heller ingen andre få deg!» Han blei så sliten at han måtte sleppe henne etter 50–60 meter. (Saka basert på ei verkeleg rettssak, RT-1992-851.)
  2. Anne og Berit krangla. Det enda med at Anne gav Berit ein kraftig øyrefik, og Berit svarte med eit knyttneveslag. Berit fekk nedsett høyrsel i ei veke, og Anne fekk knekt nase. Begge blei tiltalte for kroppskrenking, jf. straffelova § 271, og begge meinte at dei skulle frifinnast.
  3. Mathilde og Nina krangla. Det enda med at Mathilde spytta mot ansiktet til Nina. Ho bomma på ansiktet, men klysa trefte kjolen. Kva kan Mathilde maksimalt straffast for?
  4. Jonas har fått innkalling til militæret for å bli send i krigen. For å bli friteken frå innkallinga ber han kameraten sin, Lars, om assistanse for å hogge av venstre veslefinger med ei øks. Skal Lars straffast for medverknad til kroppsskade?
  5. Innbrotstjuvane sette ein person på ein stol, putta avispapir i munnen hennar og batt henne fast med teip. Kva kan dei straffast for dersom dei skal straffast strengast mogleg?
  6. Ronny bryt seg inn i heimen til gamle Olga (85 år) for å stele pengane hennar. Olga set seg til motverje, og Ronny tek derfor ei flaske og slår Olga i hovudet for å setje henne ut av kraft. Olga svimar av og døyr fire veker seinare utan å ha kome til medvit. Kva slags valdslovbrot kan Ronny straffast for?
  7. Straffelova § 275 set straff for den som drep ein annan. Drapshandlinga omfattar
  8. Ein aggressiv person slår ei gravid kvinne. Ho aborterer som følgje av slaget, men overlever. Fosteret døydde. Kva kan gjerningspersonen straffast for?
  9. Arve køyrde i 110 km/t i 80-sone. Han sovna ved rattet og drap ein person som gjekk på fortauet. Same dag køyrde Bjarne under fartsgrensa då han trefte og drap ein 90 år gammal mann som gjekk langs ein mørk, uopplyst veg. Fotgjengaren hadde ikkje refleks.
  10. For tjuveri skal den som «tar en gjenstand som tilhører en annen», straffast, jf. straffelova § 321. Anita svarte på ei oppgåve i skulefaget historie og leverte svaret som eige heimearbeid. Det var derimot eigentleg avskrift av eit oppgåvesvar ho hadde funne på internett. Har Anita gjort seg skuldig i tjuveri?
  11. Ola skyt ein elg utan å ha løyve frå grunneigaren. Kva kan han straffast for?
  12. Vidar og Unni var på fottur i fjellet. Der trefte dei på ei geit som hadde forvilla seg vekk frå flokken. Dei drap, slakta og grilla geita for å ete henne. Forholdet blei oppdaga. Kva kan Vidar og Unni straffast for?
  13. Ola og Eva Brox lever i eit turbulent ekteskap. Ein dag selde Eva motorsykkelen til paret, ein Harley Davidson, for kr 50 000. Ho brukte opp pengane på nettspel og tapte alle pengane. Hendinga førte til separasjon og skilsmisse. Dei eigde sykkelen med 50 % eigarpart kvar. Ola melde eks-ektefellen sin til politiet og ville ha henne straffa for tjuveri av motorsykkel.
  14. Jonas likar fisk, særleg laks. I nattas mulm og mørke ror han stilt fram til eit oppdrettsanlegg for laks. Jonas slengjer ut snøret, og det tok ikkje lang tid før han hadde fiska 10 laks. Kva kan han straffast for?
  15. Sauebøndene Harald og Jens likar ikkje ulv, sjølv om han er freda fordi han er truga av utrydding. Dei gjev seg ut på ulvejakt utan offentleg løyve. Plutseleg såg dei ein ulv langt unna. Begge jegerane retta våpenet mot ulven, sikta, og trekte av, men begge bomma. Det var ikkje rart fordi det berre ville ha vore flaks om dei hadde treft på den avstanden. Kan dei straffast?
  16. Erling er lam frå hofta og ned. Han brukar elektrisk rullestol som kan køyre 20 km/t. Ein dag han køyrde på fortauet, blei han stansa i promillekontroll. Han hadde 0,6 promille alkoholkonsentrasjon i blodet. Kan han straffast for promillekøyring?
  17. Reineigaren Mikkel køyrde snøskuter på Finnmarksvidda med ein promille på 1,00 då han skulle finne reinsdyra sine. Kan han straffast for dette?
  18. Roar set seg inn i førarsetet på bilen og vrir om tenningsnøkkelen, men bilen ville ikkje starte fordi batteriet var tomt for straum. Roar hadde promille på 2,5. Kan han straffast?
  19. Elin kom som vanleg trafikant først til åstaden for ei alvorleg trafikkulykke der ein motorsyklist hadde køyrt av vegen og blitt alvorleg skadd. Elin ringde til politi og ambulanse, og ho gav livreddande førstehjelp på staden. Etterpå køyrde ho heim og tok seg nokre stive drinkar for å roe nervane og unngå psykisk samanbrot etter den opprivande opplevinga. Politiet dukka opp fem timar seinare for å få vitneforklaring. Dei merka at Elin var påverka av alkohol. Kan ho straffast for brot på vegtrafikklova § 22 (5), jf. § 31?
  20. Agnethe eig ein bil som ho låner vekk til Cecilie. Ho veit at Cecilie er nokså sterkt påverka av alkohol etter at dei har delt ei flaske raudvin. Cecilie blei stansa i promillekontroll med promille på 1,1. Saka blei oppklart, og politiet ville straffe begge for promillekøyring.