Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Arbeidsrett

  1. Eit vaktselskap lyser ut stillingar. I utlysinga blir det stilt krav om at søkjarane må vere etnisk norske sidan dei som blir tilsette, skal tryggleiksklarerast. Det er vesentleg enklare å få tryggleiksklarering for etnisk norske personar.
  2. Eit sjukehus er på jakt etter sjukepleiarar som kan snakke framandspråk, og stiller krav i stillingsannonsen om at berre spansktalande personar med godkjend sjukepleiarutdanning vil bli vurderte. Søkjarane må gå gjennom og bestå norskkurs før dei kan jobbe. Mange protesterer på utlysinga og meiner ho er diskriminerande mot andre aktuelle søkjarar som ikkje er spansktalande.
  3. Ei stilling som vaktmeister ved ein kristeleg vidaregåande skule blei lyst ledig. Skulen blei driven med støtte frå offentlege midlar. Under eit jobbintervju blei mellom anna desse spørsmåla stilte til søkjarane:

    Du skal vurdere om spørsmåla er i strid med føresegner i arbeidsmiljølova eller likestillings- og diskrimineringslova.
    1. Kor gammal er du?
    2. Er du mann eller kvinne?
    3. Er du lesbisk eller homofil?
    4. Trur du på Gud?
    5. Kva meiner du om «fri abort»?
    6. Driv du jamleg med mosjon?
    7. Røykjer du?
    8. Har du ungar?
    9. Har du planar om å få ungar?
    10. Er du gift?
    11. Stemmer du på Kristeleg Folkeparti?
  4. A blei tilsett som gravemaskinførar for ein graveentreprenør 1. januar 2017. Det står i tilsetjingskontrakten at A er tilsett på prøve i seks månader, men elles ingenting om avslutting av arbeidsforholdet. Entreprenøren har mellom anna fått ein del av eit oppdrag med å byggje motorveg på ei bestemt strekning. Vegarbeidet er venta å ta to år.
  5. Harald Bakke blei tilsett 1. januar 2015 som profesjonell sjakkspelar i sjakklubben Gambit for ein periode på to år. Løna er kr 500 000 per år pluss bonus for vunne kampar og turneringar. I løpet av 2016 tapte han alle kampane sine, og leiinga ønskte ikkje lenger å halde fram arbeidsforholdet.
  6. Lektor Inger Tertnes er fødd 9. oktober 1966 og blei tilsett som assisterande rektor ved Smalvik vidaregåande skule 1. august 2007. Ho blir sakleg sagd opp frå stillinga si 15. august 2017. Kva er den siste arbeidsdagen til Inger?
  7. Mads er blitt fast tilsett på prøve som ekspeditør i ei daglegvareforretning. Arbeidsgjevaren ønskjer allereie etter ei veke å avslutte arbeidsforholdet fordi Mads hadde kome ein halv time for seint to gonger etter å ha forsove seg. Kva for ei løysing er mest i samsvar med gjeldande rett?
  8. Anita (19 år) har fått mellombels jobb som tryggleikskontrollør i moroparken Tusenfryd med start 1. mai. Arbeidsforholdet skal avsluttast 1. oktober same året. 17. mai blei ho teken i promillekontroll, og kort tid seinare blei ho dømd til tre vekers fengsel som skal sonast i juli same året. Arbeidsgjevaren ønskjer derfor å avslutte arbeidsforholdet hennar.
  9. Ei bedrift skal seie opp ein tilsett fordi ny datateknologi har gjeve overtalige medarbeidarar. Desse personane kan bli sagde opp:

    Vel kven som skal seiast opp. Valet skal vere mest mogleg i samsvar med gjeldande rett.

  10. Caroline hadde ubetalte rekningar på kr 2000. Ho lånte derfor kr 2000 frå kassen i ei daglegvareforretning der ho jobba som kassebetjent. Forholdet blei oppdaga før ho fekk lagt pengane tilbake.
  11. Anders Brink er tilsett som advokat på eit juridisk kontor i ein bank. Ein dag skjelte han ut dommaren under ei rettssak. Det førte til at advokaten mista advokatløyvet sitt for eitt år. Deretter blei han sagd opp frå jobben fordi han i eitt år ville vere ute av stand til å oppfylle arbeidsplikta si etter arbeidsavtalen.