Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 146

  1. Kva betyr uskifte?

    Skifte betyr dele eller bytte. Dødsbuet blir skifta ved at eigedelar og verdiar blir overleverte eller utbetalte til nye eigarar. Uskifte betyr at eigedelane og verdiane ikkje blir fordelte til arvingane (enno). Fordelinga blir utsett.

  2. I kva for tilfelle og på kva vilkår kan attlevande ektefelle overta felleseige uskifta med andre arvingar til førstavdøde etter lova?

    Uskifteretten gjeld overfor førstavdøde sine «arvinger etter loven», jf. § 9(1), det vil seie arvingar i første og andre arveklasse. Attlevande ektefelle er einearving i forhold til slektningane i tredje arveklasse, jf. arvelova § 6(2), og da er det ikkje behov for uskifte. Uskifteretten gjeld ikkje i forhold til testamentsarvingane fordi dei ikkje er arvingar etter lova.

    Uskifterett til felleseige gjeld ubetinga i forhold til felles livsarvingar eller avkom etter dei. Uskifteretten gjeld ikkje i forhold til særkullsbarn til avdøde, jf. § 10, med mindre dei gir samtykke. Uskifteretten gjeld også i forhold til foreldre eller avkom etter dei, jf. arvelova § 9(1).

  3. I kva for tilfelle og på kva vilkår kan attlevande ektefelle overta særeige uskifta med andre arvingar til førstavdøde etter lova?

    Uskifterett til særeige krev samtykke frå arvingane eller heimel i avtale, jf. ekteskapslova §§ 43 og 42(3). Ved avtale i medhald av ekteskapslova § 42(3) vil særeige bli behandla som felleseige når ein av ektefellane døyr, det vil seie at den attlevande får rett til uskifte.

  4. Kva rådvelde har attlevande ektefelle over uskiftebuet?

    Ein attlevande ektefelle som sit i eit uskifta bu, råder som ein eigar over alt som høyrer til uskiftebuet, jf. arvelova § 18. Attlevande ektefelle har så å seie full disposisjonsrett over formuen og kan til dømes selje huset, kjøpe ei mindre leilegheit og bruke pengane som blir til overs, til eine formål.

    Den lengstlevande kan ikkje gi bort fast eigedom eller andre gåver som står i misforhold til midlane i buet, jf. arvelova § 19. Det kan derfor bli eit spørsmål kor stor ei gåve må vere for å stå i misforhold til buet. Rettspraksis er sprikjande og uklar om spørsmålet. I RG-1991-675 gav attlevande bort ein bil som utgjorde 29 % av verdien av buet. Gåva vart omstøytt. I andre tilfelle har gåver til ein verdi av 20 % av verdien av buet vorte godtekne.

  5. Kva slags hendingar fører til at uskiftebuet skal skiftast?

    Med mindre attlevande vel å skifte før (§ 24(1)), vil uskiftebuet bli skifta når han eller ho døyr. Retten til uskifte fell bort dersom attlevande ektefelle gifter seg på nytt, jf. arvelova § 23.

  6. Kva reglar gjeld for deling av eit uskiftebu som berre består av felleseige?

    Eit uskiftebu skal i medhald av arvelova § 26 skiftast mellom to arvegrupper når den lengstlevande døyr. Felleseiget skal delast likt mellom dei to arvegruppene. Dersom ektefellane berre hadde felles barn, blir oppgjeret enkelt. Dei same barna høyrer til begge arvegruppene, og realiteten er at dei deler heile skiftebuet likt i medhald av arvelova § 1.

    Dersom begge ektefellene hadde særkullsbarn og ingen fellesbarn, vil den eine arvegruppa dele farsarven, og den andre arvegruppa vil dele morsarven. Arvingane kan ikkje krevje skeivdeling, jf. ekteskapslova § 77.

    Dersom arvingane er både særkullsbarn og felles barn, vil fellesbarna høyre til begge gruppene, mens særkullsbarna høyrer til anten fargruppa eller morgruppa.

    Dersom uskiftebuet skal skiftast mens den lengstlevande lever, får han eller ho arverett i førstavdøde sin del, i medhald av § 6.