Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 142

3.3.1

  1. Ektefellen har etter § 6(1) første og andre setning krav på det største beløpet av ¼ av dødsbuet og 4G. I dette tilfellet blir 4G sett til kr 400 000, mens ¼ utgjer kr 200 000. Ektefellen har derfor krav på kr 400 000. Dei to døtrene deler resten i medhald av § 1 og får kr 200 000 kvar.

  2. Ektefellen har i medhald av § 6(1) krav på kr 400 000, jf. det som er sagt under punkt a. Resten, kr 400 000, skal delast på fire greiner i medhald av § 1. Dei tre barna som er i live, får kr 100 000 kvar. Dei fire barnebarna deler delen til den avdøde dottera og får kr 25 000 kvar.

  3. Ektefellen har i medhald av § 6(1) tredje setning rett til det høgaste beløpet av halvparten av arven og 6G. I dette tilfellet blir 6G sett til kr 600 000. Resten, kr 200 000, skal gå til arvingane. I dette tilfellet skal arven fordelast på to greiner, ei til morssida og ei til farssida. Det er opplyst at mora lever. Det må vi forstå slik at faren ikkje er i live. Arvedelen til faren går derfor til dottera (søstera til den avdøde), jf. § 2. Resultatet blir at mora og søstera arvar kr 100 000 kvar.

  4. Fetteren høyrer til tredje arveklasse. Ektefellen til den avdøde sonen har ikkje arverett etter den avdøde. Arven skal derfor fordelast i medhald av § 6(2). Det vil seie at ektefellen arvar alt, kr 800 000.

  5. Den fråseparerte ektefellen har ikkje arverett, jf. § 8. Heile arven skal derfor delast mellom sonen og dottera i medhald av § 1. Dei får kr 400 000 kvar.

  6. Ektefellen har sin arverett i behald trass i det brotne samlivet. Det er berre separert ektefelle som taper arverett etter § 8. Ektefellen har derfor krav på 4G, kr 400 000, i medhald av § 6(1). Resten, kr 400 000, skal delast på tre greiner i medhald av § 1. Dei to døtrene som er i live, arvar kr 133 333 kvar. Dei tre barnebarna arvar delen til den avdøde sonen og får kr 44 444,67 kvar.

3.3.2

  1. Dødsbuet er kr 790 000

    Frederik har krav på det høgaste beløpet av ¼ av dødsbuet og 4G, jf. § 6(1). ¼ av buet er kr 197 500, og 4G blir sett til kr 400 000. Frederik skal derfor ha kr 400 000. Jonas og Turid er livsarvingar og deler resten etter § 1. Dei får kr 195 000 kvar.

  2. Dødsbuet er kr 1 000 000

    4G, kr 400 000, er framleis større enn ¼ av buet, jf. § 6(1). Frederik skal derfor ha kr 400 000. Jonas og Turid deler resten likt etter § 1 og får kr 300 000 kvar.

  3. Dødsbuet er kr 3 600 000

    4G, kr 400 000, er mindre enn ¼, som er kr 900 000, jf. § 6(1). Frederik arvar derfor kr 900 000. Jonas og Turid deler resten likt etter § 1 og får kr 1 350 000.