Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 150

  1. Kva er meint med «livsdisposisjon»?

    Ein livsdisposisjon er ei rettsleg handling ein gjer mens ein lever. Eit typisk døme er vanlege avtalar om kjøp og sal, eller gåver. Slike disposisjonar følgjer av den alminnelege avtalefridommen, og det blir normalt ikkje stilt formkrav.

  2. Kva er meint med «dødsdisposisjon»?

    Ein dødsdisposisjon er ei rettsleg handling som bestemmer kva som skal gjerast med det du etterlèt deg når du døyr. Slike disposisjonar er ugyldige dersom dei ikkje tilfredsstiller formkrava i arvelova § 49, eventuelt § 51. Den mest typiske dødsdisposisjonen er å skrive testament, jf. § 48.

    Disposisjonar som har verknader for ein person mens han eller ho lever, blir rekna som livsdisposisjon. Ein avtale om omsorg i alderdommen blir rekna som livsdisposisjon sjølv om betalinga er å få noko av den formuen som skal delast etter døden, sjå RT-1963-540 Pleiedommen. På den andre sida kan gåver som er gitt på dødsleiet, bli rekna som dødsdisposisjon, jf. arvelova § 35.

  3. Kva rettsleg konsekvens har det å stemple ein disposisjon som dødsdisposisjon?

    Dødsdisposisjonar krev testamentsform, jf. mellom anna arvelova § 49.

  4. I kor stor grad krevst det testament for å gi gåver før døden?

    Gåver som skal oppfyllast etter døden, er dødsdisposisjonar som krev testament. Gåver som er fullbyrda, men gitt på dødsleiet, blir også rekna som dødsdisposisjon, jf. arvelova § 35.

    To vilkår må vere oppfylte for at ein person er på dødsleiet. Det må for det første vere høg risiko for at vedkommande døyr i nærmaste framtid. For det andre må vedkommande vere klar over at døden er nær. Rettspraksis tyder på at «nærmaste framtid» berre er nokre få månader unna. Det finst inga eksakt tidsgrense, men det blir hevda i teorien at grensa er rundt seks månader.