Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 132

  1. Kva er meint med arvefall?

    Arvefall er nemninga på det tidspunktet at kravet frå arvingane på arv kan gjerast gjeldande. Det skjer normalt i dødsaugneblinken, jf. arvelova § 71.

  2. Kva for rettslege verknader har arvefallet?

    Arvefallet har først og fremst noko å seie for kven som høyrer til krinsen av arvingar. Etter § 71 er det berre dei som lever eller er avla ved arvefallet, som har rett til arv. Samstundes vil det oppstå eit dødsbu som trer i staden for avdøde. Dødsbuet er eit rettssubjekt (juridisk person) med rettar og forpliktingar.

  3. Kva er meint med arvelatar?

    Arvelatar er den personen som døyr og etterlèt seg formue som arvingane skal dele.

  4. Kva er meint med dødsbuet?

    Dødsbuet er nemninga på dei verdiane og dei eigedelane som arvelataren har etterlate seg. Dødsbuet er også ein eigen juridisk person som trer inn i rettane og forpliktingane til avdøde. Omgrepet dødsbu har derfor ei dobbel tyding. Av og til er det berre sikta til dei verdiane som avdøde etterlét, andre gonger er det sikta det til dødsbuet som juridisk person, som kan eige eigedelar og rettar og ha forpliktingar. Dødsbuet som juridisk person kan til dømes reise søksmål for å få fastslått kva avdøde eigde, eller for å drive inn gjeld. Dødsbuet som juridisk person er mellom anna forplikta til å betale den eventuelle skattegjelda til avdøde. Dødsbuet oppstår i dødsaugneblinken.

  5. Kva er meint med arving, loddeigar og legatar?

    Arvingar er dei som har krav på ein del av nettoverdien i dødsbuet. Nokre av dei har krav på ein brøkdel (lodd) av buet, og dei er kalla loddeigarar.

    Arving som er tilgodesett i testament med eit bestemt beløp eller ein bestemt eigedel, er kalla legatar.

  6. Kva er meint med skifte?

    Skifte er nemninga på den rettslege prosessen som skjer når dei ulike eigedelane i dødsbuet blir fordelte til arvingane. Dødsbuet eksisterer ikkje lenger når delinga er gjennomført. Reglane om korleis arven skal bli gitt over til arvingane, står i skiftelova. Ein skil mellom offentleg og privat skifte. Ved privat skifte deler arvingane arven utan offentleg innblanding. Ein føresetnad for privat skifte er at ein eller fleire arvingar tek ansvar for gjelda til avdøde. Ved offentleg skifte tek det offentlege ansvar for delinga. Det heile blir styrt av tingretten (skifteretten).